Hopp til innhold

Helseplattforma: – Systemet hadde neppe blitt valt om det skulle kjøpast i dag

Ti veker før Helse Møre og Romsdal skal innføre Helseplattforma går opplæringa i datasystemet på høggir. Samstundes kjem det sterke innspel om at Helseplattforma er ein fare for pasienttryggleiken.

Opplæring i Helseplattforma i Ålesund 9. februar 2024. Vi ser frå bak i lokalet fram mot læraren. Det lyser frå mange dataskjermar og vi ser ryggane til 7 elevar som sit konsentrert og får opplæring i Helseplattforma

Opplæringa går føre seg i klassar på om lag 10 personar. Og det går føre seg opplæring i fleire klasserom fordelt på fleire atasjar i dei gamle avislokala i Storgata 25 i Ålesund.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

I dei gamle lokala som avisa Sunnmørsposten forlet tidleg på totusen-talet har det igjen blitt liv.

Kvar dag fram til slutten av april får opp mot 200 tilsette i Helse Møre og Romsdal opplæring i det omdiskuterte datasystemet.

– Det er litt forvirrande. Men eg blir klokare frå time til time. Det er litt mykje klikking og og må nok bruke litt tid for å bli van med dette, seier vernepleiar Mathias Brekke.

Ved sidan av han sit kollega Katarina Thoresen. Ho har også teke med seg optimismen inn i kurslokalet.

– Det blir nok bra berre vi får øvd oss. Det blir bra, men vi må nok også hjelpe og støtte kvarandre seier Thoresen.

Opplæring i Helseplattforma. Helseplattformen. Katarina Thoresen til venstre, Mathias Brekke til høgre sit ved dataskjermane og følgjer med på opplæring. I Bakgrunnen ser vi andre som er med på same opplæring. Kurslokale i Ålesund, Storgata 25.

Katarina Thoresen og Mathias Brekke under Helseplattform-opplæringa i Ålesund.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Håper ny rapport kan stoppe Helseplattforma Håper ny rapport kan stoppe innføringa av omstridd journalsystem

Helseplattformen sykepleiere

Helseplattformen: Ansatte lagrer sensitive pasientopplysninger på post-it-lapper Helseplattformen: Ansatte lagrer sensitive pasientopplysninger på post-it-lapper

Helsa mi

Skal takast i bruk i april

Helse Midt-Noreg har igjen presisert at Møre og Romsdal SKAL innføre Helseplattforma i slutten av april i år.

– Men vi set ikkje i gang noko som skal setje pasienttryggleiken i fare, seier direktør Stig Slørdahl til NRK.

Halmstrådet til dei som meiner Helseplattforma framleis er farleg for pasientane er risikovurderingane som skal pågå fram til påske. Resultatet kan bli at innføringa blir utsett berre få dagar før innføringsdatoen.

Men førebuingane, med opplæring og installasjonar, er som eit hurtigtog som rullar og rullar i full fart. Naudbremsen kan bli sett på i byrjinga av april.

St. Olavs hospital brukte naudrett for å bryte seg inn i pasientjournal St. Olav brukte naudrett for å bryte seg inn i pasientjournal

skjermbilde av helseplattformen

– Var lojal, men blei motstandar

Medan helsearbeidarane i Ålesund, Kristiansund, Molde og Volda konsentrerer seg om tastetrykk og skjermibilde rasar debatten om Helseplattforma i samfunnet utanfor.

Berit Grandaunet

Berit Grandaunet er overlege ved St. Olavs hospital og sa ja til å vere superbrukar i Helseplattforma.

Foto: Privat

Berit Grandaunet er overlege ved St. Olavs hospital iTrondheim.

Ho var ivrig og entusiastisk i arbeidet med å får nye, digitale verktøy i helsevesenet.

Heilt til kvardagen og Helseplattforma innhenta henne.

– I arbeid med Helseplattforma får eg høyre at eg er dårleg førebudd og litt dum. Eg som tykkjer digitalisering er interessant og viktig. No har eg gått frå å vere lojal til å bli motstandar av Helseplattforma, seier ho.

Ho kallar seg seg førstegenerasjons databrukar, ein databrukar som har fulgt utviklinga frå Commodore 64 på tidleg 80-tal fram til i dag.

