Hopp til innhold

Mann i 20-åra vedgår ikkje straffskuld: – Han hugsar ingenting

Den drapssikta mannen i 20-åra er varetektsfengla i fire veker. Han hugsar ingenting frå drapet i Molde, seier advokaten hans.

Person funnet død i Molde.

Ei kvinne blei funnet død i Molde natt til onsdag.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Natt til onsdag blei ei kvinne funnen død i heimen sin i Molde. Like før fann politiet også ein hardt skadd tenåring på ei anna adresse i byen. Ein mann i 20-åra er sikta for drap og grov kroppsskade.

Mannen blei etter fengslingsmøtet torsdag varetektsfengsla i fire veker med brev- og besøksforbod. Dei første to vekene blir i full isolasjon med medieforbod, opplyser politiinspektør Yngve Skovly.

Politiet veit no identiteten til den døde kvinna i Molde, men har førebels ikkje fått varsla dei pårørande. Politiet slår no fast at den sikta mannen og den drepne kvinna er tidlegare ektefellar. Det kom fram på pressekonferansen torsdag ettermiddag.

Huskar ingenting

Mannen vedgår ikkje straffskuld.

Det seier advokaten hans, Roy Peder Kulblik, til NRK etter avhøyr i formiddag. Mannen har forklart i politiavhøyr at han ikkje huskar noko frå drapet. Kulblik seier mannen er fysisk skadd, men i betre form i dag enn onsdag. Mannen blei framstilt for fengsling klokka 13 i dag.

Mannen og avdøde har eit felles barn i barnehagealder.

Kripos jobbar på åstaden etter drapet på ei kvinne i Molde

Kripos er på åstaden for drapet torsdag.

Foto: Roar Strøm / NRK

Har vore i avhøyr

Politiet var torsdag morgon i gang med avhøyr av den drapssikta mannen i 20-åra i Molde.

Politiadvokat Yngve Skovly seier at det er alt for tidleg å seie noko om kva som er bakgrunnen for valdshendinga.

– Eg kan ikkje gå inn på kva han har sagt. Avhøyret er ikkje ferdig. Det er snakk om innleiande avhøyr, seier Skovly.

Politiet vil heller ikkje gå inn på om den sikta på nokon måte knyter seg til åstaden der den drepne ektefellen blei funnen.

Onsdag var den sikta mannen ikkje i psykisk eller fysisk stand til å bli avhøyrt, men etter at dei blei gjennomført ei rettspsykiatrisk undersøking, valde politiet i dag å avhøyre mannen på vanleg måte torsdag.

I familie

Tenåringen som blei funnen hardt skadd, ligg på St. Olavs hospital i Trondheim og har framleis livstrugande skader.

Skovly vil ikkje stadfeste relasjonen mellom den sikta og den skadde tenåringen, men seier at dei er i familie.

Kommunen sitt kriseteam fylgjer no opp dei pårørande.

Politiet held fram med avhøyr og det blir framleis gjort tekniske undersøkingar på fleire stader.

Åstedsgranskere sikrer spor utenfor et av åstedene i Molde onsdag.

Åstadgranskarar sikra spor utanfor ein av åstadane i Molde onsdag.

Foto: Yngve Hustad Reite / NRK