Hopp til innhold

Geiranger-evakuering skapte kaos

Auka tryggingsnivå i samband med terrortruslane enda i trafikkaos inn og ut av Geiranger. Hamnevesenet i turistbygda var åleine om å følgje Kystverket sine instruksar.

Køkaos i Geiranger

Det blei svært lange køar inn og ut av Geiranger etter evakueringa i sentrum.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Det blei sendt ut melding om auka beredskapsnivå frå Kystverket til alle hamnevesen i Noreg. Eit ekstra tryggingsnivå inneber auka kontroll og vakthald.

Stranda hamnevesen i Geiranger var derimot åleine om å evakuere og gjennomsøke hamna.

Rita Maraak

Rita Maraak, hamnesjef i Stranda hamnevesen, saman med nokre av politiet sine utsende i Geiranger.

Foto: Lena Høyberg / NRK

– Vi valde å sperre av hamna og søke gjennom, får så å opne igjen, slår Rita Maraak fast.

Ho er hamnesjef i Stranda hamnevesen og har stått oppe i eit lite kaos i Geiranger i ettermiddag og kveld.

– Med så mykje folk i omløp, mange tusen, så vil det bli stopp i trafikken, seier ho til NRK.

– Utsett her

Politiet på Sunnmøre omtalte evakueringa og gjennomsøkinga av hamneområda i Geiranger som «uheldig». Hamnesjef Maraak meiner derimot det var naudsynt å vere ekstra forsiktig i samband med terrortruslane.

Maraak seier ho har møtt forståing blant dei som blei evakuert.

– Folk forstår det når vi seier at det er på grunn av den spesielle situasjonen i Noreg. Det er utsett her, med så mykje skip og folk i omløp, fortel hamnesjefen.

Saka held fram under bildet.

Kø i Geiranger

I samband med at større område i Geiranger blei evakuert og gjennomsøkt, blei det trafikkaos. Ferjene fekk etter kvart gå som vanleg – det same gjorde cruiseskipa.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Trafikkaos

Ein konsekvens av evakueringa i Geiranger var derimot både kaos i trafikk og delvis blant folk. Bussjåfør Pål Arne Snerle køyrer turbuss for Jotunheimen Turbusser AS og stod lenge i kø.

Pål Arne Snerle

Bussjåfør Pål Arne Snerle fortel om trafikkaos.

Foto: Lena Høyberg / NRK

– Vi køyrde frå Hellesylt til Geiranger (om lag 1,5 time køyretid) og såg trafikkaoset då vi stoppa ved Flydalsjuvet. Trafikken stod frå sentrum og til Grande camping. Vi møtte køen seinare ved Union hotell, så det var ei veldig lang kø, seier Snerle.

Bussjåføren fortel at det var stor undring blant dei køyrande som stod fast.

– Vi lurte jo på om det hadde skjedd noko. Vi ringde ned og fann ut at det rett og slett var for mange bilar og for lite veg.

Snerle fortel om kaos.

– Ja, det var litt kaos. For oss blei det store forseinkingar, nokre byrja å gå og det blei temperatur i bussen.

Evakueringa og det etterfølgjande kaoset i Geiranger var altså ein reaksjon på terrortruslane. Tryggingsnivået blir verande på nivå to, opplyser Rita Maraak.

– Det er tryggingsnivå to i heile Noreg og i norske hamner fram til søndag, opplyser hamnesjefen.

Saka held fram under bildet.

Buss fast i Geiranger

Ein buss som sit fast i Ørnesvingane i Geiranger skaper ekstra trafikkaos.

Foto: Lena Høyberg / NRK
Politibil i Geiranger

NRK sin reporter på staden opplyser at politiet dirigerer trafikken på staden.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Ekstra trøbbel

I tillegg til køkaoset i samband med evakueringa, har ein buss no sett seg fast i Ørnesvingane ned mot Geiranger.

– Trafikken har stått så godt som stille i nesten ein time, opplyser NRK sin journalist på staden.

Bussen bomma i ein sving og blei ståande fast. Berre vanlege bilar kjem seg forbi, ikkje større bubilar, andre bussar og lastebilar.

Politiet dirigerer manuelt på staden.

Geiranger

Cruiseturistane fekk etter kvart gå om bord i cruiseskipa igjen.

Foto: Lena Høyberg / NRK