Hopp til innhold

Kvinne døydde av skadane ho fekk i alvorleg trafikkulykke

Totalt tre personar er no omkomne etter ulykka i Blindheimstunnelen i Ålesund i starten av juni.

Blomster ved Blindheimstunnelen

BLOMSTER: Det blei hengt opp blomster utanfor tunnelen etter ulykka i Blindheimstunnelen i juni. No har ulykka kosta totalt tre liv.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

49 år gamle Janice Karina Buen frå Skien døydde tysdag på Skien sjukehus av skadane ho blei påført i ulykka kvelden den 3. juni i Ålesund. Det skriv Møre og Romsdal politidistrikt i ei pressemelding.

Kvinna har lege innlagt på sjukehus sidan ulykka. Ho blei først frakta til St. Olavs hospital i Trondheim, men seinare flytta til Skien.

Jan Roar Gidske

Politiadvokat Jan Roar Gidske seier at namnet er frigitt i samråd med dei pårørande

Foto: Politi_EAT

Politiadvokat Jan Roar Gidske seier kvinna sovna inn på sjukehuset og at namnet er frigitt i samråd med dei pårørande.

Det tredje dødsofferet etter trafikkulykka blir obdusert.

Det må vere av interesse for politiet å avdekke om skadane er påreknelege med et som skjedde, seier han.

Les også To kvinner omkom etter tunnel-kollisjon i Ålesund

Det har vore ei alvorleg trafikkulukke i Blindheimstunnelen i Ålesund seint fredag kveld

Var på veg heim frå sommarshow

49 år gamle Buen sat i bilen saman med to venninner då ein møtande bil kom over i motsett køyrefelt inne i Blindheimstunnelen på E39 i Ålesund.

Tunnelen ligg om lag ei mil unna Ålesund sentrum, like ved kjøpesenteret Moa. Det er to køyrefelt i tunnelen. Tunnelen måtte stengast i fleire timar etter at dei to bilane hadde kollidert.

Dei tre kvinnene var på veg heim frå eit sommarshow på Teaterfabrikken i Ålesund då ulykka skjedde.

Dei to andre i bilen blei erklært omkomne kort tid etter ulykka. Dei var 51 og 47 år gamle og budde i Ålesund.

Les også Kvinnene omkom da de var på vei hjem fra sommershow

Blindheimstunnelen

Sikta etter ulykka

Den 24 år gamle kvinna som køyrde den andre bilen er tidlegare sikta etter ulykka.

Ho er sikta for å ha vore aktlaus i trafikken og har fått førarkortet beslaglagd.

Så langt har politiet sagt at det ikkje har vore aktuelt å sikte nokon av dei andre som sat i den same bilen. Det var totalt fire personar i 20-åra i denne bilen. Desse blei lettare til moderat skadd i ulykka.

Håper «svart boks» kan gi svar

Politiet har også gjort beslag i saka, blant anna mobiltelefonen til den sikta kvinna.

Magne Kvalvik, politiadvokatt

Politiadvokat Magne Kvalvik seier dei håper den «svarte boksa» i bilane kan gi svar.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Også bilane blir undersøkt som ein del av etterforskinga. Politiet håper at den «svarte boksa» i bilen kan gi svar på årsaka til ulykka.

– I nyare bilar er det ofte verdifull informasjon ein kan hente ut. Vi håper at det kan gi viktige svar om forløpet til ulykka, har politiadvokat Magne Kvalvik i Møre og Romsdal politidistrikt tidlegare uttalt til NRK.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL