Hopp til innhold

Utval skal hindre cruise-katastrofar

Havariet til cruiseskipet «Viking Sky» på Hustadvika i mars vart ein vekkar for regjeringa. No vil dei gå igjennom heile beredskapen knytt til cruisetrafikken.

Viking Sky

HAVARI: Beredskapen i Noreg blei sett på ei stor prøve under havariet i mars.

Foto: Åse Grete Farstad

– Dette minna oss på det enorme omfanget ei alvorleg hending med eit cruiseskip kan ha, seier samfunnssikkerheitsminister Ingvil Smines Tybring-Gjedde (Frp).

Regjeringa set difor ned eit utval som skal sikre at beredskapen toler den auka cruisetrafikken langs norskekysten.

Vil ansvarleggjere

Det var 1373 personar om bord då «Viking Sky» fekk motorstopp i full storm på eit av dei mest verutsette havstykka i Noreg. 470 personar blei evakuerte med helikopter i ein svært omfattande redningsaksjon.

Skipet var svært nær å gå på grunn, men katastrofen blei avverja i siste liten då mannskapet fekk i gang ein av fire motorar.

Ingvil Smines Tybring-Gjedde

Ingvil Smines Tybring-Gjedde

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Tybring-Gjedde er opptatt av at kaptein og reiarlag må ta sin del av ansvaret for beredskapen om bord når dei vel å legge ut på ferd langs norskekysten, men samtidig meiner ho den norske beredskapen er den beste i verda.

– Likevel vil vi få store utfordringar dersom det skjer to hendingar som «Viking Sky» samtidig, seier ho.

Skal gi meir kunnskap

Det er ikkje klart kven som skal sitte i utvalet, eller kva det konkrete mandatet blir. Det er det no samfunnssikkerheitsministeren i samråd med næringsministeren, samferdselsministeren og finansministeren som skal utarbeide.

Utvalet regjeringa no vil sette ned, skal vurdere tryggleik og beredskap knytt til cruisetrafikk. Dei skal kartlegge omfanget av trafikken, og sjå på korleis dette vil utvikle seg i framtida.

Etter den dramatiske situasjonen på Hustadvika i mars har dei fleste involverte gjennomført grundige evalueringar av hendinga. 1. februar skal Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) legge fram ein samla evalueringsrapport om «Viking Sky»-havariet.

Men det nye utvalet, skal ikkje levere nok ei evaluering, seier samfunnssikkerheitsministeren.

– Vi ønskjer å sjå framover, ikkje bakover. Dette skal vere eit utval som gir oss meir kunnskap, uavhengig av «Viking Sky»- hendinga, seier ho.