– Visjonen «éin innbyggar - éin journal» er god. Men det er noko anna enn «éin innbyggar - ei bestemt dataløysing», seier ho til NRK.

No meiner ho systemet frå Epic frå USA neppe kjem til å fungere her i landet.

Sindre Brastad er ein av kurslærarane i samband med innføringa av Helseplattforma i Møre og Romsdal. Her står han ved sidan av ein elev og viser korleis Helseplattforma fungerer.

Sindre Brastad er ein av mange lærarar som underviser i bruken av Helseplattforma. Han er sjølv vernepleiar, men arbeider no som instruktør for Helseplattforma.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

– Inga tru på oppgraderingar

Helse Møre og Romsdal satsar på at både feilrettingar og store, grunnleggande oppgraderingar hos Epic systems skal gjere Helseplattforma både tryggare for pasientane og lettare å bruke for dei tilsette

Dette har legen og superbrukaren lita tru på.

– På dei områda der Epic bevisst har valgt løysingar som kanskje høver i USA men ikkje i Noreg, der blir det ikkje betre.

Fryktar ny IT-satsing gjer dei til ei «digital sinke» Fryktar ny IT-satsing gjer dei til ei «digital sinke»

Elin Wikmark Darell

– Ville ikkje valt Epic i dag

Magne Jørgensen er professor i informatikk på universitetea SimulaMet og OsloMet. Han er overtydd om at Helseplattforma ikkje hadde basert seg på løysingane til Epic systems om ein skulle velje digital plattform i dag.

Magane Jørgensen

Magne Jørgensen er professor ved SimulaMet og Oslo Met.

Foto: Oslo Met

– Store system som skulle klare å handtere alle typar funksjonar blei anbefalt i åra rundt 2015. Slik er det ikkje i dag. I dag ville løysinga ha vore å utvikle mindre, spissa system som skulle løyse enkelt-område, seier Jørgensen.

– Valet av løysing og leverandør gav skyhøg risiko for å feile, seier han.

Han seier at Epic ikkje ville ha blitt valt om valet skulle gjerast i dag.

– Stadig forbetring

Direktøren i Helse Midt-Noreg, Stig Slørdahl, teiknar eit heilt anna bilete av korleis situasjonen i Helseplattforma er. Han deltok på eit møte om Helseplattforma i Akademisk forum i Oslo 25. januar.

Stig Slørdahl

Stig Slørdahl er administrerande direktør i Helse Midt-Noreg.

Foto: Geir Vidar Nubdal/NTNU

– Eg skal ikkje snakke vekk utfordringane. Det er gjort feil i val av design og ting heng ikkje godt nok saman. Men vi lærer av feila og det går rett veg,sa Slørdahl.

Vurdering av tryggleiken i Helseplattforma skal vere klar i byrjinga av april Vurdering av tryggleiken i Helseplattforma skal vere klar i byrjinga av april

Sjukehuset Nordmøre og Romsdal på Hjelset i Molde under bygging.

– Fokuserer på opplæringa

Medan diskusjonen om Helseplattforma går høgt ute i samfunnet blir hundre på hundre helsearbeidarar skyssa til kurslokala. Berre i Ålesund har Helse Møre og Romsdal leigd 15 kursrom i nedlagde avislokale.

– Opplæringa går veldig fint. Det har vore litt støy rundt sjølve løysinga, styrevedtak og eventuelle utsetjingar. Men vi fokuserer på det som skjer i klasserommet og dette går stort sett svært greit, seier opplæringsansvarleg Helen Fannemel.

Har støyen rundt Helseplattforma påverka dykk på nokon måte?

– Ja, det har det. Det er naturleg at folk kan vere både frustrerte og urolege. Men folk tek dette svært fint. Vi er inne i ei stor omlegging. Og dette skal skje samstundes som arbeidet skal gå som normalt. No får dei eit minimum av det dei treng for å ta i bruk løysinga. Så må ein lære og bli van med løysinga når den blir teken i bruk ute på klinikkane, seier Helene Fannemel.

Helene Fannemel. Ho står utanfor eit rom der det pågår opplæring i Helseplattformen Helseplattforma inne bak glasveggane. Fannemel er opplæringsansvarleg i samband med innføringa av Helseplattforma.

Helene Fannemel er opplæringsansvarleg i samband med innføringa av Helseplattforma i Helse Møre og Romsdal.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL