Hopp til innhold

To kvinner omkom etter tunnel-kollisjon i Ålesund

To kvinner omkom i ein kollisjon i tunnel i Ålesund i natt. Ein er kritisk skadd og fire andre sende til sjukehus.

Det har vore ei alvorleg trafikkulukke i Blindheimstunnelen i Ålesund seint fredag kveld

Både krimteknikarar og ulykkesgruppa til Statens vegvesen rykte ut til Blindheimstunnelen i natt. Politiet vil førebels ikkje seie noko om skuld eller årsak til ulykka.

Foto: Tipsar

Politiet stadfestar klokka 11.38 at to kvinner miste livet i det som truleg var ein front-mot-front-kollisjon i Blindheimstunnelen i Ålesund i natt.

Den eine kvinna var i slutten av 40-åra og den andre i starten av 50-åra. Dei to kvinnene sat i den same bilen. Den tredje personen i bilen er sendt til St. Olavs hospital i helikopter og er kritisk skadd.

I den andre bilen var det fire personar i slutten av tenåra eller tidleg i 20-åra, og desse har fått lettare eller moderate skadar, opplyser politiet.

– Vi antek at det har vore ein front-mot-front-kollisjon, men vi har ikkje konkludert, seier oppdragsleiar Erik Dyb ved Møre og Romsdal politidistrikt.

Ulykka i Ålesund i natt kjem i tillegg til ei rekkje dødsulykker i trafikken i Noreg i april og mai. Hittil i år har fleire enn 40 menneske omkome i trafikken.

Les også Voldsom økning i drepte i trafikken i april og mai

Trafikkulykke på E16 ved Seimsvatnet i Voss kommune.

Politiet vil førebels ikkje seie noko om eksakt kva som skjedde eller om skuldspørsmålet. Dette blir ein del av etterforskinga.

Andre trafikantar starta livreddande behandling

Det var andre bilistar som kom til staden som starta livreddande behandling og som varsla politiet om ulykka.

Ein av operasjonssjukepleiarane på Ålesund sjukehus var av dei første som kom til staden og hjelpte til med hjarte- og lungeredning.

– Det er ei forferdeleg alvorleg hending, og ei stor lette då hjelpemannskapa kom til staden, seier ho til NRK.

Tunnelen ligg om lag ei mil unna Ålesund sentrum, like ved kjøpesenteret Moa. Det er to køyrefelt i tunnelen.

Nabo Christine Vestre høyrde ein kraftig smell utanfor husveggen, men trudde det kom frå ein nabolagsfest. Først seinare forstod ho at lyden kom frå ulykka.

– Det er noko med denne tunnelen som hallar slik. Den er litt ekkel, og det som skjedde er heilt forferdeleg, seier Vestre.

Følgjer opp den triste hendinga

I Ålesund har det psykososiale kriseteamet vore i arbeid sidan dei fekk melding om ulykka i natt.

– Det er veldig, veldig trist og vondt når folk blir rive bort så brått. Vi tenkjer først og fremst på deira etterlatne, men det råkar også oss som lokalsamfunn. Så vi er i sorg, alle saman, over at dette har skjedd, seier ordførar Eva Vinje Aurdal (Ap).

Ordførar i Ålesund, Eva Vinje Aurdal (Ap).

Ordførar i Ålesund, Eva Vinje Aurdal.

Foto: Frode Berg / NRK

Tunnelen måtte stengjast i fleire timar etter at dei to bilane kolliderte i natt. Like før klokka åtte laurdag morgon opna tunnelen igjen. Oppdragsleiar Erik Dyb i Møre og Romsdal politidistrikt seier undersøkinga er avslutta og tunnelen er rydda.

Store skadar på bilar

I natt har krimteknikarar og Statens vegvesen si ulykkesgruppe vore på staden for å gjere undersøkingar. Ifølgje politiet er det store skadar på begge bilane etter det som politiet trur var ein front-mot-front-kollisjon.

– Vi har tatt avhøyr av involverte og vitne. No skal vi gå gjennom etterforskingsmaterialet før vi kan konkludere, seier operasjonsleiar Sindre Molnes ved Møre og Romsdal politidistrikt.

Bilane er frakta vekk og blir undersøkte seinare.