Hopp til innhold
Dødsulykke i Blindheimstunnelen 2022
Foto: Tipser

Dødsulykke i Blindheimstunnelen

Oppsummert

Ei kvinne i 20-åra er tiltalt for aktlaust drap og aktlaus køyring etter dødsulykka i Blindheimstunnelen juni 2022.

  • Ankar ikkje dommen

    Heller ikkje statsadvokaten ankar dommen etter dødsulykka i Blindheimstunnelen på Sunnmøre. Det bekreftar aktor Magne Kvalvik til NRK.

    Ei kvinne i midten av 20-åra blei dømd til fengsel i eitt år og åtte månader etter ulykka i fjor sommar der tre kvinner i 40-50-åra mista livet. Straffa er to månader kortare enn det Kvalvik bad om under rettssaka, men statsadvokaten har valt å godta dommen. Den dømde kvinna og bistandsadvokaten til dei pårørande ankar heller ikkje dommen og dermed er den no rettskraftig.

  • Kjem ikkje til å anke

    – Dommen blir ikkje anka frå vår side. Det seier Mette Ekroll Nyland, som er bistandsadvokaten til dei etterlatne etter dødsulykka i Blindheimstunnelen på Sunnmøre.

    Torsdag blei ei kvinne i 20-åra dømd til fengsel i eitt år og åtte månader for aktlaust drap og aktlaus køyring. I juni i fjor kolliderte ho med ein annan bil inne i Blindheimstunnelen i Ålesund. Det førte til at tre kvinner i ein møtande bil mista livet.

    – Tapet til dei etterlatne kan ikkje målast i månader eller år med fengsel, heller ikkje erstatning, seier Ekroll Nyland.

    Kvinna blei også dømd til å betale 170.000 kroner i erstatning til kvar av dei seks etterlatne.

    Straffa kvinna fekk er noko lågare enn det aktor bad om i retten, og det er framleis uklart om han vil anke dommen.

  • Dømt til fengsel

    Ei kvinne i 20-åra er dømd til fengsel i eitt år og åtte månader etter dødsulykka i Blindheimstunnelen på Sunnmøre sommaren 2022. Ho blei også dømd til å miste førarretten for alltid og må betale 170.000 kroner i erstatning til kvar av dei seks pårørande i saka.

    Tre kvinner omkom då to bilar kolliderte inne i tunnelen. I tillegg til dommen må kvinna betale erstatning til dei pårørande.

    Kvinna møtte ikkje sjølv i retten i dag. Ifølge forsvararen til kvinna er ho sjuk og kan ikkje møte.

  • Tre omkom - i dag kjem domen

    I dag kjem domen mot ei kvinne i 20-åra som er tiltalt for aktlaust drap og aktlaus køyring etter ei dødsulykke i Blindheimstunnelen i Ålesund i fjor sommar. Kvinna kom over i feil køyrefelt og kolliderte med ein møtande bil, og tre kvinner i 40 og 50-åra omkom i kollisjonen på E39. I tillegg blei kvinna i 20-åra og dei tre passasjerane hennar skadde. Aktor la ned påstand om fengsel i eitt år og ti månader då saka var oppe i tingretten. Der erkjente kvinna straffskuld.

    Blomster ved Blindheimstunnelen etter dødsulykka.
    Foto: Øyvind Sandnes / NRK
  • Vanskeleg sak

    Mette Ekroll Nyland, bistandsadvokat til dei pårørande, seier det har vore krevjande for dei etterlatne å følge rettssaka etter dødsulykka i Blindheimstunnelen.

    – Alt blir snudd opp igjen og dei får det tapet dei kjenner på i kvardagen på nært hald. Likevel er det positivt at gjennomføringa har vore gjort med respekt. Det er vanskeleg for dei etterlatne og sjå at forslaget til straff er det same resultatet når tre menneskeliv har gått tapt. Men dei var førebudd på det i og med at det er i tråd med rettspraksis, seier ho.

    Aktor Magne Kvalvik seier det er vanskeleg å vurdere straffeutmålinga. Han ber om eitt år og ti månader fengsel for den tiltalte kvinna i 20-åra.

    – Det er ein forskjell på det vi som menneske kan forvente av ei slik sak og det som er rettspraksis. Her har eg lagt vekt på at det var tre døde i ein bil og fire skadde i den andre. Eg meiner det rettferdiggjer eit utgangspunkt på to år, med strafferabatt for å ha erkjent straffeskuld.

  • Dom klar om litt over ei veke

    Dommen etter dødsulykka i Blindheimstunnelen blir forkynt neste torsdag klokka 09.00, opplyser hovuddommar Øyvind Panzer Iversen.

    Den tiltalte sjåføren pliktar å møte der.

    Øyvind Panzer Iversen
    Foto: Remi Sagen / NRK
  • Forsvarar ber om lågare straff for den unge sjåføren

    Forsvarar Reidar Andresen ber om at den tiltalte sjåføren blir dømt så mildt som råd. Han meiner korrekt straff for den unge sjåføren ligg rundt 1 år og tre til seks månader i fengsel. Han ber også om at inntil seks månader av straffa blir på vilkår.

    Andresen meiner sjåføren ikkje bør misse førarkortet for alltid, men heller i rundt fire år.

    Han omtalte ulykka som ein tragedie og sa at den 25 år gamle kvinna ikkje er nokon kynisk drapsmann.

    Kvinna vedgjekk straffskuld på første dag i retten.

  • Meiner konklusjonen til vegvesenet ikkje held

    Forsvarar Reidar Andresen meiner det ikkje er bevist at den unge sjåføren køyrde så fort som vegvesenet meiner.

    Vegvesenet har konkludert med at farta var mellom 100 og 120 km/t rett før kollisjonen.

    Andresen seier at det er vanskeleg å bevise at kvinna køyrde fortare enn 100 km/t.

    Han meiner det heller ikkje er bevist at den unge sjåføren var involvert i ei nesten-ulykke rett før dødsulykka.

    Rettssaka etter dødsulykka i Blindheimstunnelen i Ålesund i fjor starta i dag.
    Foto: Remi Sagen / NRK
  • Bistandsadvokat ber om erstatning til borna

    Bistandsadvokat Mette Ekroll Nyland ber om at den tiltalte kvinna må betale inntil 170 000 kroner til kvar av dei etterlatne.

    Dei tre kvinnene som omkom i Blindheimstunnelen etterlet seg til saman seks barn.

    Bistandsadvokat er Mette Ekroll Nyland under rettssaka etter dødsulykka i Blindheimstunnelen.
    Foto: Remi Sagen / NRK