Hopp til innhold
Politiet gjør undersøkelser på to åsted i Molde onsdag formiddag
Foto: Roar Strøm / NRK

Kvinne drepen i Molde

Oppsummert

24 år gamle Helen Luel Asefaw vart funnen død i Molde 24. november. Ein tenåringsgut vart og livstruande skadd, men er i betring. Ein mann i 20-åra er tiltalt for valdtekt, drap, drapsforsøkt og kroppsskade.

  • Digitale spor

    Politiet har i dag presentert digitale spor, telefonsamtalar og opptak frå overvakingskamera som viser korleis tiltalte bevega seg i tida før og under valdshendingane i november.

    Telefonloggen viser korleis han ringte både til ektefellen, til bekjente, ektefellen sin onkel og også til sin eigen far kvelden før.

    Retten fekk avspelt lydopptak av innringingar til politiet og AMK frå naboar som melde frå om valden mot familien der familefaren hadde delteke i mekling for ekteparet.

    Politiet har laga ei tidslinje, som startar då paret gifta seg i juli 2025, gjennom hendingane i Noreg, oppbygginga fram mot valdshendingane, kva som skjedde under valdshendingane, og heilt til sonen til paret blei funnen.

  • Telefonsamtale

    I retten blei det i formiddag lest opp ein omsett versjon av ein telefonsamtale mellom Asefaw og tiltalte. I telefonsamtalen kom det fram at Asefaw såg på forholdet til tiltalte som slutt. Ho grunngav dette med at mannen hadde truga henne på livet og at han sette grenser for korleis ho kunne utvikle seg og at tiltalte ikkje let henne leve eit sosialt liv slik ho ville.

    Tiltalte la vekt på at hans handlingar var ein form for omsorg, han vedgjekk at han kunne vere sint, men også at det han både sa og gjorde var noko det gjekk an å leve vidare med.

    I telefonsamtalen kom det også fram at ho hadde gjort klar dokument for separasjon. Desse blei levert til familievernkontoret 11 dagar seinare.

    Samtalen handla også om omsorga for barnet, og gjekk føre seg eit par veker før valdtekten og drapet.

  • – Vakna av høg lyd

    Eigaren av huset der Helen Luel Asefaw blei drepen natt til 24. november forklarte seg i retten i dag. Han forklarte at han vakna av ein høg lyd.

    – Eg visste ikkje om eg drøymde eller kva, sa han og forklarte at han opplevde det som ein knuselyd. Han tenkte at nokon kanskje kasta glassavfall, men kunne ikkje skjøne at nokon gjorde dette midt på natta. Så han blei uroleg og sto opp.

    Frå vindauget sitt såg han ein person forlate staden. Huseigaren gjekk ut og oppdaga at eit vindauge i første etasje var blitt knust. (Bildet). Då ringde han politiet.

    – Politiet sa at det kunne ha samanheng med ei anna hending i nabolaget. Eg hadde ikkje lyst, men politiet instruerte meg til å gå ned og undersøke nærare. Eg hadde heile tida kontakt med politiet på telefonen, eg var redd og opna døra inn til leiligheita. Då såg eg henne ligg der og skjønte med ein gong at ho var drepen, sa mannen.

    Han forklarte også korleis dette har gått inn på han og at han framleis er påverka av det som skjedde.

    Knust vindu - drapssak Molde
    Foto: Politiet
  • – Irritert dagen før drapet og valdshandlingane

    I retten vitna i dag ein avdelingsleiar på arbeidsplassen som tiltalte hadde i perioden før 24. november 2021. Ho forklarte seg mellom anna om kva som skjedde dagen før hendingane i Rypevegen og Boråsvegen.

    – Tiltalte kom forseinka på jobb den 23. november og eg måtte ringe for å høyre kva som var skjedd. Han kom på jobb seinare enn vanleg og var irritabel den dagen, forklarte ho. Ho la til at dette var den einaste gongen ho hadde opplevd at tiltalte hadde ein dårleg dag på jobb.

    Det hadde skjedd ein feil i produksjonen der årsaka eigentleg låg i ein maskin som blei brukt. Då denne feilen blei påpeikt oppfatta tiltalte dette feilaktig som kritikk av han sjølv, forklarte vitnet.

    Ut over dette karakteriserte ho titalte som ein flink, høfleg og blid arbeidskollega.

  • Omfattande skadar

    Også polititenestemannen som var først framme i Rypevegen der ektefellen til tiltalte budde har forklart seg for retten.

    Han var i utgangspunktet til stade i Boråsvegen då han fekk melding om at det var funne ei død kvinne i Rypevegen.

    Han oppfatta at kvinna var død straks han kom til sokkelleiligheita der kvinna budde. – Ho var openberrt død og hadde omfattande knusningsskadar, sa politiførstebetjenten.

    Han konstaterte at vindauget til soverommet var knust, at det var mykje blod og at kvinna var delvis avkledd. Deretter sperra han av staden i påvente av at krimteknikarar skulle kome til staden.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no