Hopp til innhold

Ber om videoopptak frå Molde

Politiet ber publikum om videoopptak frå eit avgrensa område i Molde i samband med drapsetterforskinga. Ei kvinne vart funnen drepen natt til onsdag. Politiet er interesserte både i opptak frå faste installasjonar og bilar mellom klokka 17 tysdag 23. november og klokka 3 natt til onsdag 24. november. Området det gjeld er Fjellbruvegen i Vest, Retirovegen/Jupitervegen i aust og Langmyrvegen/Frænavegen i nord.

Person funnet død i Molde.
Foto: Tore Ellingseter / NRK