Hopp til innhold

Nesvik er overraska over at så mange bryt lova under hummarfiske

1. oktober starta det populære og kontroversielle hummarfisket. Så langt har det blitt beslaglagd over 1600 ulovlege teiner.

Fiskeriminister Harald Tom Nesvik og Karl Anton Lorgen i Fiskeridepartementet

Fiskeriminister Harald Tom Nesvik (Frp) blei overraska over kor mange ulovlege teiner som blei funnen under ein kontroll utanfor Ålesund laurdag.

Foto: Remi Sagen / NRK

Hummarfiske er lovleg i perioden frå 1. oktober til 30. november, nokre stader heilt til 31. desember. Likevel er det mange som bryt lova.

Karl Anton Lorgen, seksjonssjef Fiskeridirektoratet

Karl Anton Lorgen, seksjonssjef i Fiskeridirektoratet, seier at dei dagleg får tips om ulovleg fiske.

Foto: Remi Sagen / NRK

Så langt i år er det beslaglagd over 1600 ulovlege teiner. Fagfolka seier at dette truleg berre er ein brøkdel.

– Sjansen for å bli tatt er liten. Vi finn stort sett ulovlege teiner kvar gong vi er ute og vi får stadig tips, men vi har lite ressursar til å følgje opp.

– Vi treng meir ressursar og eit klarare regelverk, seier Karl Anton Lorgen, seksjonssjef i Fiskeridirektoratet.

Bestanden går sterkt tilbake

Laurdag var fiskeriminister Harald Tom Nesvik (Frp) med då Fiskeridirektoratet søkte etter ulovlege teiner utanfor Ålesund. Etter kort tid oppdaga dei teiner som hadde manglande rømningshol og fluktopningar: ein hadde stripsa igjen hola, ein annan var utan bomullstråd, ei hadde nylontråd og to teiner mangla dei pålagde fluktopningane på minst 60 milimeter.

– Nesten femti prosent av dei vi har sjekka er ulovlege, det er overraskande. Det er eit enkelt regelverk, enkelt å registrere seg og ei periode der ein kan fiske lovleg. Det er nedslåande.

Fiskeriminister Harald Tom Nesvik

Fiskeriminister Nesvik seier det er viktig å bygge opp igjen hummarbestanden.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Kvifor er dette alvorleg?

– Det er alvorleg fordi det også handlar om å ta vare på bestanden og bygge den opp igjen, seier fiskeriministeren.

Hummaren er på Noreg si raudliste over trua artar, og WWF og Naturvernforbundet har lenge åtvara mot ein minkande bestand. I 2008 blei det innført strengare regler for hummarfiske, med auka minstemål, freding av rognhummar og krav om fluktopning i alle hummarteiner. I 2018 kom eit nytt pålegg om korleis teinene skal lagast. Dette for å forhindre at tapte hummarteiner blir liggande og fange hummar som ikkje kjem seg fri.

Men undersøkingar som Havforskingsinstituttet (HI) har gjort viser at trass i at det er innført fleire restriksjonar, så blir det færre humrar i havet. Nesvik seier at det kan bli behov for strengare reaksjonar.

– Eg blir med mannskapet ut på slike turar for å sjå korleis det fungerer og om det er nødvendig med fleire restriksjonar.

Men Nesvik meiner at ein må gi dagens regelverk tid til å virke.

– I dag får ein både bot og inndradd teinene sine. I tillegg kan ein også få andre reaksjonar. Og så får vi sjå etter kvart om det trengst fleire tiltak, seier han.

Fiskeriminister Harald Tom Nesvik er med Fiskeridepartementet på

Så langt i år har det blitt beslaglagd over 1600 ulovlege teiner. Fagfolk meiner at dette berre er ein brøkdel av dei ulovlege teinene som finst.

Foto: Remi Sagen / NRK

Håper kontrollar hindrar lovbrot

Fiskeridirektoratets inspektør og toktsjef, Jørgen Ree Wiig

Jørgen Ree Wiig, toktsjef i Fiskeridirektoratet, speida etter ulovlege teiner utanfor Ålesund. Dei håper at stadige kontrollar fører til f

Foto: Remi Sagen / NRK

Teinene som blei tatt opp i Valderhaugfjorden på Sunnmøre laurdag blir destruert og fangsten fekk ein ny sjanse. Eigarane blir meldt til politiet og truleg bøtelagt. Fiskeridirektoratet håper at kontrollane kan føre til færre lovbrot.

– Dersom fleire følgjer lova så aukar det sjansen for at vi kan ha ein berekraftig hummarbestand også i framtida, seier Jørgen Ree Wiig, toktsjef i Fiskeridirektoratet.