Hopp til innhold

Tunnelen er opna - rasfaren er historie

SUNNDAL (NRK.no): Ei av Noregs mest rasfarlege strekningar er historie. Milliardtunnelen er opna. Rasfareren er historie og er erstatta av ein av Noregs mest moderne tunnelar.

Statssekretær Bård Hoksrud fekk æra av å opne tunnelen.

Det er ei høgtideleg hending når ein tunnel av dette slaget blir opna. Statssekretær Bård Hoksrud gjer seg klar med saksa.

Det var invitert til folkefest i Sunndal. Og folk strøymde inn mot midtpunktet i tunnelen både frå nordsida mot Ålvundeid og sørsida mot Sunndalsøra. Ei uoffisiell teljing viser at det var over 1000 menneske inne i tunnelen.

– It's a happy day, sang ordførar i Sunndal, Ståle Refstie for full hals, til stor jubel frå dei frammøtte.

Det var statssekretær Bård Hoksrud som fekk æra av å opne tunnelen.

– Dette er ein gledens dag. Eg var her på folkemøte i 2008. Og eg visste det var engasjement her. Det møtte opp over 200 menneske som kravde handling. I dag rosar vi Magnhild Meltveit Kleppa for pengeløyvinga som den førre regjeringa hadde ansvar for. Med engasjementet og historia rundt denne vegen skjønte politikarane kor viktig ein tunnel kunne vere, sa Bård Hoksrud like før han klipte snora.

– Det har vore dramatiske hendingar

Det var statssekretær Hoksrud som kom til tunnelopninga, og ikkje samferdselsminister Solvik-Olsen som annonsert. Opninga var lagt til ein fredag, og Regjeringa møtte i Statsråd hos Kongen. I dag var det umogleg for samferdsleministeren å få fri frå dette viktige møtet.

Hoksrud har vore i området før, og kjenner godt til historia kring Oppdølsstranda.

Historia kring dette vegsambandet har vore både mørk og vond. Her har vore dramatiske hendingar. Men no er tunnelen her, og dermed er tryggleiken her også, sa Hoksrud.

Oppdølsstranda videokolasj

Bildemontasjen viser nokre av dei dramatiske hendingane på Oppdølsstranda. Du kan sjå videoane ved å trykkje på lenkja oppe i artikkelen.

Foto: NRK

– Mange har kjempa for dette

Også ordførar i Sunndal, Ståle Refstie strålte som ei sol. Han understreka kor viktig tunnelen er for lokalsamfunnet.

Ståle Refstie

Ordførar i Sunndal Ståle Refstie.

Foto: Magnus Peter Harnes / NRK

– Dette betyr berre så mykje for oss. Vi har venta på dette så lenge. Vi har venta i minst 50 år. No får vi knytt kommunen og regionen godt og trygt saman, seier ordførar i Sunndal, Ståle Refstie til NRK.

Og det har vore mange som har kjempa for dette?

Ja. Det har vore foreldre som har kjempa for trygg skuleveg. Det har vore lokalpolitikarar, vi har hatt stortingspolitikarar og heile bygda har stått opp for dette, seier Refstie.

Mann alvorleg skadd i skred

Det har gått ei rekkje ras på Oppdølsstranda, og dei siste åra har vegen vore stengd i lengre periodar. Ei av dei mest alvorlege hendingane skjedde 24. august 2008, då ein mann blei alvorleg skadd i eit skred.

Heilt fram til no har skulebarna blitt frakta med båt forbi den rasfarlege strekninga.

14. mars 2011 gav dåverande samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa klarsignal om at Vegdirektoratet kunne lyse tunnelanlegget ut på anbod. Dette skjedde etter langvarige folkeaksjonar.

Moderne tunnel

Anleggsarbeidet har gått føre seg sidan 22. september 2011. Og tunnelen set ein ny standard for korleis tunnelane skal vere i framtida. Tunnelen innfrir dei nyaste krava til tryggleiksutstyr i tunnelar.

Også belysninga består av det nyaste innan dette området, med LED-lampar over det heile.

– Folk vil oppleve dette som betre belysning enn det ein har vore van til elles. Lampane er også straumsparande, og det er mindre behov for vedlikehald, seier prosjektleiar Per Bjørn Gjelsten.

I denne tunnelen er det plassert naudtelefonar med mindre enn 100 meter mellom kvar. Omtrent midtvegs er det også laga ein rømmingsveg til Sandvika, som blir sett på som rassikker.

Fredag stengjer ein av landet mest rasfarlege vegar. Då skal all trafikk forbi Oppdølsstranda i Sunndal gå gjennom den nye tunnelen. Milliardprosjektet er i mål - og framleis står det igjen pengar på bok.

Utbygginga har kosta vel éin milliard kroner og er finansiert fullt ut ved løyvingar over statsbudsjettet. Prosjektet omfattar bygging av ein 7,5 kilometer lang tunnel. i tillegg kjem om lag to kilometer ny riksveg. Det er bygt 800 meter med sidevegar og 1,7 kilometer gang- og sykkelvegar som ein del av prosjektet.

– Vi var urolege for at det skulle gå nye ras medan vi bygde tunnelen. Om vi hadde fått ras i anleggsperioden ville det ha blitt ein vanskelig situasjon for oss. Men det har heldigvis gått greit, sier prosjektleiar Per Bjørn Gjelsten til NRK.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL