Opp mot 400 menneske jobbar i Geiranger i sommarhalvåret, det er nesten dobbelt så mange som fastbuande. Dei fleste av dei kjem tilbake år etter år.
- Les også:
Sjokolade – med utsikt
I eit gammalt naust nede ved sjøen lagar dei noko veldig søtt i kjellaren. Med råvarer som brunost, molter og blåmuggost røyrer dei saman ei heilt lokal delikatesse. Nemleg sjokolade.
Zoltan Biro frå Ungarn jobbar hos Geiranger Sjokolade for andre sesongen på rad. Han kom saman med kona Agnes, som er konditor.
– Eg trivst veldig godt her, og eg set pris på å få jobbe med mat som gjer folk nysgjerrige. Men den flotte naturen og dei unike omgivnadane har nok fått meg til å trivst ekstra godt, seier Zoltan.
Kjem for å lære
Mange av arbeidarane i Geiranger er erfarne – medan andre kjem for å lære. Silje Therese Fredheim går matfag-linja på vidaregåande, men i sommar står ho iført kvite kokkeklede i sjokoladefabrikken.
– Det er veldig hektisk, spesielt på dagar der vi har mange cruiseskip på besøk. Men det er ei lærerik oppleving, også er det kjekt å jobbe med andre kreative menneske, seier ho.
Utfordrande å finne nok bustadar
Det er høgst nødvendig å ha sesongtilsette i Geiranger. Men det kan vere utfordrande å finne nok bustader i den vesle bygda – som har om lag 230 fastbuande normalt. Mannen bak ideen, svensken Bengt Dahlberg, er den einaste heilårstilsette i bedrifta.
– I ein by klarer dei tilsette å finne seg bustadar sjølve, men her må eg som arbeidsgjevar skaffe tak over hovudet til dei som jobbar for meg. Det er også utfordrande å finne dyktige arbeidarar – og dei tilsette er ikkje nødvendigvis dei same kvart år, seier han.
- Les også:
Dahlberg er svært nøgd med dei som jobbar for han – og innrømmer at det hadde vore umogeleg å drive bedrifta utan.
Ein ekte sjokoholiker
Dahlberg seier at ein kan dele menneske i to grupper. Dei som likar forretter – og dei som helst vil ete dessert til alle måltid. Bengt er ein ekte sjokoholiker.
– Vår filosofi er å bruke så mange lokale ingrediensar som mogleg i sjokoladen. På den måten får vi spennande smaker, og det blir annleis enn vanleg sjokolade, seier Dahlberg, som har ei fortid innan legemiddelindustrien og som fysioterapeut.
Slik som det ofte er på turiststader; ser ein mykje som er "made in China". Det ville han gjere noko med – og Geiranger Sjokolade vart opna for om lag fire år sidan. Dahlberg har ingen planar om å slutte med det same.
Artikkelen held fram under biletet ...
Flust av internasjonale arbeidarar
Hotel Union Geiranger har mellom 120 og 130 tilsette på sommarstid. Då er dei heilt på topp. Nasjonalitetar frå heile verda kjem hit for å bu i vakker natur – men det er også mykje hardt arbeid.
Estlendaren Kristiina Paur jobbar som servitør og seier at ho vanlegvis alltid er i Geiranger i sommarsesongen.
– Det er ein veldig interessant jobb. Eg har blitt kjent med mange frå ulike land – både hotellgjestar og andre tilsette.
- Les også:
Kristiina har jobba fleire stader i Noreg, men jobbar også i Frankrike når ho har sjansen til det. Det var nemleg der ho møtte kjærasten. Det er heile fire år sidan ho var heime i Estland sist.
Vakker arbeidsplass
Det er ikkje berre i arbeidstida ho får nye erfaringar. Det er når arbeidsdagen er over ho har det aller kjekkast.
– Naturen her gjer at det er enkelt å finne på mykje etter jobb. Då brukar vi å enten gå på fjellet eller ein liten kajakktur på fjorden. Men mest av alt går vi på kafé eller kosar oss i finvêret med is, seier ho.
Artikkelen held fram under bildegalleriet ...
Ein draum om Noreg
Rebecka Bark jobbar i baren. Ho har tidlegare jobba fleire andre stader i Noreg – men ville helst jobbe der det var fine naturområde. Geiranger var målet.
– Eg har lenge hatt ein draum om å flytte til Noreg. Naturen her skil seg veldig mykje frå den svenske, seier ho, og legg til at ho har planar om å bli i Noreg så lenge som mogleg.
Ho fortel at livet som hotellarbeidar er hektisk, og nye menneske kjem innom heile tida. Det er umogeleg å bli kjend med alle, men likevel er samhaldet blant kollegaene sterkt.
Einaste nordmann
Tore Skog er den einaste nordmannen som jobbar fulltid i restauranten. Dei aller fleste andre kjem frå Estland. Han er ein av dei ferskaste med berre ein månad på nakken.
– Eg kan tenke meg at det er mellom ti og femten nasjonalitetar på hotellet. Med så mange ulike nasjonalitetar kan kommunikasjonen verte vanskelegare, men det går overraskande bra, seier Skog, som kjem frå nabobygda Stranda.
- Les også:
– Ofte går eg ein heil arbeidsdag der eg så vidt snakkar norsk. Einaste problemet som eg kan sjå, er dersom det kjem ein norsk gjest som ikkje er særleg god i engelsk. Men der hjelper vi skandinaviske til, dersom det trengst. Elles er det god trening i å bruke mykje engelsk, fortel han.
– Passer ikkje for alle
Hotellsjef Finn H. Nustad seier at dei aller fleste som kjem til Geiranger for å jobbe trivst veldig bra.
– Men det passar ikkje for alle. Enkelte taklar ikkje den hektiske kvardagen, og syns at det blir for mykje. Men dei som klarer jobben kjem ofte igjen år etter år. Det er vi veldig glad for – vi treng meir arbeidskraft enn det som finst i bygda frå før, seier Nustad.
Mange av hotellarbeidarane bur i "Las Vegas eller "Monte Carlo" – to bygg som ligg rett ved hotellet.
– Anything local
Geiranger Skysstasjon er nesten det aller første turistane ser når dei går i hamn. Ein liten, men veldig koseleg kafé som ligg tett inntil vegen nede ved sjøen. Solveig Røine driv eigentleg kafé i Drammen – men ein venn av far hennar fekk ho til å kome.
– Det er veldig kjekt å jobbe her. Det er ikkje berre turistar som kjem innom – elles er det stort sett dei same lokale kundane, seier ho.
- Les også:
Det er éi setning som går igjen når turistane kjem innom ...
– Anything local! Dei vil ha alt som er tradisjonelt norsk, og då går det mykje i sveler med brunost, ler Solveig.
Held taket i tradisjonane
Kafeen samarbeider med Geiranger Turbuss og Taxi, og på den måten hjelper til viss turistar eller andre treng transport.
– Vi prøver å halde ved like skysstradisjonen, som går langt tilbake her i Geiranger.