Hopp til innhold

Havila Kystruten må kansellere endå ein rundtur

Kystruten-skipet «Havila Capella» blir framleis stoppa av sanksjonane mot Russland.

Havila Capella

MÅ AVLYSE: Havila Kystruten må kansellere endå ein rundtur med «Havila Capella».

Foto: Privat

Hurtigrute-konkurrenten Havila Kystruten har opplevd konkursar, forseinkingar og problem som følge av korona. I desember kunne selskapet endeleg segle langs kysten. Men no står nye utfordringar for tur.

Tysdag 12. april skulle over 200 passasjerar ha blitt med Kystruten-skipet «Havila Capella» på turen frå Bergen til Kirkenes. Men på grunn av sanksjonane mot Russland kunne ikkje skipet segle frå Bergen. Sidan har skipet lege til kai.

Neste avgang med «Havila Capella» frå Bergen skulle etter planen vere laurdag 23. april. I dag er det klart at også denne blir avlyst. Det går fram av ei børsmelding.

– Det er framleis usikkerheit knytt til forsikringa vår, noko som gjer at vi ikkje har lov til å segle. Vi kansellerer turen i dag med omsyn til passasjerane sine reiser til skipet, slik at dei kan avbestille dei, seier Lasse A. Vangstein, kommunikasjonsansvarleg i Havila Kystruten til NRK.

Les også Sanksjonar råkar Hurtigrute-konkurrent

Havila Capella til kai i Ålesund, 28. februar 2022.

Får økonomiske konsekvensar

Problemet for Havila Kystruten er at leasingselskapet GTLK, som skulle stå som eigar av skipet, er råka av EU sine sanksjonar mot Russland.

Lasse A. Vangstein, kommunikasjonsansvarleg i Havila Kystruten

Vangstein seier at kanselleringane får økonomiske konsekvensar for selskapet.

Foto: Havila Kystruten

På grunn av dette manglar skipet forsikring, og det har dermed ikkje løyve til å segle. Vangstein seier at kanselleringane får økonomiske konsekvensar for selskapet.

– Det er klart at det påverkar botnlinja vår at vi ikkje kan segle og ha passasjerar som betalar for å reise med oss. Men kor mykje det er snakk om kan ikkje eg gå inn på.

Dei fire skipa, som Havila Kystruten etter planen skal segle langs kysten med, har ein samla verdi på rundt 4 milliardar kroner. Havila har jobba for å refinansiere skipa etter at dei blei råka av sanksjonane.

– Det er snakk om store summar så det tek tid å refinansiere skipa, seier Vangstein.

Han vektlegg at dei ønskjer ei avklaring frå myndigheitene som gir dei løyve til å segle, slik at dei ikkje lenger blir råka av sanksjonane.

– Både selskapet som driftar skipet og skipet er norsk, slik at vi tilfredsstiller krava i den norske sjølova. Det vi treng er eit løyve slik at også forsikringsselskapet er trygg på at det er varetatt.

Les også «Havila Capella» må avlyse påsketuren mellom Bergen og Kirkenes

Havila

– Beklagar

Selskapet har også søkt dispensasjon frå sanksjonsreglane. Vangstein seier at dei støttar sanksjonane, men at situasjonen er utfordrande.

– Det er ein situasjon utanfor vår kontroll, som vi ikkje ønskjer å vere i. Men vi aksepterer sanksjonane.

Vangstein seier at dei beklagar konsekvensane kanselleringa får, og at dei jobbar for å kunne segle igjen så snart som råd.

– Vi er mest skuffa på vegner av passasjerane våre som hadde gledd seg til turen.

Passasjerer forlater Havila i Bergen

14. april måtte passasjerane forlate «Havila Capella» etter at dei måtte kansellere ein rundtur. No må selskapet kansellere endå ein rundtur.

Foto: Thomas Thorsen / NRK

Samferdselsdepartementet følgjer saka tett. Dei skriv i ein e-post til NRK at dei har forståing for at passasjerar og tilsette ønskjer ei rask avklaring.

Klare til å segle

Neste rundtur med «Havila Capella» er etter planen om 11 dagar. Vangstein seier at dei står klar til å segle når som helst.

– Om vi får ei avklaring snart så kjem vi til å segle frå Bergen og ta igjen ruta. Vi har ein avtale med samferdselsdepartementet og har eit samfunnsoppdrag vi skal følge, så vi skal i alle fall frakte lokalpassasjerar og frakt om det blir behov.

Havila Capella ligger til kai på Bontelabo

KLAR TIL Å SEGLE: Neste rundtur med «Havila Capella» er etter planen om 11 dagar. Vangstein seier at dei står klar til å segle når som helst.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK