Hopp til innhold

– Mogleg å skrote Helseplattforma på visse vilkår

Helsearbeidarar, politikarar og IT-ekspertar meiner helsetenestene må skrote Helseplattforma. Men det er truleg ein lang veg fram til dette kan bli aktuelt.

Fakkeltog mot Helseplattformen

I november arrangerte tilsette ved sjukehusa i Midt-Noreg demonstrasjonar mot Helseplattforma. Dei meiner datasystemet gjer arbeidet lite effektivt og at det set pasienttryggleiken i fare.

Foto: Grete Thobroe / NRK

St. Olavs hospital er det einaste sjukehuset som har teke i bruk det omdiskuterte journal- og samhandlingssystemet Helseplattforma. Vanskane har vore så store at innføringa er utsett både i Nord-Trøndelag og i Møre og Romsdal.

Meldingane om svekka pasienttryggleik, tilvisningar som forsvinn, lite effektivitet og eit system som ikkje er brukarvenleg kan føre til at innføringa i Møre og Romsdal blir utsett på nytt. Styret i Helse Møre og Romsdal skal ta stilling til dette 7. desember.

– Mindre tid til pasientar

Ei av dei som meiner at Helseplattforma ikkje er eigna til bruk ved norske sjukehus er tillitsvald for overlegane ved kirurgisk avdeling på St. Olavs hospital, Monica Engstrøm.

Ho seier at pasienttryggleiken er redusert, mellom anna fordi informasjon forsvinn. Ho meiner at det blir mindre tid til å behandle pasientar fordi systemet er tidkrevjande. Og det er ikkje alltid pasientane som det hastar mest med som kjem først til behandling.

– Systemet er tungvint, informasjon mellom oss og andre instansar kjem ikkje fram, tilvisingar forsvinn på vegen og vi er ikkje sikre på at pasientane kjem til oss i rett rekkefølgje, sa ho i Politisk kvartér onsdag.

Kritikken blir støtta i rapportar frå både Helsetilsynet og Riksrevisjonen.

Overlege Monica Engstrøm ved kirurgisk avdeling på St. Olavs hospital

Monica Engstrøm er overlege ved kirurgisk avdeling på St. Olavs hospital i Trondheim.

Foto: Morten Andersen / NRK

– Kan ikkje halde fram

Dette har fått stortingsrepresentant Bård Hoksrud (Frp) til å krevje at arbeidet med å innføre Helseplattforma i Møre og Romsdal og Nord-Trøndelag må stoppast, og at kontrakten med amerikanske Epic systems etter kvart blir heva.

–Dette kan ikkje halde fram. Alt som har kome fram er så alvorleg. Noko må gjerast. Eigentleg vil eg at ein kvittar seg med heile systemet. Vi kan i alle fall ikkje rulle ut systemet til nye sjukehus, seier Hoksrud.

Les også – Det er total skandale det som skjer

Frp-politiker Bård Hoksrud

– Kontrakten med Epic må hevast

Ein av dei som tek til orde for å heve kontrakten med Epic er den prisvinnande IT-eksperten Per Morten Hoff. Han var tidlegare tilknytt IKT-Noreg og har hatt verv i internasjonale IT-organisasjonar og regjeringsutpeika råd og utval. No meiner han vanskane i Helseplattforma har tårna seg så kraftig opp at kontrakten med Epic systems må hevast.

– Kontrakten bør definitivt vere mogleg å heve. Spørsmålet er om det er mogleg å heve kontrakten. Amerikanske kontraktar er kjende for å vere veldig spesielle og vanskelege å kome seg ut av. Dei er ofte veldig i favør av leverandøren, seier Per Morten Hoff.

Per Morten Hoff

Per Morten Hoff er norsk journalist og konsulent. Han har tidlegare arbeidd for IKT- Norge og har representert fleire organisasjonar og utval.

Foto: Gaute Zakariassen / NRK

Les også Fryktar ny IT-satsing gjer dei til ei «digital sinke»

Elin Wikmark Darell

Les også Sykehus mot økonomisk smell: – Det haster med å iverksette kraftfulle grep

St. Olavs Hospital i Trondheim

– Fullt mogleg å heve kontrakten

NRK har lagt kritikken fram for både Helse Midt-Noreg, som tok initiativet til å få etablert Helseplattforma, og for selskapet Helseplattforma AS, som i dag driv systemet og har ansvaret for kontraktane med Epic systems.

– Det er sjølvsagt mogleg å seie opp inngåtte avtalar. Men då må kriteria for å kunne gjere dette vere til stades, skriv Helse Midt-Noreg i ein e-post til NRK.

Også aksjeselskapet Helseplattforma AS stadfester at det er teoretisk mogleg å heve kontrakten med Epic. Ut frå svara er det likevel tydeleg at det er eit stykke fram til at dette kan bli aktuelt.

– Det er mogleg å heve kontrakten om tilhøva for å kunne krevje heving er til stades, skriv konstituert kommunikasjonssjef Frode Nikolaisen i ein e-post til NRK.

Nikolaisen opplyser at kontrakten med Epic er ein tilpassa versjon basert på norske statlege standardkontraktar. Det er inngått éin kontrakt for etablering og levering av Helseplattforma og éin kontrakt som gjeld påfølgjande vedlikehald av systemet. I tillegg er det ein kontrakt som styret samhandlinga mellom Epic og Helseplattforma AS.

