NRK Meny
Normal

Fiskesperre skaper bry for bøndene

Fiskesperra i Driva gjer at gardbrukarar i Sunndal er bekymra for tilgang på vatn og seier at dyra kan bli skadelidande.

Erlig Snøva diskuterer med Jarle Steinkjer frå Miljødirektoratet

Bonde Erlig Snøva meiner miljødirektoratet ikkje har gjort nok for å sikre tilgang til vatn til gardane like over sperra.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

I samband med bygging av fiskesperra i vassdraget Driva har Miljødirektoratet bygd eit påkosta pumpesystem – for å sørge for nok, reint vatn til dei som bor like ved.

Grunneigarane er redd systemet ikkje vil fungere godt nok, og er bekymra for manglande reserveløysingar.

80 kyr utan vatn

Prestisjeprosjektet til 60 millionar har ført til uvisse om gardbrukarane har sikker tilgang på vatn i åra som kjem. Det er problematisk både for dei og dyra.

– Det er ille nok for oss, men tenk på 80 kyr som ikkje får vatn, seier bonde Erling Snøva.

I dag får dei vatn frå ei kjelde som ligg tett opp til vassdraget. Ein annan grunneigar i området, Ingunn Sneva, fryktar konsekvensane dersom elva blir for stor. Då vil ikkje pumpa fungere.

– Når elva blir stor, får vi elvevatn opp. Det finst ikkje anna reserveløysing enn det Miljødirektoratet står ansvarleg for.

Fiskesperre Driva

FISKESPERRA: Det moderne vassanlegget har ein prislapp på 60 millionar kronar.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

Prosjektleiar Jarle Steinkjer meiner bøndene skal vere dekt.

– Ja, dei har topp moderne vassanlegg med høgdebasseng og det heile. Det er framleis noko uvisse grunneigarane har trekt fram som vi skal sjå nærmare på, seier Steinkjer.

Les også:

Lite inkludert

Grunneigarane meiner dei ikkje hadde trengt å vere usikre dersom dei hadde vore meir inkludert og blitt lytta til i planlegginga.

– Vi føler oss frykteleg tilsidesett og unner ikkje vår verste fiende å vere med på denne prosessen, seier Snøva.

Jarle Steinkjer i diskusjon om fiskesperra i Driva

Prosjektleiar frå Miljødirektoratet, Jarle Steinkjer, tok seg tid til å lytte til protestane.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

Partane er ueinige om miljødirektoratet har vore flinke nok til å inkludere dei lokale.

– Vi meiner vi har vore det, men beklagar dersom nokon føler dei ikkje har blitt involvert i tilstrekkeleg grad. Dette er eit stort prosjekt og det er mange omsyn å ta, men vi har prøvd å gi så mykje informasjon vi har hatt moglegheit til, fortel Steinkjer.

Sjølv om Miljødirektoratet seier dei skal sjå nærare på bekymringane til grunneigarane, meiner dei at vatn ikkje skal vere eit problem med det første.

– Slik som det er no, har vi ein beredskap som skal sørge for at der er vatn til ein kvar tid.

Grunneigarane er ikkje like overtydde, og oppfordringa er tydeleg.

– Dei bør finne ei løysing som sikrar at vi har vatn, seier Snøva.