Hopp til innhold

Slår alarm om norske fylkesvegar

Det kostar mykje meir å reparere fylkesvegane enn ein tidlegare har trudd, ifølgje Statens vegvesen. Politikarane fryktar konsekvensane dersom vegane ikkje blir utbetra.

Fylkesveg i Herøy

BEHOV FOR VEDLIKEHALD: Dette er eit vanleg syn på fylkesvegane rundt omkring i landet, som her på Nerlandsøya i Møre og Romsdal.No vil politikarane gjere noko med den dårlege vegstandarden.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Dette er veldig alvorleg. Dette er dei vegane folk flest køyrer på i kvardagen, seier fylkesordførar i Møre og Romsdal, Line Hatmosø Hoem.

Tronge tunnelar, gamle bruer og holete vegar. Dei møter deg over heile landet.

No slår fylkesordførarane i alle landets fylke alarm. Dei krev at regjeringa prioriterer fylkesvegnettet i neste års statsbudsjett.

– Vi håpar at det blir lytta til når vi klarar å stå så samla som no. Når vi får med oss kollegaane våre frå heile landet bør det gi litt ekstra press på regjeringa for å levere, seier Hoem.

Fylkesordfører i Møre og Romsdal Line Hatmosø Hoem

Fylkesordførar i Møre og Romsdal, Line Hatmosø Hoem, seier alle fylkesordførarane no er einige om at fylkesvegane må bli prioriterte.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Enormt etterslep

Statens vegvesen og fylkeskommunane har samarbeida om å kartlegge tilstanden på fylkesvegane i dag, og kor mykje det vil koste å ta unna vedlikehaldsarbeidet.

Og prisen er mykje høgare enn dei tidlegare har trudd.

For ti år sidan var det behov for vedlikehald for mellom 45 og 75 milliardar kroner.

I 2022 trengst det mellom 85 og 95 milliardar for å reparere vegane, ifølge den ferske rapporten frå Statens vegvesen.

Store vannmasser delte fylkesvei 2458 Nordre Grimsrud i to

Store vassmassar delte fylkesveg 2458 Nordre Grimsrud i to under ekstremvêret Hans. På grunn av meir nedbør, ras og flaum vil fylkesvegane ha endå større behov for vedlikehald framover.

Foto: Privat

Verre enn antatt

Men prisen på vedlikehaldet kan vise seg å vere endå høgare enn det rapporten frå Vegvesenet seier. Dei understrekar nemleg at metoden som er brukt tek utgangspunkt i ein bestemt vedlikehaldsstandard, og kor mykje det vil koste å følge denne standarden.

Ein veg som har ekstra stort behov for vedlikehald vil difor ikkje telje meir enn ein mindre utsett veg.

Difor har nokre fylkeskommunar gjort sine eigne utrekningar. Der ser dei på den faktiske tilstanden på vegane.

I Møre og Romsdal er behovet om lag dobbelt så stort som rapporten til Statens vegvesen seier.

I Rogaland er prisen om lag tre gongar så høg.

TROLLSTIGEN

Trollstigen i Møre og Romsdal er ein av mange fylkesvegar som treng utbetring. Denne vegen er i tillegg ein Nasjonal turistveg.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Fryktar konsekvensane

Risikoen for å bli drepne eller hardt skadd på fylkesvegane er nesten 90 prosent høgare enn på riksvegane. Det viser ulykkesstatistikken for 2018 til 2021, ifølge Vegvesenet.

Den største årsaka til alvorlege trafikkulykker på riksvegane er møteulykker. På fylkesvegane er det utforkøyringar som er utfordringa.

Fylkesordføraren i Møre og Romsdal er bekymra for kva som vil skje dersom vedlikehaldet ikkje blir prioritert høgare.

– Då vil det bli farlegare å ferdast rundt om i landet. Vi klarer ikkje å nå nullvisjonen om null drepne i trafikken. og vi klarer heller ikkje å møte det ekstremvêret vi ser kjem i framtida.

Fylkesordfører i Vestland, Jon Askeland (Sp).

Fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland, seier dei no blant anna ber om ei tredobling av midlane til rassikring av fylkesvegane.

Foto: Oskar Rennedal / NRK

Også fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland, er bekymra.

Viss ikkje vi får midlar no, då greier vi ikkje å halde tritt med forfallet, og då aukar etterslepet. Då vil vi få endå dårlegare og farlegare fylkesvegar.

Smale vegar skaper problemer

Både yrkessjåførar og pendlarar kvir seg for å køyre på Skifjordvegen i Hyllestad.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Skulle satse på fylkesvegane

I Hurdalsplattformen, som er regjeringa sin samarbeidsavtale, forplikta regjeringa seg til å lage ein plan for å redusere vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegane i samarbeid med fylkeskommunane.

Fylkesordførar Askeland meiner regjeringa no må følge opp dette.

– Vi fylkesordførarar forventar å bli høyrde. Hurdalsplattformen er veldig tydeleg på ei satsing på fylkesvegane. Dette er ei påminning om at no må dei få eit løft. Det har vore lova og snakka om, men pengane har uteblitt, seier Askeland.

Samferdselsdepartementet seier til NRK at dei har motteke brevet frå fylkeskommunene, og at dei no vil sette seg godt inn i arbeidet som er gjort. Dei vil kome tilbake til saka i Nasjonal Transportplan.

Les også Ann Sissel kvir seg kvar gong ho må køyre den smale vegen

Ann Sissel Austgulen

Les også Vil ta 70 år å få ny asfalt på fylkesvegane

Hol i vegen i Fjaler i Vestland fylke

Les også Krever historisk løft for dårlige fylkesveger

Sprekker i asfalten på fylkesveg 60 mellom Grodås og Hellesylt

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL