Hopp til innhold

Bussjåførar redd rasstrekning

Bussjåførane er redde etter raset som gjekk på Oppdølsstranda tysdag kveld.

Oppdølsstranda
Foto: Roger Selset

Raset var det tredje på under eit år.

Siste åtvaring

Då raset gjekk på Oppdølsstranda i går kveld hadde ein buss akkurat passert, og neste buss måtte stoppe fordi vegen vart uframkommeleg. Bjørg Aspås er hovedtillitsvald for dei som er organiserte i Tansportarbeider-forbundet i Nettbuss Møre. Ho er redd det snart går skikkeleg gale.

- Det er veldig nært at det går liv no. Trass i at geologane kvar gong seier det er trygt så er ikkje Oppdølsstranda trygg. Eg trur vi må ta dette som ei siste åtvaring før det skjer ei katastrofe, seier Aspås.

Video nsps_upload_2009_6_17_8_50_55_1323.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Stort steinras

Seint tysdag kveld gjekk eit hundre meter breidt steinras på Oppdølsstranda. Vegen er stengd, og raset sette fyr på terrenget i området. Dette er det tredje raset på under eit år på Oppdølsstranda. I august 2008 blei ein mann hardt skadd så raset tok bilen han køyrde. I fleire periodar har det gått båtskyss forbi Oppdølsstranda på grunn av rasfaren.

Storras på Oppdølsstranda

Steinblokker store som biler

Gruar seg

Bjørg Aspås fortel at bussjåførane gruar seg kvar gong dei skal køyre denne strekninga.

- Du kan tenkje deg sjølv korleis det er å site å vente på at det skal dette stein i hovudet på deg. Ein del av dei gruar seg for å køyre denne strekninga. Dei kan sjølvsagt ikkje site og tenkjer på det heile tida, då blir det jo uhaldbart å gå på arbeid, seier Aspås.

Video nsps_upload_2009_6_17_12_26_57_1343.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Nære på

Raset gjekk like etter at ein buss hadde passert området og like før ein annan buss skulle køyre der.

- Ja, dette var nære på. Det kunne ikkje ha kome nærare no. Eg trur ikkje vi skal gamble på at det kjem endå nærare, seier Aspås.

Uvisst når vegen kan opnast

Geologar på veg opp fjellsida

Krev ferje forbi rasstaden

Ferje

Bjørg Aspås er ikkje i tvil om at noko må gjerast straks i påvente av at tunnelen blir ferdig om nokre år.

- No må det kome ferje på strekninga så fort som dei berre kan få det til. Eg høyrer at geologane seier det er trygt på Oppdølsstranda. Men no meiner eg stranda må stengast, seier Bjørg Aspås.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.