Stor etterspurnad etter kortreist mat

Det er ein klar auke i etterspurnaden og omsetninga av kortreist lokal mat og drikke, men problemet for mange leverandørar er å få ut varene.

Trøndersk matfestival 2014, kortreist mat, lokal mat, trøndersk mat

Kortreist mat er i vinden som aldri før. Men produsentane har problem med å få varene ut til produsentane.

Foto: Hilde Grande / NRK

På Bjartmars Favorittkro ved Atlanterhavsvegen på Averøy har dagleg leiar Quirien Van Oirschot merka ein stadig større etterspurnad etter lokalprodusert mat og drikke.

– Vi har prøvd oss fram i fleire år med desse produkta, men det var fyrst i 2014 at vi merka at det verkeleg var ei stor interesse for kortreist mat, seier Oirschot som også er leiar for næringsorganisasjonen Hanem, som har fokus på bygdeturisme og lokalmat.

Transport er eit problem

Quirien Van Oirschot

Quirien Van Oirschot har merka den auka etterspurnaden etter lokalprodusert mat og drikke.

Foto: Gunnar sandvik / Nrk

Folk betalar gjerne meir for å få lokalprodusert mat, og produsentane maktar ikkje å produsere nok.

Men for mange av produsentane er sjølve problemet å få varene ut til butikkar, hotell og serveringsstadar.

– Eg trur at logistikk og transport er eit problem for mange, seier Oirschot.

Ho meiner det manglar eit effektivt apparat og system for å få produkta som blir produsert på dei ulike gardane ut i marknaden på ein god måte.

– Matprodusentane har andre ting å gjere enn å køyre produkta sine hit og dit, men samtidig er kundane avhengig av ein konstant og sikker leveranse for å kunne ta inn produkta, seier Oirschot.

– Då må transporten av produkta vere på plass, held ho fram.

  • Les også:

Siste video/lyd

Dei tre siste åra har meir enn 450 alvorleg psykisk sjuke kome seg inn i arbeidslivet.
Dette skjer etter eit aktivt samarbeid mellom NAV og helsevesenet.
Ein ny forskingsrapport viser at pasientane blir friskare av å jobbe.
Ein rakett er kanskje det som skal til for å gjere skuleelevar interesserte i naturfag. 
Elevar på Gjermundnes i Vestnes har utvikla ein rakett som skal få barn og unge til å bli i fyr og flamme.
Nokre som er glade i å boltre seg på kjøkenet er elevane ved Borgund vidaregåande i Ålesund. Dei elskar å bake - og å smake.