Hopp til innhold

– Utslepp og overdriven turisme har øydelagt Geiranger

Colin reiste heilt frå Guatemala til Noreg for å sjå den mektige naturen. Men då han kom til Geiranger ville han helst snu i døra.

Turister og cruiseskip i Geiranger

Colin meiner at cruiseskipa øydelegg den elles vakre bygda Geiranger. Store utslepp kan true både turisme og naturen. Naturvernforbundet vil ha slutt på utsleppa.

Foto: Lena Høyberg / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima
Colin fra Australia er turist i Geiranger

På Cafe Ole i den travlaste gata i Geiranger sat Colin og skreiv postkort til vener i Tyskland og mor si i Byron Bay.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Turisten Colin hadde det travelt med å kome seg vekk frå Geiranger etter å ha sett den veldige pågangen førre veke.

– Slik som det er no er ikkje dette ein stad for meg. Det er altfor mange turistar her, men først og fremst er det cruiseskipa som har øydelagt denne vakre bygda. Utsleppa legg seg igjen i fjorden, og det er langt ifrå bra, seier Colin, som opphavleg kjem frå strandbyen Byron Bay i Australia.

Måtte sjå Geiranger

Vanlegvis brukar Colin å unngå stader som har mykje turisme. Men Geiranger måtte han sjå likevel.

– Den einaste grunnen til at eg kom var på grunn av verdsarvstatusen. Reisa frå Ålesund og innover fjordane er utruleg vakker. Men etter å ha vore her i to timar er eg meir enn klar til å fare, seier han.

Noreg skil seg veldig frå det Colin er kjend med frå før. Han studerer spansk og spansk historie i eksotiske Guatemala, og elskar å reise rundt om i verda. Før han kom til Geiranger stoppa han i Ålesund. Der trivst han godt – trass i mykje turisme der òg. Men i Geiranger er det for konsentrert, ifølgje Colin.

– Eg kunne gjerne ha hoppa på ferja til Hellesylt igjen rett etter at eg var ferdig med fossevandringa. Turen har vore veldig fin, men turistane gjer meg galen.

Saka held fram under biletet ...

Geiranger

I den travle sommarsesongen legg det seg ei sky av eksos mellom fjella i Geirangerfjorden. Det vil Naturvernforbundet ha slutt på.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Frustrert over utslepp i norske fjordar

Naturvernforbundet har lenge vore frustrert over utsleppa frå cruiseskip. Eksos og andre utslepp er allereie eit problem i verdsarvsbygda Geiranger, slik som i resten av verda. Direktør i Geirangerfjord Verdsarv, Katrin Blomvik, veit akkurat kva ho ville sagt til den litt halvnøgde turisten Colin.

Katrin Blomvik

Katrin Blomvik er direktør i Geirangerfjord Verdsarv, som er ein del av UNESCO.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

– Eg ville fortalt Colin om arbeidet med «Grønn Fjord». Vi er veldig oppmerksame og har mykje omsorg for området vårt. Vi har riktig nok fleire store problemstillingar framføre oss, som gjer at vi treng tid og hjelp til å finne dei rette løysingane, seier Blomvik.

Forureining frå cruiseskip er ikkje ei lokal utfordring, det er ei nasjonal og internasjonal sak.

– Vi ser difor fram til å drøfte saka med klima- og miljøminister Tine Sundtoft når ho kjem til Geiranger i september.

Ho seier at desse problema er umogelege å løyse over natta. Men ho lover at dei kjem til å finne dei rette løysingane. I Bergen kan løysinga vere at cruiseskipa brukar straum frå land medan dei ligg til kai. Det kan derimot vere vanskeleg å få til i Geiranger.

– Eg skulle ønskje at landstraum var løysinga i Geiranger også, men det ligg ganske langt fram i tid på grunn av straumtilførselen inn til bygda. Ein skal likevel aldri seie aldri. Men det å byggje nye kraftlinjer inn til Geiranger vil krevje store inngrep i landskapsvernområda som omkrinsar bygda – og det er ikkje realistisk, seier direktøren.

Ikkje uroa for å miste verdsarvstatus

Blant anna ukontrollert forureining og turisme truar verdsarven. Dersom ein stad mistar særpreget som førte til at dei kom på verdsarvlista, kan verdsarvkomiteen fjerne staden frå lista. Dette har skjedd to gonger – først med Oryx-reservatet i Oman i 2007 og med Elben-dalen i Dresden i Tyskland i 2009. Blomvik er derimot ikkje uroa for at det skjer i Geiranger.

– Vi har ikkje fått beskjed om at vi står i fare for å miste verdsarvstatusen vår. Men vi er veldig klar over at vi står ovafor ei problemstilling knytt til forureining frå cruiseskip, ferjer og andre transportmiddel i området, seier ho.

Ho trur ikkje at cruiseturismen vil forsvinne. Men ho trur at skipa vil bli meir miljøvennlege i framtida og at grøn skipsfart vil segle fram som ein spennande industri.

– Det vil kome strengare restriksjonar på internasjonale farvatn, og det tvingar reiarlaga til å investere i klimavennleg teknologi. Eg trur difor at cruiseturismen vil halde fram, men at dei heller vil ferdast sporlaust i fjordane våre, seier Blomvik.

Saka held fram under biletet ...

Geiranger

Det er om lag 250 fastbuande i Geiranger, og dei fleste av dei er tilknytt turistnæringa. Geiranger er eit av Noregs mest besøkte turiststader med rundt 700 000 besøkande kvart år.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Fastbuande forsvinn – turistane blir att

Hamnesjef i Stranda kommune, Rita Berstad Maraak, fortel at dei jobbar kontinuerleg for å få til gode miljøtiltak i Geiranger. Alle cruiseskipa som kjem innom må ha godkjente sertifikat som oppfyller alle miljøkrava, og det gjeld ikkje berre Geiranger. Det er nasjonale og internasjonale krav.

Havnesjef i Geiranger Rita Berstad Maraak.

Hamnesjef i Stranda kommune, Rita Berstad Maraak, fortel at dei jobbar hardt for å få til gode miljøtiltak.

Foto: Bernt Baltzersen / NRK

– Vi jobbar også med tiltak som kan gjennomførast på land. Vi må også vurdere å regulere talet på turistbussar i omløp, seier hamnesjefen.

Ho syns det er synd at Colin ikkje treivst i Geiranger. Ho har brukt mykje tid i bygda denne sommaren og turistane har kome med svært mykje ros. Men ho meiner at det er viktig å vere obs på denne situasjonen.

– Dei fleste som bur her lever av turismen, så den kan vi ikkje kvitte oss med. Talet på fastbuande og skuleelevar går nedover, og vi vil ikkje at Geiranger skal ende opp som ein turistattraksjon utan fastbuande, seier Maraak.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL