Hopp til innhold

Kritikk mot Haaland-is: – Stikk motsett av det han står for sjølv

Haaland-isen får kritikk av matentusiast. Meiner det er dobbeltmoralsk å marknadsføre noko ein sjølv unngår.

Haaland-is fra Hennig Olsen

Fotballspelar Erling Braut Haaland har fått sin eigen is. Den får han kritikk for.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

– Haaland kritiserer sjølv ultraprosessert mat, men låner samstundes andletet sitt til ein is retta mot born, som har over 20 ingrediensar og mykje tilsetningsstoff.

Det seier Kristoffer Gregersen.

Han står bak instagramkontoane «Sulten pappa» og «StyrUnna» som begge fokuserer på reinare og grønare mat.

Kristoffer Gregersen er opptatt av råvarebasert mat.

Kristoffer Gregersen er opptatt av mat med råvarer og står bak instagramkontoane: «Sultenpappa» og «Styrunna». Dei har 15 000 og 45 000 følgjarar.

Foto: Privat

Det er på sistnemnde konto han kjem med is-kritikk av fotballspelaren.

– Braut Haaland er ein fantastisk fotballspelar, men eg reagerer på at ein person som har så stor påverknad og er eit førebilete for mange born og unge, frontar eit produkt som er stikk motsett av det han står for sjølv.

Si di meining om isen lenger ned i saka.

Instagramkontoen "Styrunna" har 45000 følgere.

Instagramkontoen "Styrunna" har som mål å vise forbrukeren kva ulike matvarer faktisk inneheld.

Foto: Skjermdump

Les også «Penny­metoden»: Datingtrenden som gjør deg avhengig

Martine Olsen Steig (23) og Juli Sofie P. Svendsbø (23)

Lang liste med ingrediensar

Det Gregersen viser til er at fotballspelaren i den offisielle Manchester City-podkasten fortalde at han styrer unna ultraprosessert mat.

– Eg et mat som er ekte, med så lite ingrediensar som mogleg. Det er så mykje ultraprosesserte mat i denne verda akkurat no, så eg trur det er tingen – å ete ekte mat og med god kvalitet, sjølvsagt, seier Braut Haaland til podkast-verten, omtalt av Aftenposten.

Og Gregersen meiner at Haaland-isen er alt anna enn «ekte».

Haaland-is fra Hennig Olsen

Gregersen har lite til overs for ultraprosesserte produkt og tykkjer lista over ingrediensar på Haaland-lista er altfor lang. – For å lage is treng ein berre 4 ingrediensar, seier han.

Foto: Skjermdump fra Instagram

– Isen har ei lang og vanskeleg liste med over 20 ingrediensar!

Sjølv har han ingen fagleg ernæringsbakgrunn, men ynskjer å opplyse folk om kva maten inneheld.

Les også Fem grep for å få det psykt mye bedre

Som mange andre har Paulius Kanarskas hatt vansekligere perioder. 
- Det verste som kan skje er å sitte fast i de samme rutinene. Jeg pleier å utfordre meg selv til å gå utenfor komfortsonen min, prate med folk og gjøre noe nytt, sier han.

– Isen har minimalt med ekte varer som til dømes fløyte, så at han i det heile teke kan marknadsførast som ein fløyteis syns eg er rart.

Men er det så farleg om ein et ein ultraprosessert is i ny og ne?

– Nei, det er det ikkje, men ein veit jo at denne isen kjem til å gå rett heim hos born, og at dei gjerne et mykje is i løpet av våren og sumaren, påpeiker Gregersen.

Haaland-is fra Hennig Olsen
Foto: Skjermdump fra Instagram

Far til Erling Braut Haaland, Alfie Haaland, synest ikkje det er noko motstridande i å leve sunt og samstundes fronte iskrem. Les heile svaret frå han nedst i saka.

Må sikre at isen er haldbar

Det er Hennig Olsen Is i Kristiansand som står bak isen og samarbeidet med fotballstjerna.

Dei har følgjande kommentarar som dei ynskjer å formidle via e-post:

Iskremen, sausen og sjokoladen i Haaland-isen inneheld ulike type råvarer, i tillegg til at det er crispi-kuler på isen. Då blir det mange ingrediensar til slutt, skriv direktør for marknad på iskremfabrikken, Marianne Høy Erikstad.

Haaland-is fra Hennig Olsen.

Haaland-isen er laga på Hennig Olsen isfabrikk i Kristiansand.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

Haaland-isen blir marknadsført som ein fløyteis men på ingredienslista står det at han inneheld 15 prosent fløyte, er det då ein fløyteis?

Andelen fløyte som er merka på emballasjen gjeld for heile isen. Andelen fløyte i sjølve iskremen er på 25 prosent. Det er omtrent dobbelt så mykje fløyte som det som er minstekravet for at ein iskrem skal kunne kallast fløyteiskrem etter europeisk bransjestandard, skriv ho.

Les også Ny studie knytter ultrabehandlet mat til 32 alvorlige helsetilstander

Ultraprosessert mat.

Og når det gjeld talet på tilsettingsstoff skriv fabrikken følgjande:

For at iskrem skal kunne køyrast ut og seljast over heile Noreg, og ha god kvalitet og at isen er haldbar, må han ha nokon ingrediensar som sikrar dette. Dette gjeld også Haaland-isen.

Inne i produksjonen av is på Hennig Olsen

Isen er produsert her: På Hennig Olsen iskremfabrikk i Kristiansand.

Foto: Madeleine Mellemstrand / NRK

– Burde bruke påverknadskrafta annleis

Susann Stave har master i ernæring og kjem snart med ei eiga bok som blant anna tek føre seg råvarebasert kosthald og marknadsføring.

– Eg har lagt merke til at Braut Haaland i utgangspunktet er eit godt førebilete fordi han snakkar veldig bra om råvarer.

Les også Åtte år med lovnader om sunnere mat: Mener matbransjen er en fiende av folkehelsa

Kjøledisker med brus på sykehusområdet.

Ho skulle derimot heller ynskje at han kasta lys over anna type matvarer.

– Braut Haaland burde heller bruke den påverknadskrafta på dei produkta han sjølv ynsker å ete, seier ho.

Erling Braut Haaland tok seg tid til å ta bilder sammen med fansen

Fotballstjerna har mange unge som ser opp til han. Difor tykkjer både Gregersen og Stave at Braut Haaland burde fronte produkt med meir råvarer.

Foto: Maja Mathisen / NRK

Og at Braut Haaland når ut til dei unge er ho ikkje i tvil om.

– Eg har snakket med folk som har fortalt at barna er veldig opptekne av å kjøpe denne isen så eg er ganske sikker på at han også kunne fått barn til å ete til dømes meir grønsaker eller andre råvarer, som jo er mykje betre.

Kva meiner du om isen til Erling Braut Haaland?

– Ikkje ein asket

Far til Erling Braut Haaland, Alfie Haaland, synest ikkje det er noko motstridande i å leve sunt og samstundes fronte iskrem.

Han skriv følgjande i ei tekstmelding:

«Det er ikkje noko motsetnad i det. Trur også dei forstår at ein av og til kan kose seg med ein is. Den er også veldig god. Så er det viktig med eit godt kosthald med reine råvarer til dagleg. At nokon ynskjer å kritisere det får vere deira greie.

Erling er ikkje ein asket som dei kanskje er, men lev ganske normalt, han et til og med ein sjokolade av og til om dei lurte.

Godt kosthald, mest mogleg reine råvarer, kos deg av og til. Folk får bestemme sjølve.»

Skjermdump fra Alfie Haalands Instagram-konto

Erling Braut Haaland og Alfie Haaland med hat trick-ballen frå kampen mellom Manchester City og Manchester United.

Foto: Skjermdump fra Instagram / 03.10.22, kl. 10.22 / NRK

Les også Unge kan for lite om sunt kosthold, viser ny forskning

Vi ser Else-Linn stå inne i en matbutikk med fylt handlekurv og en rømme-boks i hånda. Hun leser på boksen.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,17 kr
Dyrest kl. 08 2,04 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %