Når vegprosjektet Møreaksen står ferdig skal det ta ein time å køyre frå Ålesund til Molde, mot dagens to timar. To ferjesamband forsvinn. Regjeringa lovar 20 milliardar kroner frå staten i Nasjonal transportplan dei neste 12 åra, i tillegg kjem bompengar.
Gunhild Sjøvik gler seg til å sleppe å pendle med ferje når Møreaksen kjem. Ho bur i Molde og pendlar til Midsund.
Foto: Christian SeliussenFerja er deadline
Gunhild Sjøvik jublar fordi arbeidskvardagen blir langt lettare.
– For min familie blir det mindre stress når vi slepp å tenke på at vi skal rekke ferja, seier Sjøvik.
Ho og mannen bur i Molde og pendlar med kvar sine ferjer til arbeidsplassane i Midsund og Aukra. Når ferjene blir erstatta med undersjøisk tunnel og hengebru slepp paret å bekymre seg for om dei kjem for seint heim til lekser, middag og sonen sine fritidsaktivitetar.
– Ferjeavgangen ligg der alltid som ein deadline, seier Sjøvik.
– Gamaldags
Jørn Inge Løvik er dagleg leiar i Romsdalsaksen. Han gir ikkje opp kampen om å endre traseen i prosjektet.
Foto: Sissel Brunstad / NRKSatsinga på Møreaksen blir slett ikkje møtt med unison jubel i Møre og Romsdal.
– Folk vil ikkje ha lange undersjøiske tunnelar. Det er gamaldags og lite miljøvennleg, hevdar kritikar Jørn Inge Løvik.
Han er dagleg leiar i det konkurrerande prosjektet Romsdalsaksen og meiner deira alternativ med flytebruer er eit betre alternativ.
Løvik meiner også det er lite framtidsretta å legge trafikken gjennom tettbygde strøk. Også Frp, MDG og Lastebileigarforbundet er kritiske til Møreaksen.
NRK forklarer
Kva er greia med Nasjonal transportplan?
Nasjonal transportplan (NTP) er ...
... i bunn og grunn regjeringa si prioriteringsliste over kva for samferdsleprosjekt dei meiner er smart å bygge dei neste tolv åra.
Kvifor skal eg bry meg?
Planen gir føringer på korleis framtidas Noreg heng saman. Korleis ein kjem seg til jobb eller skulen, og heim igjen.
Og korleis varer blir flytta frå A til B.
Alle store veg- og baneprosjekt må vere på denne lista, seier forskar Morten Welde ved NTNU.
– Ellers ville det vere å snike i køen, seier han.
Kor mykje pengar er det snakk om?
Sist gang regjeringa la fram ein nasjonal transportplan, ville dei bruke 1064 milliardar kroner på transport på tolv år.
Det er derimot ikkje dei som avgjer om pengane faktisk kjem.
Dei må først gå til Stortinget og presentere prioriteringslista si, og sidan dei ikkje har fleirtal, kan denne bli endra.
Men pengane kjem berre over statsbudsjettet.
Blir alle prosjekta bygde?
Ikkje nødvendigvis.
Ein ting er at regjeringa ikkje har fleirtal. Ein annan at det ikkje ligg forpliktningar til pengar i sjølve Nasjonal transportplan.
Og sidan det er valår, kan ei ny regjering prioritere annleis.
Den viktige førsteperioden
Nasjonal transportplan går over tolv år. Den er igjen delt opp i to seksårsperiodar.
Kjem eit prosjekt inn på lista i første periode, er sjansene større for at prosjektet faktisk blir realisert.
Nokre vil heller ferje
Det kokar i avisspaltene og kommentarfelta. Redaktør i Romsdals Budstikke, Ole Bjørnar Loe Welde, seier at Møreaksen er eitt av dei mest debatterte tema i avisa og meiningane er delte. Det finst også dei som verken vil ha Møreaksen eller Romsdalsaksen.
– Vi har gjort spørjeundersøkingar og der er også folk som framleis vil ha ferje, med hyppigare avgangar, seier Welde.
Harald Espeland er dagleg leiar i Møreaksen. Han meiner at folk kan bu ein plass, men ha tilgang til ein stor arbeidsmarknad når vegprosjektet står ferdig.
Foto: Trond Vestre / NRKFleire kan pendle
Tonen i sosiale medium er så hard at mange kvir seg for å flagge synet sitt på Møreaksen, seier dagleg leiar i Møreaksen, Harald Espeland.
Han avviser at prosjektet er gamaldags og lite miljøvennleg. Med kortare reiseveg mellom byane får folk tilgang til fleire arbeidsplassar.
– Med Møreaksen på plass blir det kurant å pendle mellom byane og tettstadane, seier Espeland.
– Kampen om traseval er over
Stortingspolitikar Helge Orten (H) meiner prosjektet på realiserast no. Visst ikkje risikerer ein å måtte starte på nytt.
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRKLeiar i transportkomiteen på Stortinget, Helge Orten (H), seier at det er brei politisk semje om Møreaksen.
– Vi er forbi det stadiet at vi diskuterer traseval. No handlar det anten om å realisere prosjektet som ligg på bordet, elles risikerer vi å starte på nytt att, seier Orten.
Gir ikkje opp
Jørn Inge Løvik i Romsdalsaksen gir ikkje opp kampen om deira alternativ, sjølv om Statens vegvesen forkasta forslaget og regjeringa løyver pengar til Møreaksen.
– Vi gir ikkje opp. Langt ifrå. Det triggar berre til meir hardt arbeid, seier Løvik.
Pendlar Gunhild Sjøvik meiner derimot det er på tide å akseptere at Møreaksen er valt, sjølv om nokon må svelge kamelar.
– Kvifor kan vi ikkje stå saman når avgjerda er tatt og vise at vi klarer å få til ting saman, seier Sjøvik.
Gunhild Sjøvik meiner det er på tide å akseptere at Møreaksen er valt og samle seg om prosjektet.
Foto: Christian Seliussen