Hopp til innhold

Uvisst når vegen kan opnast

Det er usikkert kor lenge vegen forbi Oppdølsstranda vert stengt denne gongen.

Oppdølsstranda stengd
Foto: Jan Erik Vangen

Geologar frå Statens vegvesen reiste opp med helikopter klokka ti i formiddag.

Uvisst når vegen kan opnast

Distriktsvegsjef Jan Arild Johansen i Nordmøre og Romsdal vil ikkje spekulere i når dei kan opne vegen igjen.

- Dette har eg ikkje lyst til å spekulere i. No vil vi ha den faglege vurderinga og så vil vi ha sluttvurderinga før vi kan seie noko om dette, seier Johansen.

Storras på Oppdølsstranda

Steinblokker store som biler

Ferje

Onsdag formiddag var også Statens vegvesen varsame med å kommentere kravet om ferje forbi rasstaden.

- Eg har ikkje lyst til å ha noko sterk oppfatning om dette. Dette er ganske nye prinsipp. Vi har brukt ferje tidlegare der vi har hatt stengd veg tidlegare. Før vi tek stilling til dette no må vi teste desse prinsippa inn mot sentrale styresmakter, seier Johansen.

Video nsps_upload_2009_6_17_8_50_55_1323.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Geologar

Geologar saumfarte onsdag formiddag rasstaden frå helikopter. Dei ser etter om det er fare for at det skal gå nye ras.

- Vi ser etter om der ligg meir stein eller om det har rast frå seg, seier Johansen.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL