Hopp til innhold

I denne boksen håper politiet å finne årsaka til dødsulykkene i trafikken

Uvanleg mange har døydd i trafikken i sommar. No kan bilen sin eigen «husk» gje etterforskarane svar på årsaka til dei fatale ulykkene.

Chip frå ulykkesbil

Den svarte boksen er ikkje meir enn 10 x 10 x 5 centimeter stor og veg om lag 100 gram.

Foto: Remi Sagen / NRK

Dødsulykkene i trafikken denne sommaren er rekordmange. Til saman er 61 menneske drepne så langt i år, 15 kvinner og menn berre i juni. Det er dobbelt så mange som i fjor.

Tidlegare denne veka kalla vegdirektøren inn til krisemøte og sette i verk ei rekkje tiltak.

No håper politiet at bilane sjølv skal «huske» viktige detaljar om dei siste sekunda før dødskrasjen.

– I nyare bilar er det ofte verdifull informasjon ein kan hente ut. Vi håper at det kan gi viktige svar om forløpet til ulykka, seier politiadvokat Magne Kvalvik i Møre og Romsdal politidistrikt.

Han leitar etterforskinga etter ei av dødsulykkene i juni, der to kvinner i Ålesund omkom etter ein frontkollisjon i Blindheimstunnelen.

Magne Kvalvik, politiadvokatt

Politiadvokat Magne Kvalvik seier informasjonen frå dei svarte boksane er verdifull i etterforskinga.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Har analysert 100 saker

Ein liten, svart boks som er installert framme i førarhuset, er kome på plass i stadig fleire nye bilar dei siste åra. Boksen inneheld det som blir kalla Event Data Recorder (EDR) og lagrar viktig informasjon fem sekund før airbagen blir utløyst.

Teknologien vil kunne gje svar på spørsmål som:

  • Kor fort køyrde bilen dei siste skunda før ulykka
  • Trykte føraren på gass- og/eller bremsepedalen
  • Hadde føraren og passasjerane spent sikkerheitsbelta

Det kan bety mykje for granskarane som prøvar å finne årsaker til dødskrasjane på norske vegar.

– Det er ganske verdifullt i ein analyse av ulykka å vite om hastigheita og om bremsa er brukt, korleis føraren har styrt og så vidare, seier Jens Petter Storrø, som er senioringeniør i Statens vegvesen.

Den svarte boksen har omtrent den same funksjonen som den svarte boksen i fly.

– Styrkar rettstryggleiken

Dei siste åra har ulykkesgranskarane frå Statens vegvesen henta ut informasjon frå bilen sjølv i om lag 100 saker. Etter ulukkessommaren 2022 kan fleire bilistar bli stilt for retten etter dødsulykker. Då vil informasjon frå dei svarte boksane kome til nytte.

– Det styrkar rettstryggleiken. I staden for at vi kan seie at ein bil har køyrt mellom 80 og 100 kilometer i timen, så kan vi kanskje no seie at registreringa viser at bilisten har køyrt i 92, seier Storrø i Statens vegvesen.

Frå 2024 kjem det krav i heile EU om at alle nye bilar skal leverast med svarte boksar.

Jens Petter Storrø

Senioringeniør Jens Petter Storrø i Statens vegvesen meiner informasjon frå dei svarte boksane kan vere med å slå fast sikkert farta i samband med dødsulykker.

Foto: Statens vegvesen

Håper ny teknologi har effekt

Tidlegare granskingar viser at fart er ei vesentleg årsak i ei rekkje dødsulykker, og at menn er involvert i dei fleste ulykkene.

I Trøndelag går det føre seg no eit forskingsprosjekt blant fartsaggressive, unge menn. Fleire råkøyrarar har sagt ja at forskarane får registrerer all bilkøyring. Ikkje berre like før ei ulykke, men kontinuerleg.

– All slik teknologi som overvakar køyringa di, vil ha effekt. Men det er høgst usikkert kor stor eller liten effekt desse svarte boksane vil ha, seier seniorrådgjevar Bård Morten Johansen i Trygg Trafikk.

Bård Morten Johansen

Seniorrådgjevar Bård Morten Johansen seier han er usikker på om den nye teknologien kan få ned farta i ulykkesbilar.

Foto: Erland Knutsen / NRK

Håper å gje familiane svar

For dei pårørande til 60 menneske blei første halvår 2022 eit svart minne, etter dødsulykkene i trafikken.

Politiadvokat Magne Kvalvik leiar etterforskinga ei av dødsulykkene i sommar, der to kvinner omkom i Blindheimstunnelen i Ålesund. Han håper at den nye teknologien ikkje berre hjelper politiet, men har kan bety noko også for dei pårørande.

– Eg håper vi kan hjelpe dei med å forstå kva som skjedde. Vi kan i alle fall prøve å presentere eit så komplett hendingsforløp som mogleg, og så håper vi at det er noko dei vil setje pris på, seier han.

Blomster ved Blindheimstunnelen etter dødsulykka.

To kvinner døydde etter ein kollisjon i Blindheimstunnelen i Ålesund første helga i juni. Ei tredje kvinne er alvorleg skadd.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL