Ombyggingar på fleire millionar
Utbetringar av miljødirektoratet si omstridde fiskesperre i elva Driva i Sunndal, vil koste rundt sju millionar kroner. Fiskesperra opna i fjor, men rusk i vatnet tetta rista. Mykje måtte difor endrast på konstruksjonen som allereie hadde kosta 60 millionar kroner. I tillegg til ei ny rist har det også blitt sett opp nye bremser for straumen, nedanfor sjølve brua og sperra. – Når vi først måtte ha ei ny rist så har vi også betra konstruksjonen for å hindre at fisk skal kome gjennom, seier Helge Rønning, prosjektleiar XPRO. Arbeidet skal vere ferdig i løpet av påska, men då har forbetringane på det som var ein heilt ny konstruksjon kosta fleire millionar kroner.