Hopp til innhold

Krev ferje forbi rasstaden

Fleire fylkespolitikarar krev no at det blir sett inn ferje på den rasfarlege Oppdølsstranda i Sunndal.

Oppdølsstranda stengd
Foto: Jan Erik Vangen

I går kveld gjekk det eit nytt stort ras på Oppdølsstranda.

Ferje

Lilly Gunn Nyheim

Lilly Gunn Nyheim, Arbeidarpartiet.

Foto: Trond Vestre / NRK

Lilly Gunn Nyheim frå Arbeidarpartiet foreslår i fylkestinget i dag at det blir sett inn ferje.

- Dette er naturlegvis for å trygge trafikken og for å sikre dei som ferdast der, seier Nyheim. Og vi kan ikkje isolere dei som bur på andre sida av Oppdølssranda, seier ho.

Stort ras

Ved 23-tida tysdag kveld gjekk eit hundre meter breidt ras på Oppdølsstranda, like nord for Sunndalsøra. Vegen er stengd, og det går no passasjerbåt forbi rasstaden. Steinblokkene er omtalt som store som bilar. Steinane traff ei høgspentline, og det tok fyr i terrenget.

Fort

Lilly Gunn Nyheim er ikkje i tvil om at det må etablerast ferjesamband straks. - Det er klart det. Det fins militære løysingar for ferjekaier. Dette kan kome raskt berre det er vilje og pengar til det.

Stadig nye ras

- Vegen må ikkje opnast att, seier Lilly Gunn Nyheim. Raset går jo stadig på nye stader langs Oppdølsstranda. Heile stranda er jo rasfarleg. Det er jo berre små område som blir sjekka av geologar. Heile stranda er rasfarleg, og tilliten til vegvesenet er kanskje ikkje like sterk som før, seier Nyheim.

Fleire politikarar samde

Frank Sve

Frank Sve, Framstegspartiet.

Foto: Trond Vestre / NRK

Også leiaren i samferdsleutvalet i Møre og Romsdal, Frank Sve frå Framstegspartiet, krev at det blir sett inn ferje.

- No må ein slutte å lure. Ferje er det einaste rette i denne situasjonen. Det har vi sagt i lang tid. No må ferja på plass, og Statens vegvesen må slutte å lure, seier Sve.

Staten må betale

Frank Sve er ikkje i tvil om at Staten må betale det det kostar å halde ei ferje i drift til tunnelane blir ferdige.

- Dette er Statens vegvesen sitt ansvar. Dette er ein stamveg, seier Sve.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.