Nedbrytbare fiskegarn skal få slutt på spøkelsesfiske

Garn på avvege som står og fangar fisk er eit stort problem, men no kan SINTEF-forskarar ha funne løysinga. Nedbrytbare garn som løyser seg opp i sjøen kan få slutt på spøkelsesfisket.

Spøkelsesfiske

Gamle nylongarn forsøplar, og kan fange fisk opptil 15 år etter fiskarane mistar dei.

Foto: Glenn Ivar Tønnessen

Prosjektleiar og seniorforskar i SINTEF, Eduardo Grimaldo står i spissen for eit forskningprosjektet.

– Hovudmålet er å utvikle biologisk nedbrytbare garn til bruk i det norske garnfiskeriet med minst like gode fiskeeigenskapar som konvensjonelle nylongarn. Vi håper på eit ferdig produkt mot slutten av året, seier Grimaldo.

Eduardo Grimaldo jobbar med å utvikle nedbrytbare biogarn.

Seniorforskar i SINTEF Eduardo Grimaldo meiner biogarna har stort potensial til å bli eit alternativ til nylongarn.

Foto: SINTEF

Prosjektet er eit samarbeid med Sør-Koreanske Samsung Fine Chemicals (SFC). I Sør-Korea blir garnet brukt av 500 fartøy, og vurdert som like gode garn som dei tradisjonelle nylongarna.

Evig garnjakt

Kvart år har Fiskeridirektoratet ei årleg oppreinsking langs norskekysten. Sidan 1984 har det blitt henta opp om lag 19.000 fiskegarn av nylon. Når fiskarane mistar garna er dei vanskeleg å ta tak i og nesten umogleg å finne igjen.

Fiskinga går føre seg heilt ned på 1000 meters djup. På grunn av sterk straum og vind, eller mangel på utstyr til å plukke dei opp blir dei liggande der

Spøkelsesfiske og mikroplast

Grimaldo påpeikar at det er to konsekvensar av nylongarna som blir brukt i dag.

– Det første er at garna fortset å fiske i 10–15 år etter at dei hamnar i havet, ein unødvendig bruk av ressursar. Det andre er at nylon ikkje brytast ned, det er plast som ligg i botnen av sjøen og forrurensar, og endar opp som mikroplast, seier Grimaldo.

Dei nye bio-garna viser potensial til å bli eit alternativ til konvensjonelle nylongarn, spesielt i fiskeria der sesongane er korte, som i torsk- og blåkveitefiske.

Spøkelsesgarn i Nord Noreg

Spøkelsesgarn blir her henta opp i Nord Noreg.

Foto: Fiskeridirektoratet

Algar og bakteriar

Dei nedbrytbare fiskegarna er laga av eit biologisk materiale som blir spist av bakteriar og algar i sjøen.

– Dess fleire bakteriar og algar du har, og jo varmare temperatur det er, dess fortare går prosessen, fortel Grimaldo.

Dei nyaste prøvene viser at det berre tar eit år før biogarnet blir brotne ned, når garnet ligg stille og konstant er i sjøen. Når ein fiskar med garna, blir det ei mekanisk påkjenning, der bruk og slitasje akselererer prosessen.

– Garna vi har brukt på sjøen, mistar om lag 30 % av styrken sin på to månader, fortel Grimaldo.

Fornøgde forsøksfiskarar

Kystfiskebåten MS Skreigrunn testa biogarna tidleg 2016, det første året prosjektet var i gang. Skipper Geir Helge Tøllefsen meiner det var like god kvalitet på biogarna som på nylongarna dei elles brukar.

– Eg har ingen problem med å kjøpe slike garn, fiskerimessig. Styrke og slitasje var det ikkje noko problem med. Den opplevinga vi hadde, på den tida vi bruken dei, var det ingen problem, fortel Tøllefsen.

Samstundes har Tøllefsen forventningar om varigheita til garna.

– Vi brukar garn gjennom to sesongar før vi skiftar dei, skal ein få nedbrytbare garn som er brote ned på eit år er det for lite. Vi testa dei berre ein månad, så da var ikkje nedbrytingsprosessen starta, seier Tøllefsen.

Biogarn blir testa ombord MS Skreigrunn

Nedbrytbare fiskegarn vart testa av MS Skreigrunn.

Foto: SINTEF

Vatn og Co₂

SINTEF har gjort nøye testar for å sikre seg at materialet ikkje blir til mikroplast. Materialet har blitt lagt i flasker, der ein har fylt på med bakteriar.

– Alt tydar på at materialet ikkje blir til mikroplast, men vi held framleis på med det. I dei forsøka vi har gjort med bakteriekultur, et bakteriane opp materialet. Resultatet vi sitt igjen med til slutt er vatn og Co₂, så det er ikkje mikroplast i det, og det er veldig bra, seier Grimaldo.