Hopp til innhold

Nå blir det dyrare for turistar å overnatte i Noreg

Staten vil innføre eit nytt «besøksbidrag» for å skåne og hjelpe dei mest utsette turistmagnetane.

Undredal

UNDREDAL, SOGN: Det nye besøksbidraget skal kompensere kommunar og lokalsamfunn for reiselivet sin bruk av «fellesgode».

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Regjeringa varslar at ho vil gjennomføre fleire pilotprosjekt med lokale besøksbidrag. Tiltaket er ein del av eit større «vegkart» for reiselivsnæringa, som blir lagd fram i februar.

Om turistane bidrar litt ekstra til spleiselaget, kan populære reisemål legge mykje betre til rette for både fastbuande, besøkande og næringsliv, seier næringsminister Jan Christian Vestre.

Den nye skattlegginga kjem i fortsettinga av arbeidet til Reisemålsutvalet, som anbefalte å innføre eit liknande besøksbidrag i fjor.

Bakgrunnen er ei brei forståing hos næringsliv, vertskommunar og politisk hald om at turismen per i dag legg for stort press på fleire av dei mest populære reisemåla.

I det mest omstridde forslaget tok Reisemålsutvalet til orde for å krevje inn turistskatten via bussar og bilar som ikkje har betalt norsk vegavgift.

Sidan ei nasjonal besøksavgift på grensepasseringar etter alt å dømme er i strid med EØS-retten, har regjeringa valt ein annan modell.

Det nye forslaget til regjeringa er i staden eit påslag på overnatting i kombinasjon med turistavgifter på parkering og cruise.

Arendalsuka 2023

– Eg veit det er stort engasjement om dette og vi skal ha god dialog med næringa om korleis forslaget kan formast ut best mogleg, seier Vestre.

Foto: Heiko Junge / NTB

Unngår uønskt vriding mellom hotell og private utleigarar

Næringsministeren kallar det nye alternativet for eit «nybrotsarbeid».

Når overnattingsbidraget blir lagt på fleire tilbydarar, som Airbnb og camping, unngår vi dessutan uønskt vriding mellom hotell og private utleigarar, seier han.

Han legg til at regjeringa også vurderer moglegheita for dagsbesøksavgift, etter venetiansk modell.

Ei oversikt frå Reisemålsutvalget (tabell 3.1) viser at 20 europeiske land har innført besøksbidrag på korttidsopphald.

I Amsterdam starta dei med turistskatt i 1973. I Kroatia blei det innført i 2007.

I hjertet av Senja

– Dette forslaget vil gjere det mindre attraktivt å komme til Noreg som turist. Noreg er allereie svært dyrt og har frå før høgare skattar og avgifter enn samanliknbare land, sa Frp-representant Sivert Bjørnstad til NTB på same tid i fjor.

Foto: Senja By Heart

Blant argumenta mot turistskatt er at det norske reiselivet er fragmentert, og at dei ulike aktørane har svært ulike føresetnader for å drive eigen skatteinnkrevjing.

Vidare vert det hevda at Noreg alt har høge avgifter, og at ytterlegare påslag kan hemme reiselysta og «skremme» vekk turistar.

Eg veit det er stort engasjement om dette

Den norske reiselivsnæringa sysselset i overkant av 180.000 personar.

Regjeringa vil invitere næringsliv og kommunar til dialog om det vidare arbeidet med lovforslaget. Deretter blir forslaget sendt på høyring.

Eg veit det er stort engasjement om dette og vi skal ha god dialog med næringa om korleis forslaget kan formast ut best mogleg, seier Vestre.

Blant opposisjonen er motstanden mot turistskatt svekka etter rapportar om forsøpling, slitasje og avføring på avvegar.

Høgre har tidlegare vore kategoriske motstandarar, men vedtok på landsmøtet i fjor at kommunane som sjølve ønskjer det skal kunne få innføre ein lokal turistskatt.

Les også Ekspertutval vil at det skal koste meir å kome til Noreg

Undredal