Hopp til innhold

–Kystfiskaren er i ferd med å døy ut

Opp klokka fem. På med kjeledressen. Ut på fjorden. Sidan 1987 har Leif-Tore Dypvik frå Sula hatt eigen båt. Aldri har han fått så lite igjen for fisken som no.

Leif-Tore Dybvik, kystfiskar

FANGST: Det er bra med torsk i garna til kystfiskar Leif-Tore Dybvik, men han er svært misfornøgd med prisen.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

– Det einaste som er positivt er vêret, seier kystfiskaren.

Dypvik har vore fiskar sidan han var 16 år. No lurer han på om han held ut dei siste seks åra før han blir pensjonist.

Kystfiskar Hessafjorden.

MORGONSTUND: Det er ikkje så verst å vere kystfiskar på Hessafjorden utanfor Ålesund ein slik morgon.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Krise i Europa

Det er havblikk. I det fjerne stikk Sunnmørsalpane kvite opp med rosa himmel som bakgrunn. Berre ein annan sjark er komen for å drage garn. Leif-Tore Dybvik er tidleg ute. 30 garn skal opp.

– Det er krisa i Europa som er problemet. Land som Spania og Portugal har ikkje råd til å betale for fisken. Eg har ikkje trua på at det vil betre seg med det første heller, seier Dybvik, før han startar å drage.

5,80 kroner kiloen får dei for torsken no. Så dårleg betalt har Dybvik aldri fått før.

– Det var mange fleire båtar her ute før i tida. No har dei gamle døydd ut. Kystfiskaren er ein utdøyande rase, seier han, før han tenner ein røyk og går laus på garna igjen.

Leif-Tore Dybvik

TORSKEFISKE: Leif-Tore Dypvik har ute 30 garn i Hessafjorden denne morgonen.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Vil ikkje at sonen skal bli fiskar

Det dukkar opp fleire båtar rundt sjarken til Dybvik. Himmelen blir lysare. Måsen sirklar rundt og gler seg til frukost. Leif-Tore Dybvik kjenner alle kystfiskarane i området. Det er ikkje så mange igjen.

Om bord på Sulahav skjenker han seg ein kaffi og tar seg ein røyk til. Han er sin eigen herre. Det likar han med jobben. Elles ser han mørkt på framtida til kystfiskaren.

– Enten måtte du studere, eller så vart du fiskar. Men eg får håpe sonen min ikkje gjer som, eg. Dette er det ikkje framtid i. Han må sjølvsagt gjere som han vil, men det er ikkje å anbefale. Ein blir ikkje rik av dette, seier Dybvik.

Les også:

Ikkje optimist

I dag vil han prøve å få selje torsken på kaia i Ålesund før han eventuelt går til mottaket. Prisen er høgare om han klarer å selje rett til forbrukaren.

På veg inn til land møter han kollega Terje Blomvik. Han er heller ikkje utprega optimist med tanke på framtida til kystfiskaren.

– Det er berre sorga. Når dieselprisen er det dobbelte av torskeprisen seier det seg sjølv at det ikkje er pengar i dette, slår han fast.

Terje Blomvik

KOLLEGA: Terje Blomvik er ein av kystfiskarane på Sunnmøre som er fortvila over prisutviklinga på fisk.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Færre fiskarar

Det er vanskeleg å finne ut kor mange som livnærer seg av kystfiske i Noreg i dag. Men talet på fiskarar har gått drastisk ned.

Fiskeridirektoratet viser til at det var 37 537 registrerte fiskarar i Noreg i 1973. I fjor var talet 12051. Det vil seie at om lag to tredjedel er borte på 40 år.

Leif-Tore Dybvik har stø kurs mot kaia i Ålesund. Måsane er ivrige. Båten er full av feit torsk. Vêret er fint. Livet er ikkje så verst.

– Men ungdommen skyr fiskaryrket som pesten. Det finst så mange andre jobbar, der dei får betre betalt og har finare ordningar, seier kystfiskar Leif-Tore Dybvik.

På veg til kai i Ålesund, kystfiskar.

PÅ VEG: Leif-Tore Dybvik er på veg til kaia i Ålesund. Der får han betre pris for fisken enn på mottaka.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK