NRK Meny
Normal

NHO teiknar eit delt bilete for næringslivet i Møre og Romsdal i 2016

Bedrifter innan eksport, reiseliv og turisme er optimistiske, medan oljerelaterte næringar framleis vil oppleve nedgangstider i 2016.

Torill Ytreberg

NHO i Møre og Romsdal trur 2016 blir bra for nokre sektorar, medan offshorenæringa framleis vil slite

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Det meiner Torill Ytreberg, regiondirektør i NHO.

– Det er som kjent store utfordringar i den maritime næringa. Samtidig går det veldig godt i andre delar av næringslivet, så situasjonen er veldig delt akkurat no, seier ho.

Ytreberg fortel at reiselivet tradisjonelt har vore den næringa som merker svingingane i næringslivet først. Slik er det ikkje no.

– Reiselivet har hatt eit veldig godt år som følgje av den svake krona, og dei er optimistiske i forhold til neste år. Fleire utlendingar ser til Noreg når dei planlegg ferien sin, og fleire nordmenn ferierer i Noreg, seier regiondirektøren.

Vekst i nokre bransjar

Trass i nedgangstider i nokre bransjar trur Ytreberg likevel at det er andre næringar som vil kunne vakse i det komande året.

– Vi ser at alle dei som held på med eksport vil kunne gjere det bra i 2016. Dette gjeld mellom anna fiskenæringa og møbeleksport, seier Ytreberg.

– Vi ser at desse områda har gjort det veldig bra så langt i 2015, og vi ventar vidare vekst for desse i 2016, held ho fram.

Tøffe kår for andre

Andre næringar vil truleg få det tøffare i 2016.

– Slik som situasjonen er no ser vi at den maritime delen av næringa framleis vil få det tøft i det komande året, seier Ytreberg.