Hopp til innhold

Kritisk til uferdig fiskesperre

– Fire dagar stopp er det ein kan strekke seg til i nødsfall, seier biolog Egil Lund om det uferdige fangsthuset i Driva. Når alt er på plass i august har det gått over ein månad.

Fangsthus ved fiskesperra i Driva

Fangsthuset ved fiskesperra i Driva skulle vere klart samtidig som sperra. Slik såg huset ut under den offisielle opningsseremonien.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

Fiskesperra i Driva skal hindre laks med gyrosmitte frå å ta seg opp i vassdraget. Men elva har også fleire spesielle stammar med sjøaure, som må komme seg opp fordi dei har gyteplass over sperra.

Risikerer å miste ei årgang

Eit fangsthus og ei fisketrapp ved elvebredda er planlagt for å hjelpe sjøauren, men det er ikkje klart. Problematisk, meiner biolog Egil Lund.

Egil Lund

Biolog Egil Lund meiner det er viktig å legge til rette gode forhold for sjøauren.

Foto: Eirik Haukenes / NRK
Ståle Refstie

Ordførar Ståle Refstie under opninga av fiskesperra.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

– Elva ovanfor sperra skal tømmast for laks. Laksen er berar av gyroparasitten, så den må bort. Sjøauren er ikkje berar av gyro så det er ikkje noko i vegen for at den kan vere på oversida av sperra.

Men da må sjøauren fysisk bli flytta oppover.

– Sjøauren leies opp ei fisketrapp og kjem så ned i eit fangsthus. I prosessen blir fisken vaska av saltvatnet, blir fri for gyro og kan sleppas opp, seier Lund.

Ordføraren i Sunndal, Ståle Refstie er einig i at fangsthuset må komme på plass kjapt.

– Vi er veldig opptatt av at fangsthuset kjem på plass. Det er eit absolutt krav frå oss at auren skal bli tatt vare på med eit fangsthus og at dei får retta opp rista slik at sperra fungerer. Og det fort som råd for å vareta auren slik at vi ikkje mister ein årgang, understrekar Refstie.

Klart i løpet av sommaren

Fiskesperra er tatt i bruk, så no skal ikkje fisk kome seg oppover i elva. Men fangsthuset er ikkje klart for å hjelpe sjøauren. Anne Kristin Jøranlid i Miljødirektoratet seier at det kjem.

Anne Kristin Jøranlid

Anne Kristin Jøranlid i miljødirektoratet lovar at fangsthuset skal stå klart i løpet av sommaren.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Fangsthuset ligg litt etter planen, men skal stå klart i løpet av sommaren. Vi begynner å sleppe opp aure i august, seier Jøranlid.

Jøranlid kan ikkje seie noko om kva som har forsinka bygginga, men forsikrar om at dei har pengane som trengst for å få til det.

– Oppstarten skulle ha vore fyste juli og er nokre veker forsinka, men det er budsjettert med og ikkje økonomiske grunner til at det er forsinka, forklarar ho.

Framleis kritisk

Biologen er framleis kritisk til forsinkinga, for sjøauren som no er sperra av frå gyteplassen treng lang tid til å kome seg dit. Han seier fire dagar stopp frå sperra blei sette opp er det ein kan strekke seg til i nødsfall. Så å halde sjøauren innesperra i fleire månader utan tilgang på mat er ikkje bra.

– Sjøauren treng tid til å komme seg til gyteplassane og blir då hindra av miljødirektoratet i å gjere det.

Ordføraren er framleis klar på krava til Miljødirektoratet.

– Det er å få det på plass med ein gong. Klarar dei det i løpet av juli, trur eg vi er vi i rute, men da må dei gjere det, seier Refstie.