Hopp til innhold

Meiner helseføretaka bør bli granska

Stortingsrepresentant Jenny Klinge frå Senterpartiet meiner eit uavhengig organ bør sjå på prosessane i Helse Møre og Romsdal og Helse Midt-Norge.

Jenny Klinge

Stortingsrepresentant Jenny Klinge frå Senterpartiet meiner dei to helseføretaka Helse Møre og Romsdal og Helse Midt-Norge bør bli granska av ein uavhengig part.

Foto: Bernt Sønvisen

Klinge meiner det har vore så mykje uro og påstandar om hemmeleghald i helseføretaka at dette bør undersøkast.

– I ei slik avgjerd er alle tent med at det er mest mogleg ro og tillit til saka. No er situasjonen såpass uoversiktleg at eg håpar ein kan gå inn i saka og sjå på kva som har skjedd før ein tek avgjerda, seier ho.

På to månader har dei ni styremedlemane i Helse Midt-Norge hatt ti møte. Fem av møta har vore på telefon, to i Oslo og to i Namsos.

Offentlegheita har vore orientert om berre tre av desse møta på førehand, medan sju av møta har vore stengde for pressa. Eit fellesseminar med Helse Nord-Trøndelag blei også arrangert.

Snarleg avklaring

Ola H. Strand

Ti gonger har styreleiar Ola. H. Strand samla styret sitt. Sju av gongene utan at offentlegheita fekk vere til stades.

Foto: Cornelius Poppe / SCANPIX

Klinge meiner det snarast må kome ei avklaring om kva som har skjedd i prosessane rundt sjukehussaka.

– Helst burde ein fått skikk på dette så snart som råd. Her skal det takast ei kjempeviktig avgjerd om plassering av eit nytt sjukehus, seier ho.

Ifølgje Klinge er det naturleg at nokon utanfrå går inn og ser på dei prosessane som har gått føre seg i Helse Møre og Romsdal og Helse Midt-Norge.

– Det er nødvendig for å få fram ting som no ligg skjult. Eg tenker det er viktig å sjå både på kva som har skjedd internt i helseføretaka, men også mellom regjering og helseføretaka, seier ho.

– Innbyr ikkje til tillit

Klinge reagerer på praksisen i Helse Midt-Norge der sju av ti møte har vore hemmelege.

– I utgangspunktet skal alle slike møte vere opne. Dette er ikkje eit privat næringsliv som skal ha møte i lukka rom. Dette er eit styre som har eit viktig oppdrag på vegner av folket, og då skal det ikkje vere slik at eit fleirtal av møta går for lukka dører, seier stortingsrepresentanten.

Ho understrekar at helseføretaka likevel i enkeltsaker kan velje å lukke dørene når teieplikt eller andre grunner som med heimel i lov opnar for det. Klinge meiner at helseføretaka bør vise meir openheit i saker med stor offentleg interesse.

– Det har vore ein spesiell situasjon i føretaket. Men regelen er at eit møte skal vere ope, og ein av grunnene til det er det viktige samfunnsoppdrag dei har, seier Klinge.

Ho meiner det er viktig at resten av prosessen i sjukehussaka skjer i opne rom.

– Opne møte skapar ein meir truverdig prosess og tillit til styret, seier Klinge.