Hopp til innhold

Ekspertar går hardt ut mot prestisjeprosjektet

Ekspertane seier store delar av fiskesperra i lakseelva Driva bør byggast på nytt. Miljødirektoratet meiner enkle justeringar kan redde prosjektet til 60 millionar.

Laksesperra i Driva da den ble montert

PRESTISJEPROSJEKT: Slik såg det ut då rista blei montert på fiskesperra. No skaper den trøbbel for Miljødirektoratet.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Norges største fiskesperre er bygd i Driva, for å hindre at laksen kjem seg oppover i elva. Sperra er bygd for å bli kvitt parasitten gyrodactylus salaris i den nasjonale lakseelva.

Laksesperre i elva

RENN OVER: Vatnet skal renne gjennom rista i sperra, men no er den så tett at det fossar over.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Måndag er det offisiell opningsseremoni, sjølv om fiskesperra ikkje fungerer som den skal.

NRK har tidlegare fortalt at rusk har tetta rista i sperra, noko som sår tvil om den faktisk vil hindre laksen i å passere.

Berre små justeringar

Portrett av mann

VIL JUSTERE: Jarle Steinkjer i Miljødirektoratet hadde ikkje venta at fiskesperra skulle bli tett av rusk.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Miljødirektoratet meiner det skal gå greitt å løyse problema.

– Vi må modifisere rista på sperra. Den er for finmaska, så mose og gras festar seg i den, seier prosjektleiar, Jarle Steinkjer.

Løysinga blir å fjerne tverrspilane i rista, for at den ikkje skal bli tett.

– Ikkje nok, seier ekspertane

– For meg ser det ut som at det må ganske store endringar til, for at dette skal fungere, seier Hans Petter Fjeldstad.

Hans Petter Fjeldstad

TRAGISK: Hans Petter Fjeldstad har doktorgrad i fiskevandring. Han seier det er tragisk at fiskesperra kanskje ikkje fungerer.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Fjeldstad har doktorgrad i tekniske løysingar for laksevandring. Det var han som i 2001 peika ut plassen sperra burde stå, men han har ikkje blitt spurt om råd etter det.

Han får støtte av Egil Lund, som seier det kan koste millionar å rette opp feila.

Egil Lund

OPPGITT: Egil Lund er biolog og har vore med på fleire prosjekt med fiskesperrer. Han trur sperra vil skade fisken.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Det å ta med ein vinkelslipar og kappe litt i rista vil ikkje føre fram. Det er like greitt å innrømme kva som har skjedd og gjere dette skikkeleg, seier Egil Lund.

– Mykje av det her må bli bygd på nytt. Jo raskare ein innrømmer at det er problem, desto raskare får ein fiksa vassdraget, legg han til.

Burde bedt om råd

Hans Petter Fjeldstad er ein del av eit fagmiljø som har mykje kompetanse på dette feltet. Fleire NRK har snakka med er overraska over at Miljødirektoratet ikkje har gått breitt ut for å be om innspel.

– Eg har forhøyrt meg med dei eg har kontakt med, men ingen av dei har blitt spurd, seier Fjeldstad.

Jarle Steinkjer i Miljødirektoratet seier dei har hatt god kompetanse i alle ledd av prosjektet.

– Alle prosessane har vore ute på anbod for å få tak i dei beste på alle område, presiserer han.

Fjeldstad vil ikkje kritisere Sweco, selskapet som har prosjektert og bygd fiskesperra, men synast likevel Miljødirektoratet burde henta inn enda meir kompetanse.

– Det er eit stort, tverrfagleg prosjekt. Då er det alltid ein god ide å trekke inn så mange fagområde og personar som mogleg, seier Fjeldstad.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL