Hopp til innhold

Folkefavoritten gjer comeback

Til hausten blir den folkekjære favoritten «Brænne-safta» å sjå i butikkane igjen.

Brænne Saft Type Rød

Den populære Brænne-safta er truleg å finne i butikkane hausten 2015.

Foto: privat

– «Volda Mineralvatn vart etablert i 1915. Hausten 2015 kjem Brænne Saft Type Rød tilbake etter original oppskrift. Gled dykk!», lyder teksten på Facebook-sida «Brænne Saft Type Rød».

Etter at initiativtakarane lanserte sida førre veke har den fått over tre tusen følgarar.

Den lettkjennelege flaska med raud og kvit etikett symboliserer barndomen for mange, kanskje spesielt på Sunnmøre, men også andre stadar i landet.

Nokre av kommentarane på sida er:

«Brænne-safta minner meg om farmor, Dalsbygda, barndom og ein smak eg aldri har smakt makan til».

«Det er den beste safta eg nokon gong har smakt. Besteforeldra mine hadde hytte i Stryn, og vi kjøpte alltid med saft når vi reiste heim til Kvinnherad».

«Eg gler meg! Har ikkje smakt saft sidan den forsvann».

Stort engasjement

Det har vore stort engasjement på sosiale medium etter at produksjonen stoppa i 2009 då Brænne Mineralvatn vart erklært konkurs. Facebook- gruppa «Brænne-safta tilbake til folket» har eksistert sidan 2014 og har over tusen følgarar.

No, hundre år etter at Volda Mineralvatn vart etablert, kjem den populære safta tilbake.

Lars Erling Bjåstad Hovlid

Lars Erling Bjåstad Hovlid står bak nylanseringa av den tradisjonelle Brænne-safta.

Foto: Privat

– Dersom alt går etter planen er safta truleg i butikkane i løpet av september- oktober, seier Lars Erling Bjåstad Hovlid, som saman med Thomas Busker Larsen er initiativtakarane bak nylanseringa.

Bjåstad Hovlid fortel at det store engasjementet rundt Brænne-safta er ein del av grunnen til at dei valde å starte opp att produksjonen.

– Det handlar meir om å ha det kjekt enn å få eit nytt levebrød. Vi følte at alt låg til rette for suksess, og at det var mange som ville ha safta tilbake. Ideen er for bra til å ikkje gjere det, seier han.

Safta blir produsert i samarbeid med Roma Brusfabrikk i Lillestrøm, men Bjåstad Hovlid ser ikkje vekk ifrå at saftproduksjonen ein gong kan kome tilbake til Sunnmøre.

– Det hadde ikkje vore oss imot, men vi får sjå kva framtida bringar, seier han.

Nostalgisk saft

Med seg på laget har dei fått Martin Brænne, tidlegare dagleg leiar i Brænne Mineralvatn, som er svigerfaren til Thomas Busker Larsen.

Thomas Busker Larsen.

Thomas Busker Larsen er svigersonen til Martin Brænne.

Foto: Privat

– Det er veldig hyggeleg at så mange har sakna safta, seier han.

Brænne bidreg både med den originale saftoppskrifta og erfaringane frå bransjen.

– Eg prøvar å fortelje dei alt som kan gå gale, så dei slepp den problematikken, seier han og ler.

Brænne trur det kanskje er nostalgien bak safta som har gjort den så populær.

– Det er mange som har vakse opp med Brænne-safta og folk flest hadde ikkje så mykje å kose seg med i gamledagar. Det var ikkje like mange produkt på marknaden då som no, seier han.

– Og så er den jo god, seier han lattermild.

  • Les også: