Hopp til innhold

Avslørte ulovleg fiske langs kysten: – Vi reagerer strengt på det

Kystvakta har gjort fleire beslag av ulovlege hummarteiner i skjergarden mellom Lillesand og Hvaler.

Beslag gjort av Kystvakten

Det blei gjort fleire beslag av både hummar og kreps.

Foto: Kystvakten

– Dette er gytefelt for torsk kor all fiske er forboden ut april. Så det er jo litt skuffande, for det er jo godt kommunisert.

Det seier skipssjef i KV Nornen Stig André Salt Svanevik.

Dei siste vekene har kystvaktskipet KV Nornen kontrollert strekninga med gytefelt frå Lillesand og opp til Hvaler.

Der fann dei fleire ulovlege teiner.

– Det blei gjort ein del beslag av både krepseteiner og hummarteiner. Vi reagerer strengt på det. Dette er viktige område for kysttorsken som er pressa, seier Svanevik.

Kystvakten på kontroll

Fleire stader langs kysten av Agder har blitt kontrollert av Kystverket.

Foto: Kystvakten

Blir meld til politiet

Ulovleg fiske kan bli straffa med bøter.

Klarer dykk å finne fram til kven som eig teinane?

– Det kjem litt an på. Det er jo krav til merking av teinane og reiskap, men det er klart når det dreier seg om ulovleg fisk, så er det jo ikkje sikkert dei merker teinane. Då blir det opp til politiet å etterforske saka.

Og også desse beslaga blir meldt til politiet.

– Dette blir meldt til politiet og det kan straffast med ganske høge bøter, seier Svanevik.

Menn med redningsvest foran en haug av tømmerstokker

Kystvakta har jamleg kontroller langs kysten av Sørlandet. Stig André Salt Svanevik åtvarar om høge bøter dersom du blir tatt for ulovleg fiske.

Foto: Lars Håkon Pedersen/NRK

Finn hummarteiner heile året

Politiet i Agder seier at det ikkje er uvanleg å finne hummarteiner utanom sesong.

– Vi ser at det takast opp teiner med 60 mm fluktopning gjennom heile året, seier Henrik Jortveit.

Han arbeider med miljøkriminalitet i politiet i Agder og oppmodar fiskarar til å sjekke reglane.

– Når ein skal drive med kystfiske så er det viktig at ein setter seg ordentleg inn i regelverket.

Ifølgje politiadvokat Ole Martin Paulsen blir dei fleste slike saker bøtelagt frå 6000 kroner og oppover, avhengig av antal teiner og lovbrot.

Dersom teinar setjast ut i fredningsområder vil dette straffast noko strengare, seier Paulsen.

I tillegg til bøter medfører desse sakene også normalt inndraging av reiskapen ein har nytta.

Anbefaler app

I nokre tilfelle trur Svanevik at fiskarar gjer seg til lovbrytarar fordi dei ikkje sjekkar utstyret godt nok.

– Det er diverre slik at når ein kjøper ei teine i butikken i dag, så trur ein kanskje at det er ei krabbeteine, og kanskje står det til og med på, men så er det ei hummarteine. Det er difor viktig at ein sjekkar fluktopningane på teina.

Han har i tillegg eit godt råd til dei som er tvil om kva for regler som gjeld i skjergarden.

– Mantraet vårt er at alle som skal fiske må laste ned fritidsfiske-appen. Der er det veldig lett å sette seg inn i det regelverket som gjeld rundt fritidsfiske, seier Svanevik.

Beslaglagte teiner.

Ifølgje politiet dukker det opp hummerteiner som er satt ut ulovleg gjennom heile året. Her fra eit tidlegare beslag.

Foto: Oda Flatnes / NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,17 kr
Dyrest kl. 08 2,04 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,9 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %