Hopp til innhold

Jobbar saman for å sikre framtida

Rauma kommune og det lokale næringslivet mobiliserer no for å skape nye arbeidsplassar i ei tid der mange arbeidsplassar er trua og forsvinn frå næringslivet.

Raumakonferansen

Det lokale næringslivet og Rauma kommune var samla på Raumakonferansen onsdag.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Nettopp «Nye arbeidsplassar» var temaet for dagens Raumakonferanse.

– Det er eit tema som påverkar veldig mange kommunar, og som mange er opptatt av, det seier Ane Marte Hammerø, konferansier og prosjektleiar i «Nordveggen».

Ho fortel at kommunen har ein samfunnsplan som strekk seg frå 2014 til 2025 og som har ei målsetjing om 300 nye arbeidsplassar.

– 150 av desse skal kome i Rauma. Då er det klart at vi må mobilisere styrkane og det ser ut som folk er fornøgde. Dei har møtt opp og lyttar engasjert, så eg trur mange kan bli inspirert både til å starte opp, vidareutvikle og starte nye prosjekt, så dette er kjempespennande, seier Hammerø.

Felles målsetjing

Hammerø meiner at samspelet mellom kommunen og næringslivet i Rauma er heilt unikt.

Ane Marte Hammerø

Ane Marte Hammerø, konferansier og prosjektleiar i «Nordveggen».

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Eg har ikkje høyrt om nokon andre kommunar som har eit så tett samarbeid. Her jobbar alle mot dei same målsetjingane. Alle har ei målsetjing om nye arbeidsplassar og nye innbyggarar. Det gjer at dei tiltaka vi sett setje i verk er for å nå dei same måla, noko som gjer oss svært slagkraftige, seier ho.

Det gode samarbeidet gjer at andre kommunar no reiser til Rauma for å lære av kommunen.

– Vi ser at andre kommunar kjem hit for å sjå korleis vi gjer ting, og dei misunner dei tette banda som finst her i Rauma, seier Hammerø.

– Vi må støtte og heie på kvarandre

Ein av deltakarane på Rauma konferansen, Marianne Gjerde i Arvid Gjerde AS, meiner at det skjer mykje positivt i Rauma for tida.

Marianne Gjerde

Marianne Gjerde i Arvid Gjerde AS, meiner at det skjer mykje positivt i Rauma for tida.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Det er mykje optimisme og mange bedrifter som gjer det bra, og det smittar over på kvarandre, seier ho.

Gjerde meiner det er viktig at næringslivet kjem saman for å snakke om framtida og arbeidsplassar.

– Vi har eit felles mål om at Rauma skal vere ein bra plass å vere. Arbeidsplassar er noko av det viktigaste for å få folk til å busetje seg. Det hjelp ikkje å sitte i kvar sin krok å tenke at dette går bra, vi må jobbe saman. Eg trur det er viktig at vi får informasjon om dette og at vi støtter og heiar på kvarandre, seier ho.

Ordfører Lars OLav Hustad og Jan Erik Larsen på Raumakonferansen

Ordførar i Rauma Lars Olav Hustad meiner innovasjon er framtida.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Ordførar i Rauma Lars Olav Hustad meiner det mellom anna er viktig å satse på det private næringslivet.

– Innovasjon skapar framtida. I motsetning til andre, så trur vi ikkje at offentlege arbeidsplassar er løysinga. Det er det private næringslivet som vil skape varige verdiar, så det er der framtida ligg, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL