Hopp til innhold

Listhaug vil stoppe vegutbygging som skal erstatte ferje

Frp-leiar Sylvi Listhaug vil stanse milliardutbygging av E39 i Møre og Romsdal. – Vi vil stoppe stormannsgalskapen, seier ho.

Sylvi Listhaug, partileiar i Framstegspartiet

VIL SKROTE PLANLAGT VEG: Framstegspartiet likar å omtale seg sjølv som bil- og vegpartiet. Partiet vil likevel skrote det planlagde fjordkryssingsalternativet over Romsdalsfjorden.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Om bord i ferja mellom Vestnes og Molde er Listhaug klar i bodskapen om Møreaksen, som er ein del av det store prosjektet om ferjefri veg frå Kristiansand til Trondheim.

– Vi seier nei til Møreaksen fordi vi meiner det er sløsing med pengar. Det er heilt feil å bygge ein undersjøisk tunnel til Molde, seier ho.

Dette prosjektet har regjeringa lova 20 milliardar kroner i Nasjonal transportplan dei neste 12 åra.

No har Frp gjort motstanden til valkampsak nummer ein i heimfylket til partileiaren.

– Vi vil stoppe stormannsgalskapen. Det finst andre vegprosjekt å bruke pengar på enn dette. Vi kan heller ruste opp vegane mellom ferjekaiene enn å bygge undersjøiske tunnelar, seier Listhaug.

Illustrasjon på Møreaksen

Illustrasjon av Møreaksen-prosjektet som er ein del av ferjefri E39 på vestlandet.

Foto: Øivind Leren / Statens vegvesen

Ein del av ferjefri veg frå Kristiansand til Trondheim

E39 strekkjer seg frå Kristiansand i sør til Trondheim i nord, og er om lag 1100 km lang. Vegen går gjennom seks fylke, og reisetida er i dag om lag 21 timar. Det er sju ferjesamband på strekninga, og vegen er innom byane Stavanger, Bergen, Ålesund og Molde. Målet er å gjere strekninga ferjefri, noko som vil halvere reisetida.

Framstegspartiet sat i regjering då den gjekk inn for prosjektet. Møreaksen var ein del av dette. Partiet gjekk ut av regjeringa i januar 2020, og no har partiet altså endra meining.

– Vi lyttar til folket, som seier til oss at dei heller vi ha veg over bakken, eller ferje, seier Listhaug om snuoperasjonen.

Kallar Frp for vingleparti

Stortingsrepresentant Helge Orten (H) meiner utspelet frå Listhaug viser at partiet vinglar i store vegsaker.

Helge Orten

VINGLEPARTI: Helge Orten (H) er leiar i Transportkomiteen på Stortinget. Han kallar Frp eit vingleparti

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– I 2014 bestemte dåverande samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) at Møreaksen var det rette valet for fjordkryssing. I 2017 kom vegen inn i Nasjonal Transportplan (NTP). No er Møreaksen nær realisering, og Listhaug bør bruke kreftene på å bygge veg i Møre og Romsdal heller enn å torpedere prosjektet, seier Orten.

Både Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti vil ha Møreaksen som fjordkryssing av Romsdalsfjorden.

Frp vil greie ut alternativ

I fleire år har det blitt jobba for eit alternativ til Møreaksen. Alternativet er starta av privatpersonar og har tatt namnet Romsdalsaksen. Pådrivarane vil at store delar av vegen skal gå over flytebruer i staden for i undersjøisk tunnelar.

Listhaug er meiner dette alternativet bør greiast ut meir.

– Vi vil finne ut kva som er best. Difor vil vi ha greidd ut Romsdalsaksen som eit alternativ. Først då vil vi få vite om dette er betre enn å halde fram med ferje, seier ho.

Møreaksen vs Romsdalsaksen

Den raude lina viser kvar Møreaksen skal gå. Den blå lina viser planane for Romsdalsaksen

Carl Johansen, førstekandidat for MDG i Møre og Romsdal

KLIMAREKNESKAP: Carl Johansen, MDG, vil ha klimarekneskap for alle store vegprosjekt

Foto: Håvard Ketil Sporsheim / NRK

SV og MDG er på line med Frp når det gjeld å stoppe Møreaksen, men motiva er ulike. MDG krev klimarekneskap for store samferdselsprosjekt. Ein slik rekneskap ligg ikkje føre for alternativet Romsdalsaksen.

– Det må til før vi vil seie om dette er eit alternativ seier førstekandidat Carl Johansen i Møre og Romsdal.

Både MDG og SV meiner el-ferjer og hyppige avgangar er eit godt alternativ til veg anten over eller under fjorden

– Vi går for ferje som vårt alternativ, seier førstekandidat for SV i Møre og Romsdal, Birgit Oline Kjerstad.

Vil behalde ferja

Ein hyppig brukar av ferja mellom Vestnes og Molde er vogntogsjåfør Bengt Otterlei. Han trivst godt med å ta ferje, som gir pause i køyringa. Han er motstandar av Møreaksen.

– Eg forstår ikkje kva dei meiner dei som vil ha Møreaksen. Opp og ned bratte tunnelar er problematisk. Kvar skal vi gjere av oss når det skjer ulukker, undrast han.

Bengt Otterlei, vogntogsjåfør

FERJE ER BEST: Vogntogsjåfør Bengt Otterlei meiner dagens ordning med ferje over Romsdalsfjorden fungerer best for han.

Foto: Tore Ellingseter / NRK
I kveld har vi ei annleis tv-sending. Vi har lagt heile sendinga til Vestnes Fjordhotell, der det blir debatt om Møreaksen som ferjefri veg over Romsdalsfjorden.

I kveld har vi ei annleis tv-sending. Vi har lagt heile sendinga til Vestnes Fjordhotell, der det blir debatt om Møreaksen som ferjefri veg over Romsdalsfjorden.