- Vi var svært letta då vi fekk vite at ingen var skadd i raset som gjekk i går kveld, sa ordførar Tove Lise Torve då folkemøtet opna.
Orientering, informasjon og krav
Ordførar Tove Lise Torve sa at det var fleire mål med møtet onsdag kveld.
- Vi ønskjer å orientere og få fram faktaopplysningar. Vi vil at folk skal få svar på spørsmåla dei måtte ha, og vi vil hente inn signal på kva lokalbefolkninga meiner om Oppdølsstranda bør stengast eller ikkje, sa Tove Lise Torve.
Vegvesenet
- Det gjekk kaldt ned over ryggen då vi fekk høyre kva som hadde skjedd, sa representanten for Statens vegvesen. Han orienterte om kva geologane hadde sett då dei var oppe i fjellsida onsdag.
Det er store steinblokker som har rasa ut. Det ligg ikkje så mykje på vegen. Likevel er det store mengder som har rasa ut.
Han viste til at dei tre rasa som har skjedd det siste året har skjedd på noko forskjellige stader. - Det har ikkje vore slik at situasjonen har blitt meir ustabil, sa Johansen. Men vi vel å løfte problematikken inn til Samferdsledeparementet. Vi treng ein litt overordna diskusjon på kva som må til for å stenge vegen, sa han. Vi vil også ha ei risikovurdering av Oppdølsstranda. Det er totalsituasjonen som gjer meg uroleg. I morgon skal vi ha eit møte saman med NVE der vi legg føringar for den vidare prosessen, sa ha.
Stengt inn til vidare
Oppdølsstranda blir stengd inn til vidare, sa representanten for vegvesenet. I dag har skyssbåten gått i skytteltrafikk forbi rasstedet. Ordførar Tove Lise Torve var klar på at Sunndal kommune ønskjer transport sjøvegen medan tunnelane blir bygde.
Omfattende planprosess
På møtet blei deltakarane orienterte om vedtak i fylkestinge og om planprosessen som Sunndal kommune har sett i gang. Representanten frå kommunen la vekt på at planprosessen kan ta lang tid.
- Vi er utålmodige alle saman, og eg skjønar spørsmåla om kvifor vi ikkje kan ta til med bygginga med ein gong, sa ordførar Tove Lise Torve. Men vi er forplikta til å følgje lovar og reglar for slike prosessar, sa ho. Planarbeidet går så fort som mogleg, la ho til.
Reelt alternativ
- Folket på Ålvundeid og Ålvundfjord må ha eit reelt alternativ til å køyre Oppdølsstranda, sa rådmannen i Sunndal. Han orienterte om arbeidet som er gjort for å skaffe båtskyss forbi rasstaden. Det er no sikra at også dei som arbeider tidleg skift på Hydro aluminium skal få kome seg på arbeid, sa rådmannen. Rutetidene vil stå på nettsidene til Sunndal kommune.
- Akkurat no må vi finne gode ordningar for dei som ferdast langs vegen, sa ordførar Tove Lise Torve. Skal det vere båtskyss ? Skal det vere ferje ? Skal vegen vere stengd eller open ? Vi må få fram kva ønskje folket i området har, sa Torve.
Store følgjer
Leiaren i næringsforeninga fortalde at foreninga har hatt hastemøte i dag. Dei er svært opptekne av korleis saka blir handtert framover.
- Vi er opptekne av at vegen blir halden open. Vi er opptekne av tryggleiken. Men ei stenging vil ha store følgjer, sa representanten for næringsforeninga. Får vi no ei permanent stenging, vil det få veldig store følgjer for lokalt næringsliv, sa han. Eg har snakka med fleire representantar for lokalt næringsliv, og vi ser det som svært viktig at vegen blir halden open, sa han.
- Men sjølv om vegen er open, må det oppretthaldast alternativ skyss forbi rasstaden, sa representanten for næringsforeninga.
Begynn i den eine enden
Ein av deltakarane på folkemøtet meinte at tunnelbygginga kan byrje der det er heilt klart kvar tunnelinnslaget skal vere. Han meinte at det var unødvendig å vente heilt til det var avklart kvar tunnelen skulle kome ut i den andre enden.
Flodbølgje ?
Ein av deltakarane på møte stilte spørsmål om kva mengder stein som kan rase ut, og kva følgjer dette kan få for båttransport forbi rasstaden. Ho viste mellom anna til skredfaren som er omtalt ved fjordsystemet på Sunnmøre. - Kan det bli flodbølgje i Sunndalsfjorden, spurte ho.
Ho fekk til svar at det no ikkje er noko som tyder på at det vil gå ein type skred som utløyser flodbølgje. Geografien i dette området er prega av at det vil gå ei rekkje forholdsvis mindre skred, blei det opplyst.
Alternativ
Etter som enkelte innleg fekk ein del applaus kom ordførar Tove Lise Torve med ei førebels oppsummering. - Det synest som om folk ønskjer at Oppdølsstranda skal vere open, men at folk i tillegg ønskjer alternativ transport sjøvegen, og at dette skal skje enten med skyssbåt eller ferje.
Funksjonshemma
Ein av deltakarane peika på at båten som blir brukt no er dårleg eigna for funksjonshemma. Det blei då presisert at den noverande ordninga er ei hasteordning. Dersom dette blir ei fast ordning, må dette ut på anbod, og då blir omsynet til funksjonshemma bli innarbeidd i anbodsgrunnlaget, blei det sagt.
Realistisk med ferje ?
Ein deltakar spurte om det var realistisk med ferjesamband til og frå Oppdøl. Han viste til at det er svært trangt på Oppdøl, og at det har tidlegare har vore sagt at det ikkje er plass til ferjeleie der.
Svaret som kom var at dei som skal arbeide med planlegginga er klar over problematikken, men at det ikkje var tid for å konkludere no.
Vis omsyn på Oppdøl
Mot slutten av møtet kom det ei oppmoding om å vise omsyn ved bilkøyring på Oppdøl. Dei som køyrer heilt ned til kaia må vere klar over at det bur born i området, blei det sagt.
Alternativ til sjøs
Vi skal ha eit alternativ til sjøs for alle uansett. Oppdølsstranda blir stengt inn til vidare. NVE skal lage ei risikovurdering, og spørsmålet om Oppdølsstranda skal opnast må sjåast i samanheng med dette, sa ordførar Tove Lise Torve til slutt.