Hopp til innhold

– Dette er framtida for fiskeflåten

I Skutvika i Ålesund er mannskapet i gang med å losse båten etter den mest spennande turen reiar Tore Roaldsnes kan huske.

–Vi har brukt ti millionar krioner på å utvikle verdas første miljøvennlege fryseanlegg basert på CO2. Det har vore så spennande at det nesten ikkje har vore til å halde ut, seier han.

Tore Roaldsnes

Tore Roaldsnes om bord i trålaren M/S Roaldsnes.

Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK

125 tonn med sei har trålaren M/S Roaldsnes med tilbake til Ålesund. Den er fryst og klar for levering til den lokale klippfiskindustrien. Reiar Tore Roaldsnes pustar letta ut

– Vi har hatt litt innkøyringsproblem med filter som har gått tette, men elles har alt gått heilt bra. No er all min tvil borte, eg er sikker på at fryseanlegg basert på CO2 vil bli ein seriøs utfordrar til anlegg basert på ammoniakk, seier han.

Roaldsnes

I norsk fiskeflåte fins det både større og meir prangande farty enn Roaldsnes. Men store deler av innmaten på dette fartyet er noko av det mest framtidsretta innan norsk fiskerinæring.

Foto: Pressefoto / Roaldsnes

I ei tid da fryseanlegg basert på Freon er i ferd med å bli fasa ut, så ville det naturlege valet for Tore Roaldnes vere å velje eit fryseanlegg som er basert på Amoniakk.

– Amoniakk er eit godt kuldemedium, men det er både brannfarleg og giftig for mannskapet viss man skulle få ein lekkasje. Det krev og eit ekstra rom for ventilasjon som det ikkje er plass til på denne båten. Vi ønskte å finne eit alternativ, seier han.

Han fekk med seg firmaet Kuldeteknisk AS i Tromsø og Innovasjon Norge på tanken om at det måtte gå an å få til eit innfrysingsanlegg basert på Co2 henta frå lufta også på båt. Teknologien har til no vore brukt i kjølediskar i butikk og i colaautomater, men aldri på båt.

Valderøyrederiet AS Roaldnes fekk 4,4 målliner kroner frå miljøteknologiordninga i Innovasjon Norge for å utvikle og levere nytt innfrysingsanlegg om bord i MS Roaldnes

– Utan den støtta hadde vi ikkje turt å satse på dette, seier han

No har dei fått eit meir miljøvennleg alternativ som gir ein mykje betre HMS situasjon om bord i båten.

– Samtidig har vi fått betre kvalitet på fisken og auka kapasitet, seier han.

Med det nye fryseanlegget får dei fryse ned fisken 25 prosent raskare

– Vi brukar ein time mindre tid på å fryse ned fisken enn før.

Roaldsnes

Tore Roaldsnes viser rundt i fryseanlegget på fartyet.

Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK

Tore Roaldsnes er imponert over det vesle firmaet i Tromsø Kuldeteknisk AS som har fått til dette

–Veldig flinke folk, teoretisk sterke som har klart å få til det som få før har trudd var mogleg.