Hopp til innhold

Satsar på fisketransport til sjøs

Tusen av vogntog kan forsvinne frå vegane om fisketransporten blir flytta frå veg til sjø.

Skreifiske 2015 i Senja

Illustrasjonsfoto: Styresmaktene har signalisert at dei vil ha sjømateksporten over på sjøen.

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Vogntog fulle av fisk fyller opp vegane. Det er venta ein kraftig auke i fiskeproduksjonen, og styresmaktene har signalisert at dei vil ha sjømateksporten over på sjøen.

Kysthamnalliansen i Midt-Noreg arbeider aktivt for å få fisken over på sjøen.

– Nye utrekningar viser at dette er lønsamt, sparer tid og er miljøvennleg, seier hamnefut Arnt Honstad i Kristiansund.

Konkurransedyktig

I dag skal hamnefogden i Kristiansund orientere samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) om satsinga i Midt-Noreg.

Arnt Honstad

Hamnefut Arnt Honstad i Kristiansund meiner det er meir lønsamt å transportere fisken på sjøen i staden for land.

Foto: Privat

– Vi har bevist at ruta er konkurransedyktig både på tid og pris, faktisk billigare, seier han.

Kysthamnalliansen i Midt-Noreg vil satse på båt frå Trøndelag til Danmark to gonger i veka. Honstad er aktivt med i arbeidet, og meiner dette er framtida.

– Vi har gjennomført eit stort prosjekt for å få gods frå veg til sjø, og vi satsar på å køyre to båtar dagleg ut av regionen og mot kontinentet. Det betyr nærare 10.000 færre trailerar på vegane i året, seier Honstad.

Omfattande prosess

Honstad trur bransjen vil kome på banen når dei ser resultata.

– Er fiskeeksportørane og bransjen innstilt på å få tungtransporten vekk frå vegane?

– Dei har vore involvert i prosessen, og vi har fått både positive og negative tilbakemeldingar. Dei har eit godt innarbeidd system som fungerer, men dei er positive, og eg trur at dersom dei kan spare pengar på båt, så vil dei velje det, seier Honstad.

Då statsråd Ketil Solvik-Olsen besøkte Nordmøre i dag, understreka han at regjeringa ser det som si oppgåve å få meir gods over på sjø eller jarnbane.

– Vi har jo fram ein nasjonal hamnestrategi der målet nettopp er å samle meir gods i hamnene og gjere det meir attraktive. Alle prosjekt som er med på å få gods over til sjø eller jarnbane er velkomne, seier Solvik-Olsen.

Tom Cato Karlsen t.v. og Ketil Solvik-Olsen

Statsråd Ketil Solvik-Olsen fekk både svele og informasjon om ulike samferdsleprosjekt då han var på ferja mellom Halsa og Kanestraum i dag.

Foto: Roar Halten / NRK

Samferdselsministeren sa regjeringa har gjort grep for å få hamnene til å samarbeide betre slik at det kan bli eit meir slagferdig tilbod innan skipsfrakt. Han viste også til at det er teke grep for å redusere avgiftene for skip, og gjere særleg dei miljøvennelege, meir konkurransedyktige.

– No jobbar vi opp mot budsjettet for 2016 for å kunne få ein endå større avgiftsreduksjon og forbetra konkurranse, seier Ketil Solvik-Olsen.