Les også Markeringer over hele Midt-Norge: Vil begrave Helseplattformen

demo helseplattformen

Les også Kreftforeningen: Frykter du kreft, ikke vent på svar fra St. Olav

St. Olav

Kravspesifikasjon og kontrakten avgjer

I samband med anbodsrunden har Helse Midt-Noreg og Helseplattforma AS sett opp kravspesifikasjonar på til saman mange hundre sider. Det finst kravspesifikasjon for funksjonane i Helseplattforma, det finst krav om korleis opplæringa skal føregå, det ligg føre ein teknisk kravspesifikasjon, kravspesifikasjon for vedlikehald, framdrift, testing og så vidare.

Kontraktane som er inngått gjeld både sjølve leveransen, vedlikehald og ein kontrakt om korleis ulike spørsmål kring etableringa av Helseplattforma skal handterast.

Kontrakten inneheld detaljerte opplysningar om korleis eventuelle kontraktsbrot skal handterast. Dette gjeld kontraktsbrot både frå Epic og frå Helseplattforma si side.

Oversett frå engelsk er dette formulert slik i hovudkontrakten:

Dersom leverandøren (Epic) ikkje lukkast, trass gjentekne forsøk, i å avhjelpe ein mangel, kan kunden (Helseplattformen AS) krevje ein forholdsmessig reduksjon i kontraktsprisen. Ved vesentleg misleghald kan kunden, etter å ha gjeve skriftleg varsel, og gjeve ein rimeleg frist for å avhjelpe forholdet, heve heile eller deler av leveringskontrakten for misleghald med umiddelbar verknad.

Kontrakten inneheld også definisjonar om kva som kan reknast som kontraktsbrot:

Det ligg føre kontraktsbrot frå leverandøren si side dersom leveransen ikkje er i samsvar med avtalte funksjonar, krav eller fristar. Det ligg også føre kontraktsbrot dersom leverandøren unnlet å utføre andre plikter etter leveringskontrakten. Det er likevel ikkje kontraktsbrot om situasjonen er forårsaka av tilhøve som er knytt til kunden eller force majeure.

I tillegg til kontraktane har det kome inn tilleggsdokument som omhandlar korleis systemet skal utviklast i fellesskap mellom Epic systems og Helseplattforma AS.

Satsar på feilretting og forbetring

Så langt er det ingen ting som tyder på at toppleiinga i spesialisthelsetenesta eller i Helseplattforma AS er nær ved å ville heve kontrakten med Epic systems. Tvert om handlar alle signal framleis om feilrettingar og at systemet skal gjerast meir brukarvennleg.

– Helseplattforma vedgår at det har vore svært krevjande for St. Olavs hospital å ta i bruk ei så omfattande løysing. Med for mykje feil og lite brukarvenlegheit har ikkje helseføretaket hatt føresetnader for å lukkast, skriv Helseplattforma AS i ei pressemelding.

I pressemeldinga heiter det også at det blir arbeidd godt med feilretting og at dei høgast prioriterte forbetringane og feilrettingane er i mål. Den neste fristen for feilrettingar er sett til 6. desember i år.

Les også Helseplattformen får kritikk: – Fungerer klart dårligst

Rachel Dille-Amdam ser på skjermbilde av helseplattformen

– Ikkje sant

Tillitsvald for overlegane på kirurgisk avdeling på St. Olavs hospital, Monika Engstrøm kjenner seg likevel ikkje att i opplysningane om at dei mest vesentlege feila er retta opp i.

– Det er ikkje sant. Vi har ikkje sett dei betringane. Vi har arbeidd med dette i eitt år, og situasjonen er lik for oss som arbeider i systemet, sa ho i Politisk kvartér på NRK onsdag.

Dette skjer om dei ikkje kjem i mål

Dermed står framleis spørsmålet att om kva som skjer om ein ikkje kjem i mål og om det viser seg å vere for krevjande for alle partar om systemet ikkje kjem opp på det nivået som er i samsvar med krava som blei stilt då innkjøpet blei gjort.

IT-ekspert Per Morten Hoff er uroa over kva som eventuelt skjer om ei slik sak skulle gå for ein amerikansk domstol.

– Det har vist seg å vere vanskeleg å kome fri frå kontraktar der ein tvist blir ført skal førast etter amerikansk lov og rett, seier Hoff til NRK.

Helseplattforma AS avviser denne problemstillinga, og opplyser til NRK at kontraktane er inngått etter norsk lov, og at eventuelle rettssaker skal avgjerast i Noreg.

– Kontrakten er underlagt norsk rett, skriv kommunikasjonssjef Frode Nikolaisen i ein e-post til NRK.

Dette framgår også av dokument NRK har fått innsyn i, der det heiter at alle tvistar i samband med kontrakten utelukkande skal vere underlagt norsk lov.

Ja eller nei i Møre og Romsdal

7. desember skal Helse Møre og Romsdal ta stilling til om Helseplattforma skal takast i bruk ved sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Innstillinga frå administrasjonen blir kjend om lag ei veke i forkant av dette.

Dersom det blir eit ja skal desse sjukehusa ta i bruk systemet frå slutten av april 2024.

Les også Strid om feilretting i Helseplattforma: – Opplysningane stemmer ikkje

Torgeir Sand Aas