Hopp til innhold

Mann dømd til lovas strengaste straff etter valdtekt, drap og drapsforsøk i Molde

Ein 27 år gamal mann er dømd til 21 år i fengsel for å ha valdteke og drepe den 24 år gamle kona si Helen Luel Asefaw. Han er også dømd for å ha forsøkt å drepe personar i nabolaget.

Knust vindu - drapssak Molde

Gjennom dette vindauget bana 27-åringen seg veg inn på soverommet der han no er dømd for å ha valdteke og drepe Helen Luel Asefaw.

Foto: Politiet

Dermed er det klart at Møre og Romsdal tingrett støttar aktor sin påstand om lovas strengaste straff.

– Straffenivået viser kor alvorleg hending dette er. Ein person er valdteken og drepen og fleire personar er råka av ei alvorleg valdshending. Då hamnar dommen på dette nivået, seier aktor Inger Myklebust.

Alarmen gjekk i Molde natt til 24. november etter naudsamtalar frå to forskjellige adresser i same nabolag. Det skulle fort vise seg at ein no 27 år gamal mann valdtok og drap kona si. Deretter bana han seg veg til ein familie i eit hus i nabolaget. Han er no dømt for å ha forsøkt å drepe 3 familiemedlemer i dette huset. Ein ung gut blei livstrugande skadd i angrepet og har skadar som truleg vil følgje han resten av livet.

Vektstang brukt under drap og drapsforsøk Molde

Etterforskinga viste at den no domfelte 27-åringen brukte denne vektstonga både som våpen og som verktøy til å bane seg veg inn i bustadene både i Rypevegen og i Boråsvegen i Molde drapsnatta.

Foto: Politiet

– Vil anke

Forsvararen til den dømde mannen opplyser til NRK at dommen kjem til å bli anka.

– Dommen er som venta. Han blei frifunnen for eit drapsforsøk. Det er positivt. Og eg kan opplyse om at domen kjem til å bli anka, seier forsvarar Roy Peder Kulblik.

Kvifor ankar han?

Det går på det same som tiltalte sa under behandlinga i tingretten. Han hugsar ikkje det som skjedde, og at han dermed ikkje kan vedgå straffskuld, seier Kulblik til NRK.

– Hugsa ingen ting

Under heile etterforskinga og også under rettssaka hevda 27-åringen at han ikkje hugsa noko frå hendingane denne natta. Han vedgjekk dermed ikkje straffskuld, men sa at han har sett bevisa og skjønte at han måtte ha noko med saka å gjere.

Les også Mann tiltalt for valdtekt, drap og drapsforsøk i Molde

Person funnet død i Molde.

– Ingen tvil

Ifølgje dommen er Møre og Romsdal tingrett ikkje i tvil om tiltalepunkta, verken når det gjeld valdtekten eller drapet. Retten tvilar heller ikkje på at den då 26 år gamle mannen hadde som mål å drepe familiefaren som hadde hjelpt paret med problema i ekteskapet.

Retten uttalar at dei ikkje kan konkludere med at gjerningsmannen hadde som mål å drepe andre i familien. Men det kom til eit voldsomt basketak med den eine sonen i familien og guten blei livstrugande skadd. Retten kom til at gjerningsmannen må dømast for drapsforsøk også her.

Under rettssaka skjerpa aktor tiltalen til også å gjelde drapsforsøk på sonen som medverka til å overmanne gjerningsmannen. Retten kom til at det ikkje var gode nok prov for å kunne døme for drapsforsøk. Her er gjerningsmannen dømd for forsøk på kropsskade.

– Skjerpande

Når dommen endar på 21 år har retten lagt til ei rekkje skjerpande omstende. Normalstraffa for drap er 12 år og retten meiner sjølve drapet kvalifiserer til straff på 16 år. I tillegg kjem valdtekt, drapsforsøka og kroppsskaden. Dermed er konklusjonen fengsel i 21 år.

Drapsnatta

Det var ei ung gutestemme som natt til 24. november ringde naudsentralen med det første teiknet på at noko var verkeleg gale var på gang i eit bustadstrok i Molde.

– Hallo vi treng hjelp!

– Ein mann drep storebroren min!

– De må sende politi hit med ein gong!

– Send ein bil med ein gong – please!

(Frå lydlogg som blei spelt av i retten)

Når 15-åringen i Boråsvegen i Molde ringjer står han midt i eit kaos av vald, blod og knuste glasskår. Storebroren ligg blodig og livstrugande skadd på golvet framfor han.

Ti minutt tidlegare, i eit anna hus i nabolaget har allereie huseigaren i Rypevegen vakna. Han har høyrt ein lyd. Frå vindauget sitt ser han ein mann i kvit hettegenser springe frå staden.

I sokkeletasjen bur Helen Luel Asefaw.

Huseigaren kommuniserte med politiet då han på oppmoding frå politiet gjekk inn i leilegheita. Han kunne fort konstatere at det verst tenkjelege hadde skjedd.

– Dette er eit drap. Her ligg det eit drepe menneske!

(Frå lydlogg avspelt i retten)

– Kvinna ville ut av fangenskap Vitne i retten: – Kvinna ville ut av fangenskap og leve eit fritt liv

Person funnet død i Molde.

Tidslinje valdtekt, drap og drapsforsøk i Molde 24.11 2021

27-åringen er tiltalt for først å ha valdteke og drepe kona si Helen Luel Asefaw i Rypevegen 7B. Deretter drog han til Boråsvegen 66 og fjekk til åttak på fleire i familen som budde der. Alt skjedde i same nabolag i løpet av få minutt. Dette er dei se tidspunkta som politiet byggjer hendelsesforløpet på.

  • Kl. 01.31
    Valdtekt og drap

    Overvakingskamera fangar opp lyd av knusing av glas etterfulgt av kvinneskrik i Rypevegen 9.

  • Kl. 01.44
    Drapsforsøk

    Naudsamtale frå Boråsvegen 66. Ei gutestemme fortel at ein mann er i ferd med å ta livet av broren.

  • Kl. 01.48
    Politiet kjem til Boråsvegen 66

    Politiet konstaterer at eit menneske ligg hardt skadd. Det er basketak og gjerningsmannen er overmanna.

  • Kl. 02.00
    Funn av død person

    Huseigaren i Rypevegen 9 ringer politiet. Han blir beordra til kjellaretasjen. Der ser han at Helen Luel Asefaw ligg død.

  • Kl. 02.09
    Politi på drapsstaden

    Politiet er kjem til Rypevegen 9. Dei konstaterer at ein står overfor ei drapssak.

Omfattande etterforsking

Hendinga førte til ei av dei mest omfattande kriminaletterforskingane i Molde på fleire år. Etterforskinga avdekte at ekteparet hadde hatt store vanskar i ekteskapet, og at familien som blei angripen hadde forsøkt å hjelpe paret med samlivet.

Helen Luel Asefaw hadde søkt tilflukt hos krisesenteret i Molde. Deretter fekk ho hjelp av familien som blei angripen.

– Dette er eit klassisk partnardrap. Tiltalte har planlagt og gått målretta både til huset til kona si og til huset der familien som hjelpte henne budde, sa aktor Inger Myklebust under rettssaka.

Retten støttar også krava om erstatning, både til sonen til paret og til alle familiemedlemene som var til stades i huset i nabolaget. Deler av erstatninga er større enn normalerstatning. Retten kom til at ikkje berre dei som blei fysisk skadde skal få erstatning men også dei som blei påført traume som følgje av å vere tett på ei gruvekkjande valdshandling.

Akesaka skal gå for lagmannsretten i september.