Hopp til innhold

Vestlendingane har talt: Nesten ingen vil prioritere prestisjeprosjektet til 46 milliardar

Stort fleirtal av vestlendingar vil ha betring på «Noregs verste veg» i staden for gigantprosjektet Hordfast, viser ny meiningsmåling.

Gisle Fotland, sjåfør på ferja Halhjem-Sandvikvåg

VIL HA FERJE: Gisle Fotland frå Osterøy meiner ny E16 bør byggjast før Hordfast.

Foto: Olav Røli / NRK

På spørsmål om kva samferdsleprosjekt vestlendingane vil prioritera er svaret klart.

  • 70 prosent av dei spurte vil ha ny og betre veg på E16 mellom Bergen og Voss.
  • 11 prosent vil ha ferjefri veg mellom Stord og Os (Hordfast).

Det kjem fram i spørjeundersøking Norstat har utført på vegner av NRK.

– Strekninga Bergen-Voss er rasfarleg og kan i verste fall ta liv. Vegane over Stord mot Haugesund og Stavanger er gode, meiner trailersjåfør Gisle Fotland, busett på Osterøy utanfor Bergen.

Gisle Fotland, Osterøy.

Gisle Fotland likar pausen han får på ferja.

Foto: Olav Røli / NRK

NRK møter han på ferja som går mellom Halhjem og Sandvikvåg på E39.

45 minutt over fjorden gjev han tid til ein pause i køyringa mellom Bergen og Stord, og ei total reisetid på to timar.

Vert Hordfast realisert vil han rekkja nesten heilt til Stavanger på same tida. Utan ferjer.

Men dette er ikkje det viktigaste for han.

– Langs E16 pendlar det masse folk, mellom anna ungar. Og då er svaret på kva me må prioritera klart for meg, seier han.

Ras ved Stanghelle E16

E16 bind Oslo med Bergen. Dette er ikkje eit uvanleg syn, og no vil vestlendingar ha fortgang i arbeidet med ny veg.

Foto: Karl Martin Valestrand

Hordfast: – Utopi

Begge prosjekta er enorme samferdsleprosjekt med skyhøge prislappar.

Hordfast er kostnadsrekna til nesten 46 milliardar kroner.

Ny E16 mellom Arna og Stanghelle vil koste 30,1 milliardar, ifølgje Statens vegvesen.

E16 mellom Bergen og Voss har vore omtalt som den verste vegen i Noreg.

Den er også den mest rasutsette europavegen i heile Noreg.

– Bergen-Voss er kriseveg. Den må prioriterast, Hordfast er utopi.

Les også Fem spørsmål og svar om Hordfast

Modell av Hordfastbrua over Bjørnafjorden.

Kraftsalva kjem frå Audhild Halvorsen Hesjedal, som er medlem i partiet Høgre i Kvinnherad.

Prosjektet Stord-Os (Hordfast) er eit av dei største samferdsleprosjekta i Noreg.

Samstundes er det også eit av dei mest omdiskuterte, og mellom dei dyraste.

Både naturinngrep og ei bru på over fem kilometer har sett sinna i kok.

– Veljarane frå Høgre ser at liv er viktigare enn å komma raskare fram, meiner ho

Audhild Halvorsen Hesjedal,

Ein kaffikopp på ferja smakar godt for Audhild Halvorsen Hesjedal. Ho kallar heile Hordfast for utopi, og meiner E16 må prioriterast.

Foto: Olav Røli / NRK

Pendlarar seier nei

Også pendlarar NRK møter på ferja vil ha ny E16 før Hordfast.

– E16 er ein veldig dårleg veg. Dessutan vil eg ikkje øydeleggja fjorden med ei bru, seier Selina Sæle. Ho pendlar ofte mellom Bjørnafjorden kommune og Høgskulen på Vestlandet på Stord.

Der er ho sjukepleiarstudent.

– Eg er mot Hordfast, i alle fall slik løysinga er no, seier ho.

Ingrid Pedersen og Ida van der Hagen. Jordmorstudentar frå Stord i Bergen.

Ingrid Pedersen og Ida van der Hagen frå Stord skal pendla to år til Bergen for å verta jordmor. Dei hadde ynskt seg bru staden for ferje.

Selina Sæle, Vilde Rynning, Hallgeir Helgesen. På tur frå Os til Stord.

Selina Sæle, Vilde Rynning, Hallgeir Helgesen er alle på veg frå Os i Bjørnafjorden og til Stord på skule. Dei meiner ferje er bra, og vil ikkje øydeleggja fjorden med bru.

Ole Morten Simonsen, trailersjåfør.

Ole Morten Simonsen er trailersjåfør. Han meiner det er verre vegar i Noreg enn E16 mellom Bergen og Voss. Men er samd i at det trengst å gjera noko der.

Tore Greve og Olav Annaniassen

Tore Greve og Olav Annaniassen likar seg på ferja mellom Halhjem og Sandvikvåg. Greve meiner ein bør byggja Hordfast, medan Olav ynskjer seg E16 først.

Meiner dette er klar bestilling til Støre

I det politiske miljøet er ikkje resultatet i undersøkinga overraskande.

– Dette er eit tydeleg signal til Storting og regjering om å levera på E16, seier Stian Davies, fylkesordførarkandidat for Ap i Vestland.

Han meiner det er naturleg at liv og helse kjem øvst på prioriteringslista for vestlendingar.

– For Vestland Ap er ny veg og bane mellom Bergen og Voss det viktigaste. Det handlar om liv og helse, seier han.

Innanfor Arbeidarpartiet på Vestlandet har det vore tydeleg motstand mot Hordfast.

årsmøtet i fjor vinter ville eit fleirtal henta fram eit anna traseval, og droppa den svære brua.

– Akkurat no er samferdsleministeren tydeleg på at det ikkje er aktuelt. Men me må jobba for å gjera prosjektet både billigare og med mindre naturinngrep, seier Davies.

Hordfast-bru

Ei bru på om lag 5 kilometer skal gjera vegen mellom Stavanger og Bergen ferjefri.

Foto: Statens vegvesen

Vil byggja begge deler

Liv Kari Eskeland (H), Hordfast-tilhengjar og medlem av transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget, er heller ikkje overraska over resultatet.

– Her spør ein kva ein vil prioritera øvst, og ikkje kva ein vil prioritera som prosjekt nummer to, seier ho.

Eskeland meiner ein kan byggja både ny E16 og Hordfast, og at det no er Vestlandet sin tur til å få nye vegar.

– Kva skal ein henta pengane?

– Me skal no ha ein god diskusjon i Stortinget om neste Nasjonal Transportplan. Hordfast er eit ferjeavløysingsprosjekt som betyr at pengar brukt på ferjedrift i dag, skal gå til prosjektet, seier ho.

Ho meiner nei til Hordfast betyr at pengar i staden går til andre stader i landet.

– Det er ikkje mange som vil gå tilbake til tida før me fekk Trekantsambandet og ny veg mellom Bergen og Os, legg ho til.

NRK presiserer: I ei vinkling på NRK.no blei det brukt ei formulering om at fleire vil vraka Hordfast-prosjektet. Det var ei upresis formulering. Det er eit viktig poeng at folk i undersøkinga er spurde om å prioritera mellom dei to prosjekta om ein måtte velja.

Halhjem-Sandvikvåg, her i Sandvikvåg.

Om lag 200.000 personbileiningar vart i juli frakta over fjorden mellom Halhjem og Sandvikvåg på E39.

Foto: Olav Røli / NRK