Hopp til innhold

Frigir namnet på kvinne som blei drepen i Molde

Politiet frigir namnet til kvinna som blei drepen natt til onsdag 24. november i Molde.

Politisperring på åstedet for drapet i Molde.

MOLDE: Natt til onsdag førre veke blei ei kvinne funnen død i Molde. Ein mann er sikta for drap etter hendinga.

Foto: Roar Strøm / NRK

Kvinna heiter Helen Luel Asefaw, var 24 år og busett i Molde.

Familien er orientert om at namnet til kvinna er offentleggjort.

Det skriv politiet i ein pressemelding onsdag ettermiddag.

Sikta for drap

Det var natt til onsdag førre veke at politiet i Molde rykte ut til to alvorlege hendingar omtrent samtidig.

På ein åstad blei ei kvinne funnen død, og på ein annan åstad like ved blei ein mann i tenåra funne alvorleg skadd. Der skal det ha vore fleire personar til stades då politiet kom fram.

Ein av dei var ein mann i 20-åra. Han blei arrestert og sikta for grov kroppsskade. Seinare blei han også sikta for drapet på Helen Luel Asefaw. 20-åringen er eksmannen hennar.

Politiet har tidlegare opplyst at den skadde guten i tenåra også har ein familiær relasjon til den sikta.

Har danna seg eit bilde

Politiinspektør Yngve Skovly seier at etterforskinga av drapet og valdshendinga i Molde førre veke er godt i gong. Politiet held framleis på med analysar av digitale spor og bildemateriale, i tillegg til avhøyr av ein rekke vitne.

Politiinspektør Yngve Skovly, Møre og Romsdal politidistrikt.

Politiinspektør Yngve Skovly seier at dei har danna seg eit bilde av det drapet og valdshendinga.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Vi meiner å ha god kontroll på hendingane og byrjar å danne oss eit godt bilde av det som har skjedd, men vi kan ikkje seie noko meir om dette før vi har fått avhøyrt alle dei involverte, seier Skovly.

Etterforskarar frå Kripos hjelper også politiet med etterforskinga.

Politiet gjekk tidlegare ut å bad om videomateriale frå Molde. Skovly seier at dei har starta å sjå på det dei har fått inn, men at dei framleis ber folk om å ta kontakt om dei har slike opptak.

– Er våken

Guten i tenåra som blei skadd i valdshendinga har vore innlagt på St. Olavs hospital i Trondheim sidan hendinga. Han er no vaken.

– Det er ikkje mogleg å avhøyre per no. Han vil bli avhøyrt så fort det let seg gjere, men vi må ta omsyn til helsetilstanden hans, seier Skovly.

Sjølv om det var andre vitne til valdshendinga, er det også viktig å avhøyre tenåringen og få høyre hans forklaring, fortel Skovly.

Erkjenner ikkje straffskuld

Den sikta var i nye avhøyr tysdag. NRK var i kontakt med mannen sin forsvarar onsdag føremiddag. Då fortalde han at det ikkje blir nye avhøyr av mannen før over helga.

Politiet gjør undersøkelser på to åsted i Molde onsdag formiddag.

Politiet gjorde undersøkingar på begge åstadane førre veke.

Foto: Roar Strøm / NRK

Den sikta erkjenner ikkje straffskuld for drapet.

– Forklaringa hans er framleis at han ikkje hugsar kva som skjedde, seier Kulblik til NRK.

Han har vore gjennom ei rettspsykiatrisk undersøking.

Mannen er varetektsfengsla i fire veker med brev- og besøksforbod. Dei første to vekene er i full isolasjon med medieforbod.

LES OGSÅ:

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL