NRK Meny
Normal

Lokale mikrobryggeri i vinden

Ølbrygging i mikrobryggeri ser ut til å bli det nye store for mange av dei som satsar på kortreist lokalmat og drikke.

Kirsti Indreeide og Gunn Bratberg i Brennevinutsalet på Storholmen

Kirsti Indreeide og Gunn Bratberg i Brennevinutsalet på Storholmen.

Foto: Gunnar Sandvik / nrk

Onsdag samlast rundt 70 personar som driv med lokal mat og drikke til Fagdagar på Hustadvika Gjestegård i regi av Fylkesmannen og Matnavet på Mære. Der er det kortreist lokalmat- og drikke som er i fokus.

I moderne tid har det vore forbode å selje brennevin og lokalprodusert alkohol frå gardsutsal, men det kan det bli ei endring på. Regjeringa, med Sylvi Listhaug i spissen ønskjer å opne opp for dette forbodet.

– Det byrjar å bli fleire moglegheiter, og det er stadig fleire som lagar blant anna sider eller eplebrennevin heime og sel dette gjennom vinmonopolet, seier Kirsti Indreeide hos Fylkesmannen.

Fylkesmannen skal legge til rette for auka matmangfald og styrka lokal verdiskaping. Indreeide trur at friare reglar kan føre til fleire moglegheiter for produsentane av lokale drikkevarer.

– Dette er spesielt viktig for produsentar av lokalt øl. Vi får stadig fleire mikrobryggeri som sel både til restaurantar og vinmonopol her i fylket, seier ho.

Skal inspirere lokalmatprodusentar

Indreeide trur ein treng fleire gode lokalmatprodusentar i fylket, for å møte den positive trenden som teiknar seg innanfor kortreist mat, og at lokalmat, med stadeigen smak og opphav, vert stadig viktigare for forbrukarane.

Det årlege arrangementet på Matnavet på Mære har som mål å bidra til å inspirere og utvikle lokalmatbedriftene i fylket. Programmet byr på aktuelle kurs og foredrag innan foredling av mjølk, kjøt, frukt og bær, servering av lokal og økologisk mat, baking og ølbrygging.

Gunn Bratberg frå Matnavet på Mære var nøgd med oppslutninga.

– Det er spesielt morosamt at øl trekkjer så mange folk. Det er tydeleg at det boblar i ølgrytene i Møre og Romsdal, seier ho.

Interessa for øl frå små bryggeri har eksplodert dei siste åra og stadig fleire nyetablerte mikrobryggeri har starta opp dei siste åra.

– Det er tydeleg at mange har tatt steget frå hobby til næringsdrivande, seier ho.

Ho syns det er positivt at stadig fleire vel å satse på lokale drikkevarer.

– Vi treng god lokal drikke til den gode lokale maten. Det blir artig å sjå om utvalet vil auke i tida framover, og om forbrukarane vil nytte seg av dette tilbodet, seier