Hopp til innhold

Maskinistmangel i fiskeflåten

Fiskeflåten står i fare for å mangle sertifiserte maskinistar dersom næringa ikkje fokuserer meir på rekruttering.

Landligge for fiskeflåten

Tretti prosent av dagens maskinistane nærmar seg pensjonsalderen. Det betyr at utan skikkeleg rekruttering, risikerer fiskebåtar å bli heldt tilbake fordi dei ikkje har tilstrekkeleg sertifisert personell om bord.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Kvar tredje maskinist på fiskebåt nærmar seg pensjonsalderen, det viser ei undersøking frå Fiskebåt og Maritimt Kompetansesenter.

Men for å få unge som tar utdanning til å bli maskinistar på fiskebåtar, er det viktig at næringa sjølv skaffar praksisplassar. Avdelingsleiar Paul Gustav Remøy i Fiskebåt er fryktar maskinistmangel dersom næringa ikkje gjer noko.

– Det er rett og slett reiarlaga sjølv som må ta initiativ og knytte til seg dei som skal bli offiserar og som skal ha ei praksisperiode etter det, seier Remøy.

Stort behov for maskinistar

Så langt har det gått greitt å skaffe styrmenn og skipperar som har hatt praksistida i store reiarlag. Små fiskebåtreiarar har på si side hatt problem med å ta om bord kadettar, og det har særlig gått ut over rekrutteringa til maskiniststillingar på fiskebåtar.

Paul Gustav Remøy

Paul Gustav Remøy meiner reiarlaga må ta initiativ til å betre rekrutteringa.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Vi treng maskinistar som er dedikerte til å drive med fiskeri og som har kunnskap om å vere på ein fiskebåt. Det er noko forskjell mellom å jobbe på ein fiskebåt og anna maritim drift, seier Remøy.

Tretti prosent av dagens maskinistar nærmar seg pensjonsalderen.

Det betyr at utan skikkeleg rekruttering, risikerar fiskebåtar å bli heldt tilbake fordi dei ikkje har tilstrekkeleg sertifisert personell om bord.

– Når vi ser alderen på dagens maskinistar så er det mange av dei som snart «går ut på dato». Då er det veldig viktig å få inn nye folk, og det må reiarlaga byrje å planlegge ganske fort, seier Remøy.