Hopp til innhold

Vil ta 70 år å få ny asfalt på fylkesvegane

Det vil ta 70 år før Vestland fylke kjem rundt med ny asfalt på alle vegane. Fylka manglar milliardar til vedlikehald.

Hol i vegen i Fjaler i Vestland fylke

BØTEVON: På fylkesvegen i Fjaler er det dags for ny asfalt.

Foto: Oddgeir Sæle / NRK

Med over 5500 kilometer fylkesveg, har Vestland eit langt lerret å bleike.

Årleg set dei av i underkant av 120 millionar kroner til å legge ny asfalt.

Med ei slik løyving vil det ta 70 år før dei har kome rundt.

Det er langt over anbefalt levetid for eit asfaltdekke, som er maks 20 år.

Som om ikkje det var ille nok, forverrar den sterke prisveksten innan vegsektoren situasjonen ytterlegare.

I Fjaler har familiefaren Hans André Lammetun blitt så van til vestlandske vegar at det ikkje fell naturleg for han å klage. Men likevel:

– Det blir nokre humpete turar.

Det blir mange bilturar på Hans André Lammetun langs dårleg veg.
Foto: Oddgeir Sæle / NRK

Store etterslep

Samla har Noreg over 44.000 kilometer fylkesveg som må haldast ved like.

Viken fylke har eit etterslep på om lag 11 milliardar kroner.

Samferdsleråd i Viken, Olav Skinnes har difor forsøkt få auka løyvingane frå staten til vegane, og få til ein forpliktande plan for midlar til vedlikehald.

– Så langt har vi snakka for døve øyre, seier han.

Les også Krever historisk løft for dårlige fylkesveger

Sprekker i asfalten på fylkesveg 60 mellom Grodås og Hellesylt

I Nordland er ikkje stoda stort betre. Her er etterslepet på om lag 10 milliardar kroner.

Ifølge Lars Petter Kaski, seksjonsleiar drift og vedlikehald i Nordland fylkeskommune tek det i snitt 25 år å få asfalt på alt i fylket.

Det er alvorleg når ein unnlét å halde ved like veg og vegobjekt som fører til at det blir så forfalle at ein til slutt må investere i nytt.

Som han seier: «Man sparer på skillingen og lar dalerne fly».

– Me fryktar at me vil få eit standardfall og ikkje ei standardheving dette året, kommenterer Jon Askeland, fylkesordførar i Vestland.

Fylkesveien på Reinøya

Slik såg fylkesveg 7908 på Reinøya utanfor Tromsø ut i 2021. Den måtte reparerast fordi verken bussen, postbilen eller mjølkebilen ville køyre der.

Foto: Privat

Må lære seg vegen

På ambulansestasjonen i Dale i Sunnfjord står Therese Johnsen og Kenneth Engdal klare for å rykke ut.

– Det er ein utfordring å køyre utrykking, spesielt med pasient i bilen, seier Engdal.

Dei kjenner snart kvar ein dump langs vegen og veit kva dei må styre unna for at turen skal bli best mogleg for pasientane.

– Det er nok meir utfordrande her enn på fine vegar på Austlandet med gulstripe, men vi er van med det og begynner å kjenne vegane ganske godt, seier Johnsen.

– Vi prøver å bli god på dei vegane vi har og hugse kor alle slagholer og ujamnheiter er for å finne den beste køyreruta, fortel Engdal.

På ambulansestasjonen i Dale er dei van ruskete veg.

Ambulansearbeidarane veit kva holer i vegen dei må styre unna.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Vil få bukt med etterslepet

I Hurdalsplattformen har regjeringa erklært at dei vil få på plass ein forpliktande plan for å redusere vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegane.

Leiar i Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget, Erling Sande er uroa over tilstanden på mange av fylkesvegane.

Men budsjettet for komande år er stramt, og å bruke meir pengar er i konflikt med ei frykta renteauke og prisvekst, fortel Sande.

– Difor får vi ikkje løyva so mykje som vi har ambisjonar for det komande året, men vi må jobbe for å få betre og tryggare kvardagsvegar for folk i heile landet.