Hopp til innhold

Skiløpar døde etter ulykke i Rauma

Skiløparen som blei berga ut frå ei fjellside i Rauma onsdag ettermiddag er erklært død.

To politibilar står parkert ved foten av eit fjell i Rauma der det føregår ein redningsaksjon.

FLEIRE NAUDETATAR: Både politi, redningsteneste og Røde Kors rykte ut ei ulykke på eit fjell i Rauma.

Foto: Ottar Rydjord

Skiløparen som blei berga ut frå fjellet etter ei alvorleg ulykke på fjellet Tarløysa i Romsdal er bekrefta omkommen.

– Det er ein mann i midten av 30-åra som har døydd, seier operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt, Tor Andre Gram Franck til NRK.

Årsaka til ulykka er ennå ikkje avklart.

– Når vi får samanfatta dei opplysningane som vi har, vil vi kunne seie noko om kva som har skjedd, melder politiet.

Dei pårørande blir tatt vare på av eit kriseteam og familie.

Eit helikopter flyr over fjella i Rauma der ein redningsaksjon pågår.

Redningshelikopter hjelpte også til i aksjonen.

Foto: Ottar Rydjord

Sklidd ned fjellsida

Det var i 15.40-tida at politiet bekrefta til NRK at det hadde skjedd ei ulykke ved eit fjell i Rauma.

– Ein person skal ha sklidd nedover fjellsida og blitt skadd, sa Franck, operasjonsleiar i politiet.

Ulukka skjedde på fjellet Tarløysa i Rauma kommune, eit fjell på litt over 1000 høgdemeter med fleire utsette bratte parti.

Redningsmannskap blei kalla ut til staden som følgje av ulykka. Også eit redningshelikopter og Røde Kors var på staden for å hjelpe til.

Skiløparen var i eit følge på to personar då ulykka skjedde. Det var den andre personen som melde frå til naudetatane om hendinga.