Hopp til innhold

Politiet har framleis håp om å finne ein drapsmann i Espås-saka

For snart 30 år sidan blei Trude Espås funnen drepen i Geiranger. Saka er framleis ikkje oppklart, men politiet kjem ikkje til sende saka over til cold-case eininga enno.

Politijurist Yngve Skovly ved Møre og Romsdal politidistrikt.

TEKNOLOGI: Yngve Skovly har følgt Espås-saka i 27 år. Han håper at utviklinga i teknologien kan få betydning for saka.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

I august 1996 blei Trude Espås (20) funnen drepen i turistbygda Geiranger. 27 år seinare er saka framleis under etterforsking ved Møre og Romsdal politidistrikt. Likevel er det ikkje aktuelt å sende saka over til cold case-eininga i Kripos no.

– Det må eventuelt vere når vi ser at vi ikkje kjem noko lengre, seier politiinspektør Yngve Skovly.

Han har følgt saka sidan starten, og er ein av to frå den tidlegare etterforskingsgruppa som framleis jobbar i politiet.

Trude Espås

Etterforskinga av drapet på Trude Espås er ei av dei mest omfattande i norsk kriminalhistorie.

Foto: Marit Hommedal / Scanpix

Har samarbeida om saka

Skovly vektlegg likevel at dei opp gjennom åra har vore i kontakt med eininga om Espås-saka.

– Vi har hatt dialog med dei undervegs, også med tanke på at dette kan bli ei sak for dei etter kvart. Dermed har det vore naturleg å ha kontakt med dei om etterforskingsskritt.

Skovly vektlegg at dei likevel jamleg ser på saka med nye auge.

– Etter kvart som folk har falle frå etterforskinga har vi fått inn nye som har lest dokumenta frå A til Å, med eit blikk på at det kan vere ting som har gått oss forbi.

Espen Erdal, leiar for seksjon for kalde saker, bekreftar at dei har gitt råd og rettleiing til politidistriktet, men at dei ikkje har gått gjennom saka i sin heilskap. Han seier vidare at dei må ta imot ei oppmoding frå politidistriktet før dei kan gjennomgå og/eller etterforske ei sak.

Biologiske spor

Skovly fortel at politiet framleis har biologisk materiale som dei kan teste. Dei har jamleg kontakt med rettsmedisinsk og Oslo universitetssjukehus med tanke på testing av desse.

– Så langt har det ikkje gitt oss ein DNA-profil. Samtidig veit vi at teknologien er i rask utvikling, så vi kan ikkje utelukke at vi før eller sidan får noko der.

Samtidig vektlegg han at dei må gjere vurderingar rundt når og kor ofte dei skal teste.

– Vi må gjere vurderingar med tanke på når materialet skal bli testa, sidan det kan bli brukt opp ved undersøkingar. Men vi bør gjere det medan vi framleis har tru på at gjerningsmannen er i live.

Trude Espås ble funnet drept i området øverst til høyre i dette bildet

Trude Espås blei funnen død nokre hundre meter frå der ho sist var sett.

Foto: NTB-foto: Kjell Herskedal / Scanpix

Har bedd om hjelp frå Sør-Korea

Denne hausten har også eit spor frå fortida blitt aktualisert igjen. Eit reisefølge med sørkoreanske tannlegar reiste frå Geiranger med ferja i tidsrommet Trude Espås skal ha forsvunne.

– Dei passerte steinen Trude sat på omtrent då ho må ha møtt drapsmannen. Det var fint vêr den dagen og bussjåføren som køyrde dei har fortalt at dei fleste gjekk opp på soldekket på ferja. Vårt håp er at ein eller fleire av dei kan ha tatt bilde som er interessante for oss, seier Skovly.

Steinen i Geiranger

Trude Espås blei sist sett ved denne steinen like ved Geiranger sentrum. Det var siste gong nokon såg ho i live.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen

Politiet har no sendt ei rettsoppmoding til myndigheitene i Sør-Korea. Ei slik oppmoding blei også sendt like etter drapet.

– Då blei det nok enkelte misforståingar og frå Sør-Korea blei det konkludert med at ingen hadde tatt bilde. Difor har vi valt å sende ei ny og meir utfyllande oppmoding for å unngå nye misforståingar.

Det skjer mellom anna etter at TV 2 reiste dit og snakka med tannlegar som skal ha tatt bilde. I slutten av oktober bekrefta Justisdepartementet til TV 2 at norske myndigheiter har bedt sørkoreanske myndigheiter om bistand i jakta på kven som drap Espås.

Skovly seier at det er vanskeleg å vite når dei får ei tilbakemelding frå Sør-Korea, men at dei er håpefulle.

– Vi har også tilbode å sende ein politimann dit for å hjelpe til med å gå gjennom materialet. Det er ikkje sikkert at nokon har tatt bilde som viser at Trude møter gjerningsmannen, men vi kan ikkje utelukke noko. Og i ei sak som dette må ein snu kvar einaste stein.

Han viser mellom anna til at dei fekk nye tips og bilde etter å ha vore med på tysk TV.

Les også Har fått inn over 50 nye tips om Espås-drapet

Politiet stenger NRK

Har håp om å finne drapsmannen

Den dagen Trude Espås forsvann var det truleg mellom 5000 og 8000 turistar i Geiranger. I etterkant har fleire tusen personar frå ei rekke land blitt avhøyrt.

Det har også blitt gjennomgått store mengder video- og bildemateriale. Så langt har det ikkje gitt svar på kven som drap 20-åringen.

– Vi kan ikkje utelukke at ein turist står bak drapet. Men vi trur det er ein person som hadde tilknyting til området eller som ikkje kunne forlate Geiranger med ein gong etter drapet. Dette fordi det blei gjort ein så stor innsats med skjule ho under steinar, seier Skovly.

Han fortel at dei med jamne mellomrom får nye tips i saka, særleg når den har vore oppe i media.

– No ventar vi på svaret frå Sør-Korea. Det er ein av dei tinga vi konkret følger opp no. Eg har jobba med denne saka i 27 år og håper at vi får ei løysing medan eg framleis er i politiet.

Vi har også eit brennande ønske om å gi dei pårørande ei løysing, legg han til.

Les også Håper gjerningsmannen vil betro seg til noen

Politiet bærer bort avdøde Trude Espås i Geiranger

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL