27. mars 2006: Fylkesutvalet har i dag løyvd 12 millionar kroner slik at vegvesenet kan sikre strekninga med fangnett. Men lokalbefolkninga meiner at berre tunnel er godt nok.
1. februar 2007: Rasfare gjer at foreldre i Ålvundfjord og Ålvundeidet ikkje tør sende barna sine på ungdomsskulen på Sunndalsøra. Dei meiner det må byggast tunnel gjennom heile den nordlege delen av Oppdølsstranda for at vegen skal bli trygg.
25. august 2008: I går kveld blei riksveg 70 på Oppdølsstranda sperra av ras. To bilar blei trefte og ein person ligg på sjukehuset i Trondheim med alvorlege skadar.
17. september 2008: For tre og ei halv veke sidan blei bilen han sat i knust av steinraset på Oppdølsstranda. No har Roger Snekkevåg vakna frå koma, og er glad for å vere i live.
8. juni 2011: Riksveg 70 Oppdølstranda mellom Sunndal og Kristiansund er stengt på ubestemt tid etter et større steinras i dag tidelig. Vi var med Ivar Hoel i Statens vegvesen inn i området.
7. september 2011: Samferdserdelsministeren sjøl tok jobben då tunnelarbeidet på den svært rasutsette Oppdølsstranda starta i dag. Milliardprosjektet har kome i gang på rekordtid, noko naturen vel må ta æra for.
22. september 2011: På Oppdølsstranda var det ein stor merkedag i dag. Arbeidet med å sikre den svært rasutsette vegen er i gang. Om tre år skal dette ikkje lenger vere den mest rasutsette strekninga i Midt-Noreg.
10. desember 2012: Siste salve vart i dag fyrt av i tunnellen som er under bygging på Oppdølsstranda i Sunndal. Det er vel ett år etter at arbeidet vart sett i gang.
12. august 2014: Fredag stengjer ein av landet mest rasfarlege vegar. Då skal all trafikk forbi Oppdølsstranda i Sunndal gå gjennom den nye tunnelen.