Hopp til innhold

Fleire vil ha kjøttfri mat

Stadig fleire nordmenn droppar kjøtt til fordel for eit plantebasert kosthald. Janne Moe er ei av dei, og ho hevdar at ho har merka store forbetringar på helsa.

Janne Moe

Janne Moe har alltid vore interessert i helse og kva ulike matvarer gjer med kroppen. Ho har prøvd alt frå lågkarbo med mykje kjøtt til eit kosthald heilt fritt frå animalske produkt. Sistnemnde fungerte for ho.

Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy / NRK

Janne Moe serverer nysteikte burgarar med salat, dressing og ananasskiver. Den unge kvinna frå Ørsta bestemte seg for å prøve eit vegansk kosthald for snart tre år sidan, eit val ho aldri har angra på.

– Eg har fått meir energi, tenker raskare, held ut mykje lenger om dagane og har færre humørsvingingar. Eg har rett og slett fått betre kontroll på både kropp og sinn.

Ein trend i marknaden

John Spilling

John Spilling i IPSOS viser til undersøkingar som seier at 1 av 5 kvinner er interessert i vegetarmat.

Foto: IPSOS

Moe er dagleg leiar for Sunkost Volda. Ho har alltid vore interessert i helse og kosthald, men det var oppdaginga av plantebasert mat og iveren etter å dele erfaringane sine med andre, som gjorde at ho for to år sidan opna sin eigen helsekostbutikk.

– Folk i alle aldrar kjem innom og spør etter vegan- og vegetarprodukt, og det blir ofte tomt i hyllene.

Den aukande interessa for plantekost kan målast nasjonalt. Annakvart år undersøker IPSOS norske matvanar. Dei stiller spørsmålet; "Kor interessert er du i vegetarmat?".

– Etter siste måling har interessa stege kraftig, spesielt blant kvinner, seier John Spilling i IPSOS.

"Norske spisefakta 2016" viser at prosentdelen har gått opp frå 16 til 21.

Harald Kristiansen

Coop Norge lanserer fleire vegetarprodukt i løpet av hausten, ifølgje kommunikasjonssjef Harald Kristiansen.

Foto: Coop Norge

– Dette er ei betrakteleg auke på berre to år. I Sverige er det enorm interesse for vegetarmat, så dette kan vere noko vi tek derifrå.

Også dei store matvarekjedene merkar interessa for vegetarmat. I slutten av juni lanserte Coop Norge to nye vegetarburgarar.

– Etter få veker er salet av vegetarburgarar dobbelt så stort som salet på vanlege tradisjonelle burgarar av storfe, seier kommunikasjonssjef i Coop Norge, Harald Kristiansen.

Vegetarmat

Det ser ut som heilt vanlege hamburgarar, men dei snart gjennomsteikte kjøttstykka på eingongsgrillen er laga av soya, ei matbønne som verda over vert brukt som erstatning for tradisjonelle animalske produkt.

Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy / NRK

Lettare tilgjengeleg

På Thorbjørnsen i Norsk Vegetarforeining seier dei i år har fått langt fleire spørsmål om vegetarkosthald enn tidlegare.

Informasjonsansvarlig Pål W. Thorbjørnsen i Norsk Vegetarforening

Pål Thorbjørnsen i Norsk Vegetarforeining seier dei har stor pågang frå folk som vil lære meir og vegetariske og veganske kosthald.

Foto: Privat

– Det er over dobbelt så mange som tek kontakt for å lære meir om korleis ein et sunn plantebasert mat.

– Kva er grunnen til det?

– Mange tenker intuitivt at vegetarmat er sunt og spennande. Tidlegare var det vanskeleg i praksis, men no er det oppskrifter tilgjengeleg overalt og det har kome fleire produkt i butikkane.

Lege Tanja Kalchenko fortel om ei rekke helsefordelar ved å kutte ned på kjøttmengda.

– Eit vegetarisk kosthald kan førebyggje livsstilssjukdommar som overvekt, hjarteinfarkt, diabetes type 2 og nokre typar kreft.

I følgje Verdsorganisasjonen for helse er tilarbeida kjøtt som pølser, kjøttpålegg og kjøttdeig, kreftframkallande.

Tanja Kalchenko

Tanja Kalchenko er lege og leiar i Helsepersonell for plantebasert kosthald.

Foto: Steven Stieng

– Halvparten av kjøttet nordmenn et, er kreftframkallande. Det er difor sunnare å unngå kjøtt, meiner legen.

Enkelte er redde for å få vitamin- og proteinmangel av kjøttfri mat, men med B12 og omega-3 er ein trygg. Ein kan også ta tilskot av jod og D-vitamin.

Janne Moe syns ikkje det er vanskeleg å leve utan kjøtt.

– Eg et vanleg mat slik som alle andre. Dei fleste et salat og grønsaker utan å tenke over at det er plantebasert. Det er mykje godt ein kan lage utan kjøtt, og det finst også mange kjøtterstatingar i butikken.

vegetarmat

Grillspyd med sopp, ananas og ulike grønsaker kan vere ei god erstatning for kjøtt på grillen.

Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL