Hopp til innhold

Christiano (24) angrar på at han ikkje stemte ved kommunevalet

Nye tal frå SSB viser at folk med innvandrarbakgrunn bruker stemmeretten sin sjeldnare enn før. – Skremmande tal, seier arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna (Ap).

Christiano Tshitenge

Christiano Tshitenge angrar på han ikkje brukte stemmeretten sin under kommune- og fylkestingsvalet i 2023.

Foto: Remi Sagen / NRK

Christiano Tshitenge var ein av dei som ikkje stemte ved valet i haust.

– Eg hadde avtalt med alle vennane mine at vi skulle gå og stemme saman. Men så ombestemte dei seg, og då mista eg heilt motivasjonen, fortel Christiano Tshitenge som opphavleg kjem frå Kongo.

Les også Flykta frå Syria i 2015 – suste rett inn i kommunestyret åtte år seinare

Hadeel Jamal Huseen som kom fra Syria i 2015, ble valgt inn i kommunestyret i Gol i 2023.

Tshitenge har vore busett i Ulstein kommune i fem år, og er heilt klar på at han no ikkje har noko han skulle sagt om politikarane vedtek noko han er usamd i.

– Eg kan ikkje klage, for eg brukte ikkje stemmeretten min. Eg hadde sjansen til å stemme på dei eg ville skulle bestemme. Når eg ikkje gjorde det, må eg berre stole på politikarane, seier han.

Valdeltakinga gjekk ned

Nye tal frå SSB viser at berre 25 prosent av utanlandske statsborgarar med stemmerett i Noreg, stemte ved kommune- og fylkestingsvalet i 2023.

Talet for dei utan innvandrarbakgrunn er 69 prosent.

  • Dei som ikkje er norske statsborgarar, men har budd i Noreg i meir enn tre år, har stemmerett ved kommune- og fylkestingsval.
  • Valdeltakinga i denne gruppa gjekk ned frå 31 prosent i 2019 til 25 prosent i 2023.
  • Blant innvandrarar med norsk statsborgarskap nytta 38 prosent stemmeretten i fjor, medan 36 prosent av dei som er norskfødde med innvandrarbakgrunn gjekk til valurnene.
  • Velgarar med innvandrarbakgrunn utgjorde 9,4 prosent av det totale stemmetalet i 2019 og 8,9 prosent i 2023.
Valglokale i Oslo

Færre med innvandrarbakgrunn enn før gjekk til stemmeurnene i 2023.

Foto: Erlend Dalhaug Daae / Erlend Dalhaug Daae

Vi ser at folk med innvandrarbakgrunn i mindre grad nyttar stemmeretten sin enn folk utan innvandrarbakgrunn. Denne gruppa har vokse ganske kraftig i Noreg dei siste 20 åra, men valdeltakinga held seg lav, forklarar førstekonsulent Hans Martin L. Corneliussen i Statistisk sentralbyrå.

– Skremmande

Arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna (Ap) er ikkje fornøgd med tala.

– Det er ikkje bra. Vi treng at folk bruker stemmeretten i demokratiet vårt for at demokratiet skal fungere. Så at deltakinga går ned er skremmande.

Ho meiner det er eit felles ansvar å få opp valdeltakinga i denne gruppa.

– Det handlar grunnleggande sett om to ting. Det eine er at partia må klare å gjere politikken aktuell og engasjere folk både gjennom valkamp og elles. Det andre handlar om tilgjengelegheit: at du forstår kor du skal stemme, veit kor stemmelokala er i din kommune, forstår når det er ope og korleis du skal stemme, seier ho.

Tonje Brenna

Arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna (Ap).

Foto: William Jobling / NRK

– Kva vil du som arbeids- og inkluderingsminister gjere?

– Eg trur at det å vere integrert heng saman med om du stemmer. Så det å ha ein god integreringspolitikk der folk kjem i arbeid og kjenner seg heime i lokalsamfunnet, er viktig. Og så må det vere politiske diskusjonar og debattar som folk kjenner seg igjen i, som gjer at dei får lyst å gå og stemme på valdagen. Det er eit felles ansvar for alle parti.

Les også Låg tillit gjer at få innvandrarar stemmer

Mariam Fahad

Skal stemme neste gang

Christiano Tshitenge meiner at både språk og vanskar med å finne informasjon kan vere barrierar som gjer at innvandrarar ikkje bruker stemmeretten sin.

Han trur også at det er vanskeleg å forstå korleis det norske systemet fungerer, om det er veldig ulikt systemet i landet du kjem frå.

– Det er veldig mykje informasjon på internett. Men det blir kanskje for mykje, og for vanskeleg å sette seg inn i alt. Det er heller ikkje for alle å sette seg ned og sjå ein lang debatt på TV.

Christiano Tshitenge

Christiano Tshitenge trur det kan vere vanskeleg for mange å sette seg inn i det politiske systemet i Noreg.

Foto: Remi Sagen / NRK

Han trur det er viktig med lettfatteleg informasjon om kva partia står for og korleis det norske politiske systemet fungerer. Kanskje også omsett til fleire språk.

– Og så hadde det kanskje vore kjekt å ha med seg ein du stoler på når du stemmer første gang.

– Skal du bruke stemmeretten din neste gang?

– Ja, det er heilt klart, og då skal eg også motivere nokon i familien min og kanskje andre eg kjenner til å stemme, seier Christiano Tshitenge.